close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231123035443/https://benthilde.blogspot.com/search/label/sommer%20og%20sol
Viser innlegg med etiketten sommer og sol. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommer og sol. Vis alle innlegg

onsdag, august 01, 2012

Kos

BERJAYA

I helga var det litt sol,
 og både eg og Rasmuspusen er raske med å nyta dei få solstrålene som er .
Mandag fekk eg fine roser av han kjekke B
og eg laga gulrotmuffins.
Fin bursdag.

tirsdag, juli 28, 2009

Kanelboller og andre boller

I idylliske Vikebygd ligg Plassabakeriet,
eller "Plasset" som me seier,
og der får du kjøpt verdens beste snurrekanelboller.
Bollene vert baka i det gamle bakeriet i vedfyrt omn.
*
BERJAYA Inni det vesle raude bakeriet står Bjørn og steiker boller
kvar laurdag heile sommaren.
Du kan lese meir om Plassabakeriet her.
Er du på dei kantar ein sommarlaurdag
så er det verdt å ta turen dit.
*
BERJAYAEg ser at, jammen meg, er det over ei veke siden sist innlegg,
dagane og vekene fer fort avgarde.
Det er mykje som skjer,
og nå er det planlegging av 2 x 40 års feiring til helga.
Mat skal lagast ( eg har baka 130 rundstykker, resten av maten vert laga på fredag),
bordekking skal tenkast ut, pynt skal finnast fram,
underhalding skal planleggjast, og mykje meir er det å tenkje på.
Kaker kjem snille gjester med, så eg skal berre lage 1 kake sjølv.
Me håpar det vert ein kjekk og koseleg fest for familie og venner.
Feira det som feirast kan, er mitt motto:)
*
BERJAYAElles er eg på Frøken Fryd om dagane,
og har meir enn nok å gjere der også.
Det har vore ein travel sommar
med masse koseleg mennesker innom.
Nå er det begynt å komme litt nye varer,
noko er påfyll som snop, pukka te, såper og anna kjekt,
men litt nye ting er også komen til.
Meir kjem uti august og utover hausten.
Gave og interiørmessa skal me på 20-23 aug,
og eg gler meg til å plukke ut nye ting til butikken,
og ikkje minst julevarer.
Eg føler det er litt tidleg å tenke på det nå,
men skal det bli julestemning i butikken
så må det bestillast nå.
Eg håpar at me kan ha sommar ei stund til,
men dei siste vekene har det regna noko så vannvittig her vest.
I dag har eg sett solgløtt, og temperaturen har steget litt.
Eg kryssar fingrane for at sola og varmen er på veg tilbake.
*Sommarklem H*


mandag, juli 20, 2009

Vinduspynt...

....kan vere så mykje.BERJAYA i kjøkenglaset står to vasar fra Fretex med rosa blomar,
*
BERJAYA medan eine stoveglaset har fått stein som pynt.
*
BERJAYApå rekkje og rad fra ei strand i Danmark.
*
BERJAYA fine sommarferieminne.




torsdag, juli 16, 2009

Sommarkjole

Eg har kjøpt meg ein lett og luftig sommarkjole,
og den kan brukast både som vanleg kjole
eller under ein annan kjole.
*
BERJAYASmå detaljar likar eg,
og søtare sikkerhetsnål enn dette skal du leite lenge etter.
Merkelappen med blonde var festa med denne,
og slike tar eg vare på:)
*
BERJAYA Akkurat nå er det ikkje tynn sommarkjolever,
med regnbyger og torden.
Men innimellom er sola framme
og temperaturen er fin.
***
Eg håpar du kosar deg der du er,
og at sola skin.
Klem H

lørdag, juli 04, 2009

Når sommerdagen ligg utover vannet...

...og du og eg har funne oss ei strand...
*
BERJAYA
(bilete er utsikten fra terrassen utover Skjoldafjorden, fredagsmorgon)
*
Det gjere me kvar kveld,
og temperaturen i sjøen er nærast pisselunka
som me sa som ongar:)
*
*Ha ei fin og god sommarhelg du som kikkar innom*
Klem H

tirsdag, juni 30, 2009

Vidunderlege sommarkveldar...

...og dagar,
men dei får eg ikkje nyte på samme måten,
siden eg er på jobb nesten kvar dag.
På terrasse er det herleg å vere om kvelden,
men på dagtid er det altfor varmt i solsteiken.
Eg har nå kjøpt solseil som eg skal prøve å sette opp,
og sjå om det kan gi litt skugge.
*
BERJAYA Rasmuspusen søkjer skugge under bordet på terrassen,
og eg likar å stulle og stelle der ute,
med blomar og nips og naps.
*
BERJAYADenne lykta trong ei oppussing,
og etter at glasa var tatt utav og skrubba,
så fekk ho eit par omgangar med sinkspray.
Nå er det ei sommarlykt i staden for ei julelykt.
*
BERJAYA Om ettermiddagen etter jobb køyrer me til Ålfjorden
og Skjeljavika for å bade.
Det er ein fredeleg plass med sol langt utover kvelden.
Til mi store lukke så oppdaga eg at blåbæra var modne.
Eg må berre hugse å ta med noko å plukke i, neste gang.
Ein vert ganske mett av å spise blåbær...




torsdag, juni 25, 2009

Rop på sommer`n, så kommer`n...

...og jammen meg så hjalp det å rope.
Her er det sommer, sol og varmt,
og med 26 grader i skuggen så er eg fornøgd.
Sjølv om eg er på jobb så er det flott med fint ver:)
*
BERJAYAPå laurdag klarte eg å få med meg 2 loppemarknadar,
først på Stemnestaden i Grinde og så i Vikebygd
der dei selde ut ting fra gamleskulen i lag med "Vikebuen".
Eg fann masse fint og var så fornøgd.
Plansjen over kjøpte eg i Vikebygd.
Eg kjøpte 1 plansje til, 1 stort kart, 2 bøker
1 koffert, 1 sausenebb, 1 ramme og 1 gamal stol fra skulen.
*
BERJAYA Stemnestaden var det eit stort loppemarked i fleire hus og ute.
Der var eg på jakt etter gamle dukar, blonder og div tekstil.
Eg fann masse fint, og duken over er der fra.
Den er handbrodert i nydelege sommarfargar,
og har ei brei kniplingsblonde rundt kanten.
Elles fann eg 4 overlaken med innfelt blonde,
3 putetrekk,
masse små broderte og hekla brikker,
5 store broderte dukar med blondekant,
2 kvite gamaldagse forkle,
1 linhandkle,
1 sausenebb,
2 små noregsglass,
1 kakeboks
og sikkert noko eg ikkje kjem på.
Dette er skattar som eg skal bruke til mykje kjekt,
men ein del ting er så flotte at dei skal få vere slik dei er.
*
BERJAYA Her vest har me hatt fint ver lenge,
Skriftstørrelsemen det har vore vind og ikkje noko varme.
Denne veka kom sommarvarmen
og då er det koseleg å pynte ute på terrassen.
Pilstativet har eg fletta,
og i krukka har eg planta ein klematis
som kan få klatre på stativet.
På bordet står eit lite oliventre
som eg kjøpte for gåvekortet eg fekk av 10.kl
etter maledagen eg hadde ilag med dei.
*
BERJAYA Peoner er så nydelege,
og eg har hatt fleire bukettar i sommar.
Eg har ei plante ute i hagen,
men den prøver Rasmus, etter beste evne,
å ta knekken på.
Nå står det berre ei stakkar pjuskete grein igjen...
Rampepusen*
*
BERJAYA På St.Hans, som også er bryllupsdagen vår,
ba eg med min kjære ut på middag.
Me tok turen til indre kai i Haugesund,
og spiste middag ute på N.B.Sørensen.
Det var eit nydeleg ver,
og herleg å sitte ute på kaien og nyte maten,
kikke på alle folka, og berre slappe av.
(maten var god, men servicen var ikkje noko å skryte over)
I går etter jobb drog me på badestranda,
bilete nede til høgre.
I Skjeljavika er sola til kl 22 om kvelden,
og då er det fint å gå der etter jobb, ta med mat, lesestoff,
og nyte sola og slappe av i nokre timar.
Eg bada ikkje i går, men det skal eg i kveld...
Juhu:)
Ha ein flott dag,
og håpar sommaren er komen til deg også.
*
Klem*





onsdag, juli 30, 2008

Varmt ja.....

....ja det er så varmt her om dagane (og nettene) at eg trur eg smeltar.
Eg skal ikkje klage over at me har sol og varme,
men i dag var det 33 grader i skuggen,puh:)
Det er litt i overkant varmt for meg.
***
BERJAYA Eg har ikkje ikkje blogga på snart 2 veker, hjelpe meg, kva skjer???
Gledelege ting har hendt meg medan eg har hatt ein aldri så liten,
ikkje planlagd, bloggferie.
Eg har fått denne flotte awarden, fra ikkje mindre enn 3 medbloggarar.
Den er fra Rosa, Lemi og Livet i farger.
Tusen, tusen takk alle tre, for at de tenkte på meg,
når de skulle gje han videre.
Eg skal gje han videre til 7 stykker, men det tek eg ein annan dag.

BERJAYADet er litt varmt for Rasmus pusen også.
Han finn seg helst eit kaldt golv å ligge på.

BERJAYAEg har jobba, jobba og atter jobba denne mnd, men nå har eg berre to vakter att.
I dag og natt til fredag.
Den siste veka har me vore på stranda med brukarane kvar dag.
eg fekk ønske mitt oppfylt om å sitte på stranda og grave med tærne i sanden.
Sanden er så varm at det går ikkje an å gå på han berrføtt,hehe.
Men i sjøen er det 24 grader og HERLEG.

BERJAYANår eg kjem heim fra jobb seinare i dag skal eg
kose meg med grillmat og jordbær.
Eg har visst bursdag i dag,
hmmm, 39 år:)



torsdag, februar 07, 2008

Draumen om sommaren

BERJAYA Eg lengtar etter sol og varme.
Eg skulle så gjerne hatt det slik som på bilete.

BERJAYAEg vil gå langs vegen,

og lukte på rosene som stikker ut fra stakittgjerdet.

BERJAYA

Eg vil begrave nasen inni rosa,

og berre nyte dufta av sol og sommar.


BERJAYA
Eg vil stupe uti bølgene og symje til eg er sliten,

og late meg på stranda etterpå.


BERJAYAEg vil så gjerne ta ein tur i båten,
og fiske middagsmaten.




BERJAYAEg vil trekke inn lukta fra syrinbuskane,
og dei vil for alltid minne meg om naboane Marie og Bernhard.





BERJAYA

Eg vil nyte synet av humla som kosar seg i rhododendronblomen.




BERJAYA Eg vil smørje meg med solkrem og nyte eit glass kald drikke.






BERJAYA

Eg vil gå i sandalar og kjenne sola varme på mine bare tær.






BERJAYA
Eg vil studere ei marihøne som spankulerar på ein stein.






BERJAYA
Men mest av alt så vil eg spise meg mett på jordbær,
masse jordbær, så mange eg berre klarer.
********
Dette drøymer eg om nett no, fordi regnet høljar ned ute,
og eg er inne og er blitt sjuk.
Då hjelper det å ha bilete fra sommaren som var,
når ein lengtar mot den som kjem.
*
Ha ein fin torsdag alle som kikkar innom:)










søndag, april 22, 2007

Sommerminner

BERJAYA I fjor sommar kom Rasmus pusen til oss. Her er han liten og søt, ca 2 mnd. Han hadde ein forkjærlighet for sko, han og......

BERJAYA Ein tidleg morgon med blikkstille Skjoldafjord.
Eg lengtar etter sommaren når eg ser korleis det var i fjor.

BERJAYA På besøk på hytta til nokre venner. Utsikt til Hervikfjorden, med Borgøy i bakgrunnen.


BERJAYA Vesle Henny var på overnattingsbesøk hos oss, og ho ville bade i varmen. Då tar me det me har...Henny var storfornøgd, men Rasmus ville ho ikkje ha med.



BERJAYA Stakittgjerde og skjønne roser på Jelsa.
Me var med søster mi og svogeren min på båttur til Jelsa ein søndag i fjor sommar. Det er ein nydeleg liten plass med små kvite hus. Nesten litt sørlandsidyll.




BERJAYA Jelsa.

BERJAYAMarie i bølgene på badestranda i Juelsminde i Danmark. Ein fantastisk koseleg liten by.
Dette var litt av mine sommerminner. Eg fekk ideen til å vise bildene på Anniche sin blogg.
Så nå er det berre å glede seg til ein fin sommer, for det skal det bli i år, så sånn er det.
Her piskar regnet mot rutene, men eg fyrer i omnen og koser meg inne. Det er stille og roleg, Kenneth har ikkje sått opp ennå, og Bent er ikkje komt heim fra Hovden, men dei er visst på veg.
Gler meg til han kjem heim slik at eg får snakke litt med han før eg må reise tilbake til Notodden.
I går kveld sat eg med skuleoppgåver til langt på natt. Skal lage 4 undervisningsopplegg i arkitektur, 2 til småskulen og 2 til ungdomskulen. Me skal prøve ut ei bok som skal gis ut av Husbanken. Bolig og næmiljø, En lærebok i arkitektur for grunnskolen. Ei ganske kjekk bok som er inndelt i temaene; Menneskekroppen og arkitekturen, Sansane, Rot og ryddighet, og Bolig og nærmiljø.
Så det putla eg med i går, og når eg la meg fekk eg ikkje sove før det var nesten morgon, men, men, sova kan me gjere når me vert gamle.....