Australia i Eurovision Song Contest 2015
| Eurovision Song Contest 2015 | ||
|---|---|---|
| Land | ||
| Offisielt | Australia | |
| Kringkastar | Special Broadcasting Service | |
| Nasjonal uttaking | ||
| Uttaking | Intern | |
| Dato(ar) | Artist 4. mars 2015 | |
| Artist(ar) | Guy Sebastian | |
| Song | Tonight Again | |
| Språk | Engelsk | |
| Låtskrivar(ar) | Guy Sebastian David Ryan Harris Louis Schoorl | |
| Resultat | ||
| Semifinalepoeng | X | |
| Semifinaleplass | X | |
| Finalepoeng | 196 | |
| Finaleplass | 5 | |
Australia debuterte i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike med ein song av Guy Sebastian.[1][2] Bidraget vart valt internt av Special Broadcasting Service.[1]
10. februar 2015 annonserte Den europeiske kringkastingsunionen at Australia ville debutere i tevlinga.[1] Deltakinga var då rekna som eit eingongstilfelle i høve 60-årsjubiléet til Eurovision Song Contest.[1] Landet var direktekvalifisert til finalen, og skulle røyste å både semifinalane og finalen.[1] Special Broadcasting Service måtte i tillegg sende alle tre sendingane direkte.[1] Om Australia vann Eurovision Song Contest 2015 ville landet fått høve til å arrangere tevlinga i ein by i Det europeiske kringkastingsområde saman med ein kringkastar som er aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 7 «Australia to compete in the 2015 Eurovision Song Contest» (på engelsk). Eurovision.tv. 10. februar 2015. Henta 12. februar 2015.
- ↑ «Guy Sebastian to compete for Australia at the Eurovision Song Contest» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 5. mars 2015.
