I dag vil eg ikkje vise ei bru som er laga over ein bekk, elv eller fjord,
men som er laga med noko som eg er svært glad for, og i.

Bøker har vore ein stor del av livet mitt siden eg lærte å lese i 1 kl.
Eg hadde ikkje så mange bøker som liten,
men eg hadde ei eventyrbok som eg var svært glad i.
*

Når eg skulle begynne i 2 kl så flytta me til næraste by fordi mamma fekk seg jobb der.
Eg måtte begynne på ein ny stor byskule,
og det var ganske skummelt, men etterkvart veldig kjekt.
Lærerinna vår las til oss om Lillebror og Knerten av Anne Cath Vestly,
og eg var heilt fortapt i denne historia fra første stund.
Etter at ho var ferdig med første boka tok ho oss med til biblioteket i by`n,
og der opna ei ny verd seg for meg.
Der fekk eg lånekort og kunne låne alle dei bøkene eg ville.
Eg lånte med meg resten av bøkene om Lillebror og Knerten, og las det eg var god for.
Eg pløyde gjennom alle bøkene av Anne Cath og Astrid Lindgren.
Eg las og las, alt eg kom over, også mi eldre søster sine Romantikk blader.....
Men det var bøker eg lika best.
Det å opne ei ny bok og ei heilt ukjend historie openbara seg foran meg,
det var toppen av lykke.
*

Dette syntes ei lita jente var heilt fantastisk å få lov til,
og eg var heilt forheksa av alle historiene som eg las.
Året etter flytta me tilbake til heimbygda mi, men heldigvis så skulle eg ha regulering på tennene så da måtte eg til by`n ivertfall ein gang i månaden.
Då var eg innom biblioteket og lånte med meg ein stabel med bøker til neste gang.
Når eg var rundt 12 år så var den store dagen komen
at eg fekk lov til å låne bøker i den vaksne avdelinga på biblioteket.
O fryd, det var nesten som å komme til himmelen.
*

Å lære meg å lese det var ei bru inn i ei ny verd.
Inn i ei verd som eg har brukt veldig mykje av mi tid i.
Som barn og ungdom var eg så oppslukt av historiene eg las
at eg var heilt fjern for dei rundt meg.
Eg fekk ein del kjeft for at eg alltid sat med nasen i ei bok
og ikkje fulgte med når nokon snakka til meg.
Eller eg sneik meg opp på rommet for å lese ferdig ei bok
når eg heller skulle ha gjort noko anna.
Som vaksen les eg fortsatt mykje,
men dei siste 5 åra har det vore mest skulerelatert det eg har lese,
men i feriane er det alltid med nokre bøker.
*
Dette var mi bru i dag. Brua over til bøkenes verden.
*

Today the brigde is not a real bridge, but a brigde in to the world of books.
I have allways read books since my teacher took us to the library when I was 8 years old.
I had never seen so many books and I could borrow them if I want, and i did often.
When I was older I allways had a book with me, and read all the time.
My family was not so happy for my reading everyvere and everytime, but I did it anyway.
This was my bridge today, the bridge over to the world of books.
*
*
Other bridge builders
*
Have a nice monday everyone who stop by:)