close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20210923031852/https://benthilde.blogspot.com/2011/11/

mandag, november 28, 2011

Adventspynt

BERJAYA
 Det er koseleg å pynte både ute og inne i adventstida,
og i går, i blesten, var eg ute og laga hjarta og juletre av grangreiner.
Hjarta pynta eg med nokre lerkegreiner og hngde på utedøra.
Julatre stappa eg i ei potte batt det fast i hylla bak.
Skjeivt og skakt vart det, men veldig sjarmerande.
Kanskje det får litt pynt på seg når det nærar seg jul,
og om det fortsatt står på plassen sin.

BERJAYA
Inne i vindaugskarmen har dette flotte piltreet fått plass.
Det er laga av Drude på Søre Skogen, verdens flinkaste pilflettar.
Det er den pynten som er komen på plass hjå meg.
Eg får ta det litt etter litt og så kjem eg vel i mål til slutt.
Ha ei fin adventsveke.
Hildeklem*

torsdag, november 24, 2011

Tida går...

BERJAYA
...og det har blitt meir jul i butikken.
Nå er både søte små englar og nissar komne fram fra eskene sine.

BERJAYA
Sinkstjerner med tall til adventslysa ligg saman med ei lita nissejente
 og ei fyrstikkeske.
Koselege ting du kan pynte med.

BERJAYA
Tøff klokke som kan henge på ein knagg,
og som viser at tida går litt for fort nå fram mot advent og jul.

BERJAYA
Kjekt at du kikkar innom,
og nå skal innlegga komme litt oftare.
Eg har hatt problemer med å få publisert innlegga mine,
men i dag fann eg feilen, hurra.

Ha ein finfin dag!

tirsdag, november 08, 2011

Pittelitt jul....

BERJAYAI butikken er det ikkje mykje jul enno, men pittepittelitt har eg laga til.
Søte soppar på klyper er kjekt å ha både her og der,
og ikkje berre på tre.

BERJAYAFinfin madonna med barn som heller ikkje er julepynt,
men som kan vere det.....

BERJAYADette opphenget har 24 krokar, og kan fint brukast til adventskalender.
Ein pakke til kvar dag, fint innpakka med tal på.

BERJAYASpennande tider me går i møte.
Eg lurer på om nokon lagar pakkekalender til meg???

BERJAYASøte små lykter som kan hengast til pynt.
*
Til helga håper eg at butikken skal vere
godt i gang med advent og julepynt:O)
Treng berre litt ommøblering først....