Horten kommune
| Horten kommune | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestfold | ||
| Adm.senter | Horten | ||
| Areal | 70,96 km² | ||
| • land | 69,11 km² | ||
| • vatn | 1,85 km² | ||
| Folketal | 28 173 (1. januar 2026) | ||
| Målform | bokmål | ||
| Ordførar | Christina Maria Bratli (Ap) | ||
| Kommunenr. | 3901 | ||
![]() Horten 59°25′15″N 10°25′58″E / 59.420830555556°N 10.432780555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Horten, Norway | |||
| Nettstad: www.horten.kommune.no | |||
Horten er ein bykommune i Vestfold som ligg mellom Holmestrand i nord, og Tønsberg i sør.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kommunen har rundt 40 km kystline mot Oslofjorden, med kyststi og fleire store friområde. Han inkluderer tettstadane Horten, Borre, Nykirke, Åsgårdstrand og Skoppum.
Kommunane Borre og Åsgårdstrand blei slått saman i 1965. Borre og Horten kommunar blei slått saman i 1988. Fram til 1. juni 2002 heitte kommunen Borre.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det er funne spor i kommunen etter busetjingar heilt tilbake til steinalderen. Borrehaugane ber vitne om at kommunen var eit maktsenter i vikingtida.
Frå 1582 var Horten ferjestad mellom Horten og Moss.
Byvåpenet til Horten var det fyrste byvåpenet kong Håkon VII godkjente. Det skjedde i 1907.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Universitetet i Søraust-Noreg sin Campus Vestfold, tidlegare Høgskolen i Vestfold ligg på Bakkenteigen, midtvegs mellom Åsgårdstrand og Horten by. Utdanningstaden har eit tett samarbeid med fleire av elektronikkbedriftene i kommunen, og med Befalsskulen for Sjøforsvaret som ligg i Horten by.
Kyrkjer
[endre | endre wikiteksten]Det finst fleire kyrkjer i kommunen, mellom anna Løvøykapellet frå mellomalderen og Horten kyrkje.
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Fotballklubbane Ørn-Horten og Falk kjem frå Horten.
Kjende hortensarar
[endre | endre wikiteksten]- Francis Hagerup (1853-1921), politikar og statsminister
- Astrid Tollefsen (1897-1973), diktar
- Astrid Hjertenæs Andersen (1915-1985), diktar
- Rolv Wesenlund (1936–2013), skodespelar og moromann
- Jørgen Kosmo (1947–2017), politikar og stortingspresident
- Kurt Aust (f. 1955), opphavleg dansk forfattar
- Arne Johan Vetlesen (f. 1960), filosof (Horten, fødd i Oslo)
- Maria Aasen-Svensrud (f. 1980), stortingskvinne (Ap) sidan 2017
- Marie Ulven Ringheim (f. 1999), artist, kjend som «girl in red»
- Vidar Lønn Arnesen, programleiar
- Per Bredesen, norsk fotballspelar
- Grete Kausland, skodespelar og songar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Horten» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2005.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Vestfold å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |


