close
Hopp til innhald

Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Eurovision (fleirtyding).
Eurovision Song Contest
SjangerMusikktevling
SkaparMarcel Bezençon
ProgramleiararSjå programleiarar
Kjenningsmelodi-
komponist
Marc-Antoine Charpentier
KjenningsmelodiTe Deum
LandSjå land
SpråkEngelsk og fransk
StaderSjå vertsbyar
Varigskap2 timar (kvar semifinale)
3 timar og 30 minutt (finalen)
ProduksjonsselskapDen europeiske kringkastingsunionen
DistributørEurovision
Bileteformat576i (SDTV) (1956–i dag)
1080i (HDTV) (2007–i dag)
Sendt24. mai 1956–i dag
Nettstad
eurovision.tv

Eurovision Song Contest (ESC) er den årlege musikktevlinga til Eurovision. Han har vorte arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), sidan 1956.

Kvart medlemsland kan sende ein song som vert sunge på direktesendt fjernsyn og deretter vert røysta på av dei andre deltakarlanda, for å finne den mest populære songen i tevlinga. Tevlinga har vorte kringkasta kvart år sidan 1956 og er eit av dei eldste fjernsynsprogramma i verda. Det er òg ein av dei mest sette ikkje-sportslege hendingane i verda, og dei siste åra har publikumstala vore på mellom 100 til 600 millionar internasjonalt. Eurovision Song Contest vert òg kringkasta utanfor Europa, til dømes i Argentina, Australia, Brasil, Canada, Kina, Colombia, Egypt, India, Japan, Jordan, Mexico, New Zealand, Filippinane, Sør-Korea, Taiwan, Thailand, Uruguay og Venezuela til tross for at dei ikkje deltek. Sidan 2000 har tevlinga òg vorte kringkasta over Internett. I 2006 såg meir enn 74 000 personar i nesten 140 land tevlinga på Internett.

Poenggjevinga i Eurovision Song Contest har skjedd etter fleire ulike system opp gjennom historia, men i dag gjev kvart land poeng i følgjande verdiar etter telefonrøysting: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 12. Dersom to eller fleire land står med likt tal poeng til slutt, vinn det landet som har motteke poeng frå flest land. Er stillinga framleis lik, vil tal på mottekne 12-poengarar avgjera, deretter 10-poengarar og så vidare vera avgjerande.

Tradisjonelt arrangerer vinnarlandet tevlinga året etter, vanlegvis ein laurdag i midten av mai i form av eit rundt tre timar langt fjernsynsshow.

Noreg i Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Noreg i Eurovision Song Contest.

Noreg har delteke sidan 1960, då Nora Brockstedt deltok med songen «Voi Voi», og vunne tre gongar: I 1985 med Bobbysocks sin song «La det swinge», i 1995 med Secret Garden sin song «Nocturne» og i 2009 med Alexander Rybak sin song «Fairytale». Uttakinga av den norske deltakaren skjer gjennom Melodi Grand Prix.

BERJAYA
Deltaking sidan 1956: ██ Land som har vore med minst éin gong ██ Land som aldri har delteke, men har høve til det ██ Land som aldri har delteke, men meldt seg på

For å kunne delta må landet vere aktiv medlem i EBU. Aktive medlemmar er dei landa som ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet eller er medlem i Europarådet.[1]

Det europeiske kringkastingsområde er definert av Den internasjonale teleunionen som:[2]

«Den vestlege grensa til Det europeiske kringkastingsområde går ved den vestlege grensa til Region 1, den austlege ved lengdegraden 40° aust for Greenwich og den sørlege ved breiddegraden 30° nord og inkluderer den vestlege delen av Sovjetunionen, den nordlege delen av Saudi-Arabia og delar av landa som omkrinsar Middelhavet innanfor desse grensene. I tillegg er Irak, Jordan og den delen av Tyrkia som ligg utanfor dei overnemnte grensene inkludert i Det europeiske kringkastingsområde».[3]

Den vestre grensa til Region 1 er trekt vest for Island.

Kva for land som kan delteke er ikkje stadfesta av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje noko samband med Den europeiske unionen (EU). Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel, Kypros og Armenia i Vest-Asia og Marokko i Nord-Afrika. Kypros og Armenia er medlemmar av Europarådet og Kypros òg medlem i EU. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av sitt territorium i Europa delteke: Tyrkia, Russland, Georgia og Aserbajdsjan.[4] I 2015 fekk Australia i Oseania for første gong vere med i tevlinga på grunn av 60-årsjubiléet, trass i at landet ligg utanfor Det europeiske kringkastingsområde og ikkje er aktiv medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.[5] Australia har delteke i ESC kvart år sidan.

52 land har delteke minst éin gong, medan to land, Tunisia og Libanon, har meldt seg på, men trekt seg før tevlinga starta.[6] I tillegg har to av landa vorte oppløyst, fyrst Jugoslavia som seinare vart til Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Slovenia, Makedonia og Serbia og Montenegro, og så Serbia og Montenegro som seinare vart til Serbia og Montenegro. I 1990 vart Vest-Tyskland sameint på nytt med Aust-Tyskland og landet fekk namnet Tyskland, som dei har delteke med sidan 1991.


ÅrLand som debuterte i tevlinga
1956BERJAYA Belgia, BERJAYA Frankrike, BERJAYA Vest-Tyskland, BERJAYA Italia, BERJAYA Luxembourg, BERJAYA Nederland, BERJAYA Sveits
1957BERJAYA Austerrike, BERJAYA Danmark, BERJAYA Storbritannia
1958BERJAYA Sverige
1959BERJAYA Monaco
1960BERJAYA Noreg
1961BERJAYA Finland, BERJAYA Spania, BERJAYA Jugoslavia
1964BERJAYA Portugal
1965BERJAYA Irland
1971BERJAYA Malta
1973BERJAYA Israel
1974BERJAYA Hellas
1975BERJAYA Tyrkia
1980BERJAYA Marokko
1981BERJAYA Kypros
1986BERJAYA Island
1993BERJAYA Bosnia-Hercegovina, BERJAYA Kroatia, BERJAYA Slovenia
1994BERJAYA Estland, BERJAYA Ungarn, BERJAYA Litauen, BERJAYA Polen, BERJAYA Romania, BERJAYA Russland, BERJAYA Slovakia
1998BERJAYA Makedonia
2000BERJAYA Latvia
2003BERJAYA Ukraina
2004BERJAYA Albania, BERJAYA Andorra, BERJAYA Kviterussland, Fil:EuroSerbia-Montenegro.svg Serbia og Montenegro
2005BERJAYA Bulgaria, BERJAYA Moldova
2006BERJAYA Armenia
2007BERJAYA Tsjekkia, BERJAYA Georgia, BERJAYA Montenegro, BERJAYA Serbia
2008BERJAYA Aserbajdsjan, BERJAYA San Marino
2015BERJAYA Australia
For meir om dette emnet, sjå Vertsbyar for Eurovision Song Contest.

Dei fleste land får arrangementet dekt av kommersielle sponsorar og bidrag frå dei andre deltakarlanda. Tevlinga vert sett på som ein unik moglegheit til å fremme vertslandet som turistdestinasjon. Sumaren 2005 avskaffa Ukraina normal visumplikt for besøkande frå Den europeiske unionen (EU) fordi tevlinga vart halden i hovudstaden Kiev.

Forbredingane til tevlinga startar nokon veker etter at vinnarlandet bekreftar at dei har kapasitet til å arrangere tevlinga. Vertsbyen er som oftast hovudstaden. Dei to største arenaene var Parken i København, med plass til 38 000 personar, då Danmark var vertsland i 2001, og Düsseldorf Arena i Düsseldorf, med plass til 36 000 personar, då Tyskland var vertsland i 2011. Den minste byen som har arrangert tevlinga er Millstreet i Irland. Landsbyen som berre har 1 500 innbyggjarar arrangerte tevlinga i 1993 i Green Glens Arena, som har plass til 8 000 personar.

BERJAYA
Vinnarar.
For meir om dette emnet, sjå Vinnarar av Eurovision Song Contest.
ÅrVertsbyVinnarlandArtistVinnarsongSpråk
1956BERJAYA LuganoBERJAYA SveitsLys Assia«Refrain»Fransk
1957BERJAYA Frankfurt am MainBERJAYA NederlandCorry Brokken«Net als toen»Nederlandsk
1958BERJAYA HilversumBERJAYA FrankrikeAndré Claveau«Dors mon amour»Fransk
1959BERJAYA CannesBERJAYA NederlandTeddy Scholten«Een beetje»Nederlandsk
1960BERJAYA LondonBERJAYA FrankrikeJacqueline Boyer«Tom Pilibi»Fransk
1961BERJAYA CannesBERJAYA LuxembourgJean-Claude Pascal«Nous les amoureux»Fransk
1962BERJAYA LuxembourgBERJAYA FrankrikeIsabelle Aubret«Un premier amour»Fransk
1963BERJAYA LondonBERJAYA DanmarkGrethe og Jørgen Ingmann«Dansevise»Dansk
1964BERJAYA KøbenhavnBERJAYA ItaliaGigliola Cinquetti«Non ho l'età»Italiensk
1965BERJAYA NapoliBERJAYA LuxembourgFrance Gall«Poupée de cire, poupée de son»Fransk
1966BERJAYA LuxembourgBERJAYA AusterrikeUdo Jürgens«Merci Chérie»Tysk
1967BERJAYA WienBERJAYA StorbritanniaSandy Shaw«Puppet on a String»Engelsk
1968BERJAYA LondonBERJAYA SpaniaMassiel«La, la, la»Spansk
1969BERJAYA MadridBERJAYA SpaniaSalomé«Vivo cantando»Spansk
BERJAYA FrankrikeFrida Boccara«Un jour, un enfant»Fransk
BERJAYA NederlandLennie Kuhr«De troubador»Nederlandsk
BERJAYA StorbritanniaLulu«Boom Bang a Bang»Engelsk
1970BERJAYA AmsterdamBERJAYA IrlandDana«All Kinds of Everything»Engelsk
1971BERJAYA DublinBERJAYA MonacoSéverine«Un banc, un arbre, une rue»Fransk
1972BERJAYA EdinburghBERJAYA LuxembourgVicky Leandros«Apres toi»Fransk
1973BERJAYA LuxembourgBERJAYA LuxembourgAnne-Marie David«Tu te reconnaitras»Fransk
1974BERJAYA BrightonBERJAYA SverigeABBA«Waterloo»Engelsk
1975BERJAYA StockholmBERJAYA NederlandTeach-In«Ding-a-Dong»Engelsk
1976BERJAYA HaagBERJAYA StorbritanniaBrotherhood of Man«Save Your Kisses For Me»Engelsk
1977BERJAYA LondonBERJAYA FrankrikeMarie Myriam«L'oiseau et l'enfant»Fransk
1978BERJAYA ParisBERJAYA IsraelIzhar Cohen«A-ba-ni-bi»Hebraisk
1979BERJAYA JerusalemBERJAYA IsraelMilk and Honey og Gali«Hallelujah»Hebraisk
1980BERJAYA HaagBERJAYA IrlandJohnny Logan«What’s Another Year»Engelsk
1981BERJAYA DublinBERJAYA StorbritanniaBucks Fizz«Making Your Mind Up»Engelsk
1982BERJAYA HorrogateBERJAYA Vest-TysklandNicole«Ein bißchen frieden»Tysk
1983BERJAYA MünchenBERJAYA LuxembourgCorinne Hermès«Si la vie est cadeau»Fransk
1984BERJAYA LuxembourgBERJAYA SverigeHerreys«Diggi-Loo Diggi-Ley»Svensk
1985BERJAYA GöteborgBERJAYA NoregBobbysocks«La det swinge»Norsk
1986BERJAYA BergenBERJAYA BelgiaSandra Kim«J'aime la vie»Fransk
1987BERJAYA BrusselBERJAYA IrlandJohnny Logan«Hold Me Now»Engelsk
1988BERJAYA DublinBERJAYA SveitsCéline Dion«Ne partez pas sans moi»Fransk
1989BERJAYA LausanneBERJAYA JugoslaviaRiva«Rock Me, Baby»Serbokroatisk
1990BERJAYA ZagrebBERJAYA ItaliaToto Cutugno«Insieme: 1992»Italiensk
1991BERJAYA RomaBERJAYA SverigeCarola Häggkvist«Fångad av en stormvind»Svensk
1992BERJAYA MalmöBERJAYA IrlandLinda Martin«Why Me?»Engelsk
1993BERJAYA MillstreetBERJAYA IrlandNiamh Kavanagh«In Your Eyes»Engelsk
1994BERJAYA DublinBERJAYA IrlandPaul Harrington og Charlie McGettigan«Rock’n Roll Kids»Engelsk
1995BERJAYA DublinBERJAYA NoregSecret Garden«Nocturne»Norsk
1996BERJAYA OsloBERJAYA IrlandEimear Quinn«The Voice»Engelsk
1997BERJAYA DublinBERJAYA StorbritanniaKatrina and The Waves«Love Shine a Light»Engelsk
1998BERJAYA BirminghamBERJAYA IsraelDana International«Diva»Hebraisk
1999BERJAYA JerusalemBERJAYA SverigeCharlotte Nilsson«Take Me to Your Heaven»Engelsk
2000BERJAYA StockholmBERJAYA DanmarkOlsen Brothers«Fly on the Wings of Love»Engelsk
2001BERJAYA KøbenhavnBERJAYA EstlandTanel Padar og Dave Benton«Everybody»Engelsk
2002BERJAYA TallinnBERJAYA LatviaMarija Naumova«I Wanna»Engelsk
2003BERJAYA RigaBERJAYA TyrkiaSertab Erener«Everyway That I Can»Engelsk
2004BERJAYA IstanbulBERJAYA UkrainaRuslana«Wild Dances»Engelsk og ukrainsk
2005BERJAYA KievBERJAYA HellasÉlena Paparízou«My Number One»Engelsk
2006BERJAYA AtenBERJAYA FinlandLordi«Hard Rock Hallelujah»Engelsk
2007BERJAYA HelsingforsBERJAYA SerbiaMarija Šerifović«Molitva»Serbisk
2008BERJAYA BeogradBERJAYA RusslandDima Bilan«Believe»Engelsk
2009BERJAYA MoskvaBERJAYA NoregAlexander Rybak«Fairytale»Engelsk
2010BERJAYA BærumBERJAYA TysklandLena Meyer-Landrut«Satellite»Engelsk
2011BERJAYA DüsseldorfBERJAYA AserbajdsjanEll & Nikki«Running Scared»Engelsk
2012BERJAYA BakuBERJAYA SverigeLoreen«Euphoria»Engelsk
2013BERJAYA MalmöBERJAYA DanmarkEmmelie de Forest«Only Teardrops»Engelsk
2014BERJAYA KøbenhavnBERJAYA AusterrikeConchita Wurst«Rise Like a Phoenix»Engelsk
2015BERJAYA WienBERJAYA SverigeMåns Zelmerlöw«Heroes»Engelsk
2016BERJAYA StockholmBERJAYA UkrainaJamala«1944»Engelsk og krimtatarisk
2017BERJAYA KievBERJAYA PortugalSalvador Sobral«Amar pelos dois»Portugisisk
2018BERJAYA LisboaBERJAYA IsraelNetta Barzilai«Toy»Engelsk
2019BERJAYA Tel AvivBERJAYA NederlandDuncan Laurence«Arcade»Engelsk
2020BERJAYA RotterdamTevling avlyst
2021BERJAYA RotterdamBERJAYA ItaliaMåneskin«Zitti e buoni»Italiensk
2022BERJAYA TorinoBERJAYA UkrainaKalush Orchestra«Stefanija»Ukrainsk
2023BERJAYA LiverpoolBERJAYA SverigeLoreen«Tattoo»Engelsk
2024BERJAYA MalmöBERJAYA SveitsNemo«The Code»Engelsk
2025BERJAYA BaselBERJAYA AusterrikeJJ«Wasted Love»Engelsk
2026BERJAYA WienBERJAYA BulgariaDara«Bangaranga»Engelsk

Spania, Frankrike, Nederland og Storbritannia vann tevlinga i 1969 av di det ikkje var nokon reglar for kva som skjer om fleire land får like mange poeng. Med reglane ein nyttar i dag ville Frankrike vunne.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest