close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231124051546/https://benthilde.blogspot.com/search/label/loppemarked
Viser innlegg med etiketten loppemarked. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten loppemarked. Vis alle innlegg

onsdag, juli 13, 2011

Kleskorg

BERJAYA Eg har vore på leit etter ei korg til å ha kler i,

både når eg henger opp og når eg tar ned tørre kler.

*

BERJAYA Sist eg fekk varer fra Hübsch så var den perfekte kleskorga der.

Passe stor og passe solid til å frakte kler i.
*
BERJAYA Desse to fine melkekvite vasane fann eg sist eg var på loppemarked.
Vasar får eg aldri nok av.....







onsdag, oktober 20, 2010

Tre med patina

På loppemarkedet for nokre veker siden kjøpte eg denne korga
som er til vinballong i glas.
Eg har ikkje tenkt å setje vin, men ei korg har eg alltid bruk for.
Det syns vesle Ottopusen også.
***BERJAYAEg skrubba og vaska den i grønsåpe,
og då vart den så fin atte.
***
BERJAYAEg har ei til som står på lageret,
og som eg må ta heim og vaske rein.
Desse vert nok fine til jul fulle med kongler,
eller eg kan ha noko heilt anna oppi.
***
BERJAYADette trauet har eg hatt i mange år,
kjøpt på auksjon ein eller annan plass....
Godt brukt og fin patina på dette også.
Eg likar tre som er slitt, brukt og har den varme fine gløden
som kjem etter som åra går.
Dette har, som du ser, kattane lagt sin elsk på.
***
BERJAYA Må vise pittelitt fra Frøken Fryd også.
Nydeleg englevinge fra Krasilnikoff
til å henge bilete og kort på.
***
BERJAYA Kjempefin ramme med glass på begge sider,
og som har opning i sida.
Har den i 2 str,
og dette er den minste
som målar 4 x 5,5 cm.
***
Ha ein fin haustdag du som kikkar innom.
HildeS




mandag, oktober 04, 2010

Lopper

Det var skrekkeleg vanskeleg å velge ut
kva som er mitt beste loppefunn til NIB si oktoberutfordring,
fordi akkurat når eg har kjøpt ein "ny" ting
så er det den som er best, hehe.
***
BERJAYADenne lampen kjøpte eg for nokre år siden på ein av
Misjonselskapet sine gjenbrukstasjonar.
Enkel og rein i forma og knallfin grønfarge.
Berre synd at han har ein del malingsprikkar på seg.
BERJAYADenne bittelille pusekatten i porselen
kjøpte eg på laurdag på loppemarkedet her i Skjold.
Masse, masse flotte lopper til kjekke prisar.
***
BERJAYAPå laurdag fann eg 2 til av lysestakane/vasane som eg samlar på,
og stetteskåla i midten.
Eg vert så glad når eg finn desse fantastisk fine tinga
på loppemarked og gjenbrukstasjonar,
så smalinga mi veks jamt og trutt.
5 kr stk. betalte eg,
og det kan eg vel kalle eit kupp:)))



fredag, oktober 01, 2010

U for ugle

BERJAYA Eg likar ugler,
små,
store,
i glass,
keramikk,
tøy,
levande,
men ikkje utstoppa....
*
BERJAYADesse fine kvite uglene kjem fra Madam Stoltz,
og har hol til vanlege lys og små juletrelys.
Finfine:-)

BERJAYAUGLEbokstavane fås kjøpt ein og ein,
og så kan du skrive det du vil.
GULE eller GLUE...
Har heile alfabetet utanom ÆØÅ
***
BERJAYASøt ugleknagg som også finns i rosa,
og som magnet.
Kjekt å ha !!!
***
Til opplysning:
Laurdag 2. oktober kl 12.00 - 16.00
er det stor LOPPEMARKNAD
Skjold Arena i Skjold v/ E 134
ca 2-3 mil aust for Haugesund.
***
GOD HELG


mandag, september 13, 2010

Stol på meg

Gamle stolar og krakkar fra loppemarked kan trenge ei fornying.
Dette treng ikkje koste ei formue,
men krever ein liten eigeninnsats.
***
BERJAYADenne enkle stolen fekk eg av ei dame,
og den trengde ei lita oppussing.
Eg skrudde av armlen og bein som heng i eitt,
og gav dei eit par strøk kvitmaling.
Det var det eg hadde for handa akkurat då.
Stoffet stifta eg på under og bretta det til i kantene.
På baksida av ryggen bretta eg stoffet inn og spikra det fast.
Enkelt og greit.
Skal ikkje fortelje at eg greidde å skru beina på bakfram,
og at det var ganske tungt, både å skru utav og inni, desse skruane.....
Stolen sto ikkje høgt i kurs då, nei....
***
BERJAYAKrakken kjøpte eg for 20 kr på eit miniloppemarked,
og brukte eit kjøkkenhandkle fra Bloomingville
til å fornye trekket.
Denne er av den høge typen og veldig god å sitje på.
***
BERJAYAFleire koselege og nostalgiske skilt, og evighetskalenderar,
er komen inn i butikken.
***
Mandag, ny veke og nye mogelegheitar.



torsdag, juni 05, 2008

Eg er vel heldig....

I går fekk eg hentelapp i postkassa mi.
Pakke fra "hemmelig venn", sto det på den.
*
BERJAYA Skal sei at eg vart overraska når eg fekk utlevert denne digre eska.
Postdame lurte fælt på -"om eg berre fekk pakke sånn uten videre fra ein hemmeleg venn?"
"Jepp" sa eg:)
*
BERJAYATil og med malemannen min måtte kikke litt når eg kom berande med denne.
Oppi eska låg eit nydeleg kort på toppen, og inni sto ei koseleg helsing,
og eit hint om at ho står på linklista mi, hmmmm???

*
BERJAYASJÅ alt dette fine eg fekk.
Åååå det er så kjekt å få pakke i posten!!!!
*
To flasker cider, eple og pære, tre kjøkkenhandkle, to fluenett til å ha over maten,
og den flotte baljen som eg kan ha blomar i:)
TUSEN, TUSEN TAKK min hemmelege venn.
Dette var midt i blinken:)
*
BERJAYAMen ikkje nok med det.
Eg har vore særdeles heldig den siste tida.
I helga var eg og min kjære i Stavanger for å hjelpe
til å flytte saker og ting for søster til mannen min.
Ho skulle ikkje flytte så langt,
men alt skulle berast ned fra andre etasje i huset der ho budde,
setjast inn i bilane, kjøre 3 min, og berast ned ei lang trapp til den nye leiligheten.
Pust og pes, men det vart varmt.
Men alt dette var gløymt når ho sa....
*
BERJAYA...at eg kunne få dette skapet.
O herligheten:)
Ho hadde tenkt å levere det til fretex,
men kvifor gjere det når eg kan ta det med meg,hehe.
*
BERJAYANydeleg lås.
*



Men ikkje nok med det.
Eg fekk denne gamle nydelege prismelysekruna også.
*
BERJAYA



Eg fekk ei lysekrune til, med tre kuplar på,
men den har eg pakka ned, førebels.
Eg fekk eit anna skap også, men det har eg ikkje tatt bilete av.
*
BERJAYA


Nydelege glasprismer:)
*
BERJAYAMin kjære lurte fælt på kor i all verden me skulle gjere av alt dette,
men det treng ikkje han uroa seg for.
Berre han hjelper meg å bere dei inn så skal eg ordne resten:)

*
Søndagen var det loppemarked her i bygda,
for første gang på mange år, og det skulle eg på.
Lørdagen når me var i Stavanger var det to loppemarkeder
i nabobygdene, typisk.
Difor skulle eg på dette på søndagen, og me skulle vere der presis ett.
Og glad er eg for det,
for sjå kva eg fekk tak i...

*

BERJAYA
To slike stolar og eit bord som passa til,
for den svimlande summen av.....

130 kr.
*
Eg er så fornøyd med den helga at eg kan ikkje få sagt det nok, JIPPI.


*

BERJAYA då vil eg og keramikk høna
ta oss ein tur ut i det nydelege varme veret,
og sole oss:)
(Dette vart visst eit langt innleg)
Ha ein fantastisk dag alle saman.
Livet er ikkje det verste ein har.
Klem.