..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
Viser innlegg med etiketten haust. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten haust. Vis alle innlegg
torsdag, oktober 27, 2011
Haust i heimen
Litt sollys på veggen skadar heller ikkje,
gor det har me ikkje sett for mykje til denne hausten.
og eg har sjølvsagt ei uglepute også.
lørdag, oktober 03, 2009
Haustlege syssler
Teppet eg sydde for litt sidan er jammen meg ferdig.
Det var lurt å vise det her,
og då ha litt press for å få gjort det ferdig.
Inni teppet er det mjuk platevatt, og flanell på baksida.
Quilta med knutar på lettvint måte,
og lukkekant rundt,
så vart det ferdig fortare enn eg hadde trudd.
*
og sy lukkekanten på for hand på baksida,
når Herr Frost kjem på besøk.
*
*
og måtte vere heime fra jobb nokre dagar.
Heldigvis har eg ein supersnill og flink mann
som gjekk på jobb for meg.
*
ivertfall på humøret.
Eg hadde ein som passa godt på meg heime,
og det var Rasmuspusen.
Låg eg i senga så kraup han inntil meg, og sov godt.
La eg meg ned på sofa`n så la han seg oppå beina mine,
og gjekk eg opp for å sjå litt på tv så var han med trofast som alltid.
Det kan jo også vere at han var så glad
for at eg var heime midt på dagen, hehe:)
*
* Søte og fine Rasmus**
Elles går livet sin vante gang,og regnet er tilbake etter nokre dagar med frost.
Haust er sytid,
og eg har rota fram masse stoff
som eg håpar skal bli lappetepper.
Å sy tepper er ein fin måte å få brukt opp
litt av stofflageret på....
Eg har også meldt meg på ei symysterium hjå Nina
med bloggen 9na`s smutthull.
Kikk innom og sjå om det er noko du vil vere med på.
*
Ha ei fin og god helg du som kikkar innom*
onsdag, september 03, 2008
"Me skulle plukka plommer....
...i Hardanger, og drukke vin og cider i fra spann...."
*
og fraus 5 kilo til seinare bruk.
med sukker og sprit.
(Nåke fornuftigt ska nå spriten brukast te)
og så har eg plommelikør til jul:)
(Ser du Elin, eg er i gang med juleførebuingane)
lørdag, september 29, 2007
Rosene er røde....ehm, kvite...
...og i dag vart det ein heil bukett av kvite roser på spisebordet. Eg likar å ha friske blomar på bordet til helga, etter at eg har gjort reint. Det var belønning til meg sjølv i dag, for godt utført arbeid...hehe. *skryte skryte*
Rasmus pusen tek livet med ro, og favoritt plassen hans er oppå spisebordet.....umuliussen:o)
I ettermiddag tok eg meg ein gåtur for å finne litt grønt og nyper til å lage ein haustkrans av. Ein kan fortsatt finne litt fargerike blomar i vegkanten trass i all nedbøren me har hatt.
Blada har vakre fargar nå, men eg saknar litt av den intense raudfargen som dei avogtil får.
Nypene heng fortsatt med vassdråpe på seg, dei får ikkje tid til å tørke mellom regnskura.
Haustkransen vart til i kveld medan mannen såg på "Ladder 49" på tv. Eg sat på golvet og jobba, og gløtta litt på filmen innimellom.Nå heng han på veggen ved inngangsdøra og pyntar opp litt i gråvèret:o)
Eg var ein tur til by`n i dag på føremiddagen. Eg skulle eigentleg kjøpe ein lim til tekstil, men den hadde dei ikkje inne akkurat nå,typisk...Så då handla eg litt småtteri utenom. Kartong til takkekort, innpakningspapir, dukkehår, metallboks, og litt anna pyssel. Tok turen innom Plantasjen også. Der var det masse planter på salg så eg kjøpte litt til å plante ute, både grøne buskar, lyng og løkar for våren. Litt anna hoppa også oppi korga heilt av seg sjølv....merkeleg. Sikkert fordi eg fekk med meg bankkortet til mannen,tjihi..
Tusen takk til alle som er så koselege og legg igjen kommentar her hos meg. Det set eg veldig stor pris på.
Ha ein fin søndag alle som er innom:o)
Abonner på:
Innlegg (Atom)


Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.









