close
Hopp til innhald

Neoarkeikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neoarkeikum
2800–2500 million år sidan
4500 
4000 
3500 
3000 
2500 
2000 
1500 
1000 
500 
0 
 
 
 
Vertikal akseskala: Millionar år sidan

Neoarkeikum er ein geologisk æra i eonet arkeikum. Det strekkjer seg frå perioden for 2800 millionar år sidan til 2500 millionar år sidan. Perioden er definert kronometrisk og ikkje etter visse berglag eller paleontologiske hendingar på jorda. Fotosyntesen og danninga av oksygen skal ha oppstått i denne æraen, som seinare førte til oksygenkatastrofen i paleoproterozoikum. Oksygenproduserande fotoautotrofe organismar, som utvikla seg tidlegare i neoarkeikum, skapte eit giftig høgt nivå av oksygen i atmosfæren.

Arkeikum
Eoarkeikum Paleoarkeikum Mesoarkeikum Neoarkeikum