close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231123032827/https://benthilde.blogspot.com/search/label/adventskalender
Viser innlegg med etiketten adventskalender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten adventskalender. Vis alle innlegg

onsdag, desember 01, 2010

Den første dagen...

...i Desember er ein strålande vakker solskinsdag med -9 kaldegrader ute.
Heldigvis så har me ved og kan fyre til det blir godt og varmt inne.
Det som ikkje er fullt så bra og gjer meg trist,
er at Rasmuspusen min er bort.
Han har ikkje vore heime på mange dagar.
Kulda likar han ikkje,
då vil han helst vere inne
og ligge framfor omnen og varme seg.
Eg håpar inderleg at ikkje noko har skjedd han.
***
BERJAYAPå jobb er det travle dagar med pakking,
både ut med varer og inn av gåver.
Julegåver, bursdagsgåver og anna.
Det er mange som skal ha kalendergåver på jobb
og pakkeleik i klubben.
Eg har masse søte og fine ting til rundt 50 kr
som slike ting ofte skal koste.
***
BERJAYAHeime har eg ikkje pynta så mykje enno.
Nå er det advent, så julepynten ventar eg litt med.
Ei vrihasselgrein i ei potte har fått litt pynt på seg,
og ugla ho held auga med alt som skjer.
På laurdag skal eg ha juleverkstad
med 3 venninner og ongane.
På er det julemusikk på spelaren,
gløgg i koppen, og så lagar me julepynt og gåver
før me avsluttar med risengrynsgraut.
Kjempekoseleg:-)
**
BERJAYA På søndag vart det 1. adventslyset tent,
og nå er me halvvegs i veka allereie.
Klok av skade fra i fjor så har eg skrevet
lister over det som MÅ vere ferdig før jul,
det som BØR vere ferdig til jul
og det som eg har LYST til å gjere.
Inkl førjulskos:)
****
BERJAYA"En ting er å legge planer.
Noe ganske annet er å vite
hvor man har lagt dem....."





mandag, desember 28, 2009

22. 23. 24. luke, litt på etterskudd...

Det er ikkje alt som går slik ein har tenkt,
men her kjem dei tre siste lukene i adventskalenderen min.
Det vart jul, og koseleg var det også.
*
BERJAYAPittelitt julestemning fra heimen.
Eg prøver å nyte romjula
og har ikkje tenkt å hive ut verken pynt eller tre enno.
*
BERJAYACollagen under her var årets julekort,
og som du ser så var ikkje alle like blide.
Nokre måtte haldast litt godt fast...
*
BERJAYA Julafta var me heime med ongane mine + svigerson,
1. dag var me 12 til middag,
og 2. dag var me i juleselskap hos svoger min.
Søndag var ein skikkeleg lat og slappe av dag,
med filmar på tv, og snop i skåla.
***
I dag er eg på jobb,
og Frøken Fryd har all julepynt til - 50 %.
*
Ha ei fortsatt fin romjul:)


mandag, desember 21, 2009

20. og 21. luke


Her er det full vinter med snø langt oppetter husveggen
og i dag kikka sola også fram.
Nokon lurte på om det var juksesnø
eg hadde på vindauga i innlegget under,
men det er det ikkje.
Det snøa så mykje den dagen
at vindauga var nesten igjensnøa.
*
BERJAYAPusekattane i familien syns ikkje snøen er det minste kjekk,
og nektar å gå ut.
Rasmus han ligg stort sett strekk ut foran omnen,
og kan til naud gå ut i fem minutt.
Fridapusen ho syns snøen er kjempeskummel,
og det er ikkje så rart når ho ikkje har opplevd det før.
Det som ikkje er skummelt
er å utforske alt det nye spanande
som kjem fram nå når eg pyntar til jul.
*
Fin dag til deg som kikkar innom


lørdag, desember 19, 2009

17. 18 og 19. luke

Det har lava ned med store våte snøfiller i heile dag,
og nå er det skikkeleg julestemning ute.
Eg synes det er fantastisk koseleg når det ser slik ut på vindauga,
og eg har det godt og varmt inne.
*BERJAYAEg er komen eit stykke på veg med pyntinga i heimen,
men håpar at eg får gjort ein del, helst resten, i morgon.
Vanlegvis så plar eg pynte siste rest på lille julafta,
men i år har eg tenkt å vere ferdig litt før,
og heller kose meg med besøket som kjem om kvelden.
*
BERJAYA Ha ein fin laurdagskveld,
og god helg,
du som kikkar innom.

onsdag, desember 16, 2009

16. luke

Så var alle julekorta skrevne,
nokre har havna oppi konvolutt og skal sendast,
medan andre vert levert til mottakaren.
*BERJAYAEg har brukt forskjellige mønstra juleark
som eg har bretta og knytta hyssing rundt.
Inni er det eit lite julevers, ei helsing
og bilete av 2- og 4 beinte i familien.
*
BERJAYA Vesle, søte Fridapusen er med der det skjer,
og ho har vakse mykje siden me fekk henne,
men stor er ho fortsatt ikkje.
*
Dagens gullkorn fra underteikna.
Romstrerer voldsomt i veska og tar utav ting.
Meg: Det er nå merkeleg at eg ikkje skal klare å finne bilnøklane
når eg hadde dei i handa for ei lita stund sidan????
Han: Står ikkje bilen din igang ute????
Meg: ...........
*
Jada, det er godt det snart er juleferie:)))

tirsdag, desember 15, 2009

13. 14. 15. luke...

..huhei kor det går unna,
og brått måtte eg slå saman 3 lukeopningar.
Nå er eg endeleg ferdig med alle putene eg har lova ferdig til jul,
men har litt anna som skal gjerast ferdig også.
*
BERJAYAMe var som sagt på Dagfinn Lyngbø show på laurdag,
og det var utruleg løye* ( dialektord for morsomt)
Eg lo fra eg kom til eg gjekk.
Det som ikkje var fullt så kjekt var at der me skulle ete
vart me sittande og vente i ein halv time før me fekk meny
og ein time etter det før me fekk maten.
Då var eg så svolten at eg kunne ete kva som helst,
og det enda opp med migrene utpå natta.
Men det var ein koseleg kveld uansett.
*
BERJAYAPå søndagskvelden var me på julekonsert
med lokale aktørar,
og det var ei flott førjulsoppleving.
Så utruleg flotte og flinke sangarar
fra dei heilt minste til godt vaksne.
*
BERJAYAVeret er grått og trist som de kan sjå utav butikkvindauget,
men til helga skal det visst bli kaldegrader,
og nokon snakka om snø uti neste veke.
Det hadde vore utruleg koseleg og fått snø til jul,
stort sett kjem den vesle snøen me har uti februar/ mars.
Eg får setje meg til symaskinen igjen,
og gjere meg ferdig med det eg skal.
Dette var ein liten bloggelunchpause.


lørdag, desember 12, 2009

12. luke

BERJAYA Er berre innom for å ønskje alle
ei retteleg fin og god helg,
og fortelje at eg og min kjære skal på
Dagfinn Lyngbøs Evolusjon i kveld.
I lag med 2 av mine venninner med menner.
***
Gjett om eg gler meg, tjohei:)

fredag, desember 11, 2009

11. luke

Ny hylle er komen opp på veggen over sofaen,
og eg kosa meg med å dille og pynte i går kveld.
*BERJAYAFin skugge på veggen.
*
BERJAYAMin kjære har avogtil nokre gullfine utsagn,
og i går kom eit av dei.
Eg ropte på han for å vise kor fint det var blitt med hylla.
Eg: Sjå kor fint det vart.
Han: Åja, heilt nydeleg....
Så snur han seg mot nokre andre møbler og seier lettare ironisk,
og så må me male desse kvite ....



torsdag, desember 10, 2009

10. luke

I dag har vore den store "sy ferdig julestrømper" dagen,
og nå er eg ferdig med dei 5 siste julestrømpene.
Enkle julestrømper i kvit lin, med strykemerkeengel,
stripete for og litt blonder.
Så får eg håpe kunden vert fornøgd.
*BERJAYAGlansbileteengel som eg har avfotografert,
og som kan vere fin som dekor på eit eller anna.
Versågod,
du kan ta han med deg om du vil bruke han til noko.
*
BERJAYA Elles har arbeidslysta,
til å gjere noko fornuftig heime,
vore svært liten dei siste dagane
Eg lurer på kor eg kan får kjøpt litt energi
og arbeidslyst til bruk etter kl 18???

onsdag, desember 09, 2009

8. & 9. luke

slår eg også i saman.
Som de ser så har eg selskap når eg
sitter og kikkar rundt i Blogglandia.
Fridapusen er med der det skjer,
og særleg der det kan vere noko som rører på seg.
Ei datamus, ein ledning eller fingrar over tastaturet...
og vert ho lei så tek ho seg ein liten kvil bak skjermen.
Der er det akkurat plass til ein liten pusekatt
*
BERJAYALys, masse lys må eg ha nå når det er mørkt
når eg kjem heim fra jobb.
Adventstaken står i kjøkenglaset,
og på bordet står eit brett med mange telysestakar.
*
"Det er bedre å tenne et lys,
enn å forbanne mørket"
*
Ha ein fin dag du som kikkar innom.

mandag, desember 07, 2009

6. & 7. luke

I dag blir det "2 fluer i en smekk",
siden eg ikkje hadde noko lukeopning i går.
Laurdagskvelden kosa me oss ilag med gode vener,
og der var det mykje som sto på tapeten.
Maten var fantastisk god,
og var ei blanding av koldtbord og tapas rettar.
Litt aktiviteter måtte me også ha, og alle 8
hadde skrevet ned sant og usant om seg sjølv,
qumed iz Pondus og Beate spørsmål, pakkeleik,
+ litt gymnastikk som å gå med krølla tær,
og yoga.....
*BERJAYASøndagen var ein roleg innedag, med full storm ute.
Det var nesten farleg å gå utforbi døra siden alt som låg laust
flagra med vinden.
*
BERJAYAEg tok ein liten runde på kva kaker me skulle lage
og alle kom med sine favorittar.
Det vart desse :
*Havreflarn
*Potetmejølstoppar
*Krumkaker
*Maryland cookies
*Sjokoladekjeks
*Pepperkaker
*Sirupsnippar
Så håpar eg bakelysta er der
når eg kjem heim i ettermiddag:)

lørdag, desember 05, 2009

5. luke

"Du er utvalgt
av livets tilfeldigheter
til å bli elsket av meg.
For evig og alltid,
litt på tross av,
men mest på grunn av,
de mange ting
som gjør nettopp deg
så inderlig spesiell for meg".
***
BERJAYA

fredag, desember 04, 2009

4.luke

Eg har ei fantastisk koseleg og snill svigermor,
og ho er så utruleg dyktig på alt som heiter handarbeid.
Ho strikkar vottar som eg sel i butikken,
og dette er eit par av dei eg har nå.
*BERJAYAHo fekk meir garn i går kveld,
så framover kjem det flotte strikkavottar
i spreke fargekombinasjonar.
***

torsdag, desember 03, 2009

3. luke

I dag kjem litt bilete fra butikken min Frøken Fryd.
Eg har flytta litt om på tinga og pynta litt i førjulstida.
*
BERJAYA Den gamle døra er så fin til å henge saker og ting på,
og er passe rustikk bakgrunn til lin, englar,
lerkegreiner i kremmarhus og lysestakar
i duse jordfargar.
*
BERJAYASnur me oss litt rundt så vert det nokre
sterkare fargeinnslag.
Gjenbruksputer, Greengate og lys,
og så har me litt raud julestemning.
*
BERJAYAPå ein annan vegg er det dei søte pastellane som rår
i store og små maleri.
*
I dag er det den store sy-pute-bestillings-dagen.
Eg må ivertfall begynne om eg skal bli ferdig
med alle putene til jul, uten at det skal bli for mykje stress.
Stress er eit ord som eg ikkje likar,
og prøver å halde meg unna det både i tale og daglegliv.
Ikkje alltid lika lett, men...
*
Fin førjulsdag til deg som kikkar innom.
*klemtildeg*


onsdag, desember 02, 2009

2. luke

Så skriv kalenderen 2. desember,
og onsdag er det blitt allereie.
Tida går ikkje, ho kjem...seiast det,
men eg synes ho fyk avgarde.
*
BERJAYA Dagens bilete er pakkekalenderen til
Marieminstejenta.
Sjølv om ho er blitt 16 år så er det
koseleg med mamma sin pakkekalender.
Eg og min kjære gløymde å opne vår kalender i dag tidleg.
Kan du tenkja deg å vere så ør i hovudet,
og gløyma noko så viktig.

tirsdag, desember 01, 2009

1. luke...

...i kalenderen er opna,
både den eg og kjærasten har saman,
og "bloggkalenderen".
Hjartesjokoladekalenderen kjøpte eg i Rosendal,
og er ein adventskalender for 2.
Kvar dag er det eit sjokoladehjarta til kvar,
og ei oppgåve under.
I dag var det å kysse under mistelteinen,
men hjå oss så vart det under ei lerkegrein, hihi.
*
BERJAYAEg hengde opp ein bjørkekrans over kjøkkenbordet i går...
*
BERJAYA..og gjett 3 ganger kven som syntes det var stas!!!
Yess, me gler oss til julatre kjem inn...


tirsdag, desember 23, 2008

Lille julafta...

...er det visst i dag.
Heime er det meste klart,
men ein del småting står igjen.
*
BERJAYAMe fekk rydda og pynta ein del i går kveld,
både i stova og kjøkkenet.
*
BERJAYA Denne trioen står i kjøkenglaset,
og dei har fulgt meg i mange år.
Dei heiter Julius, Julia og lille Julafta:)
*
BERJAYA I eit av dei andre glasa på kjøken står ei
sinkpotte med ei vrihassegrein og litt pynt.
*
BERJAYA I stova er det englane som pyntar opp,
medan nissane høyrer til på kjøkenet.
*
BERJAYAPakkane er pakka inn,
og mange er leverte rundt til familie og venner.
Resten av pakkane ligg på soverommet,
og skal få komme under treet i kveld.
*
BERJAYA Treet kom inn i går og står berre
og ventar på at eg skal pynte det.
*
BERJAYAEg håpar eg får ei stund for meg sjølv i morgon
til å lage eit aldri så lite God Jul innlegg.
Dagane har gått så alt for fort den siste veka,
og på jobb har det vore kjempetravelt,
men kjekt.
I morgon er er på jobb fra 10 til 12
og så er det juleferie fram til måndag den 29 des.
Eg ser fram til å kunne gå i kyrkja i morgon ettermiddag,
og etterpå gå inn døra heime og kjenne lukta av pinnekjøtt.
Då kjem nok julestemninga,
og julefreden senker seg.
*
Ha ei fin og koseleg lille julafta alle som kikkar innom.
Juleklem til deg fra meg.






tirsdag, desember 16, 2008

Englar og demonar...

BERJAYA Eg har ein vakker engel, eller eigentleg så har eg to,
men den eine er under mistanke for ei stygg ugjerning,
og vert ikkje rekna heilt med for tida.
*
Englane bur inne på kottet nesten heile året,
men i desember får dei komme ut
og pryde stova i heimen vår.
*
Dagen var komen då eg skulle hente fram
englane og litt av julepynten.
Eg løfta englane forsiktig fram
og eg sette i eit aldri så lite forskremd skrik
då eg såg den største engelen.
*
BERJAYAHer hadde det skjedd noko så graverande
at det var rett før eg ringde legevakta.
Kven er det som har vore inne på kottet i løpet av året
og kven kan ha gjort dette?
Er det han som på bilete over, ligg og søv sin søtaste søvn,
eller....
*
BERJAYA...er det ho som står ved siden av her,
og ser litt skjemd ut,
som har SLÅTT HÅL I HÅVE på engelen min????
***
*
BERJAYASom de ser så skjer det grusomme ting i førjulstida.
Kva slags drama er det som har utspelt
seg i mørkret inne på kottet kan eg berre gjette meg til.
Heldigvis så er engelen etter forhalda i god form,
og skal nok klare å skape julestemning i heimen dette året også.
Men etter jul så skal engelen få ny plass å bu.
Inne på kottet,
må det vere ein demon som ikkje likar englar,
som held til...






søndag, desember 14, 2008

Litt julestemning..

...er det begynt å komme i heimen.
Det hjalp å pakke inn gåver og spele julemusikk,
og ete mandariner:)
*
BERJAYAI går kveld var eg og min kjære på ein fantastisk
julekonsert i kyrkja.
Det var berre lokale krefter fra bygda her og rundtomkring
som sto for sang og musikk.
Barnekoret, musikkorpset og Feedback.
Det var nokre unge talent som fekk tårene fram i mine auger.
Ein 12 åring spela "The Christmas song"
på trompet så taket nesten løfta seg,
og det var nydeleg solosang med kjende
og kjære julesongar med fantastisk flinke songarar.
Ha ein fin og koseleg
3. søndag i advent.

torsdag, desember 11, 2008

Dagens

BERJAYA I dag var det komla til middag hjå oss.

BERJAYA Etterpå var det sofa`n som frista mest,
men istaden for så vaska min kjære badet,
og eg soverommet.
Godt kva som er gjort før helga:)