close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231123180736/https://benthilde.blogspot.com/search/label/Puter
Viser innlegg med etiketten Puter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Puter. Vis alle innlegg

mandag, oktober 03, 2011

Putekrig

BERJAYA
Eg har endeleg fått både tid og lyst til å sy puter igjen.
Engleputa er sydd av ein utrangert duk, blonder og knappar.
*
BERJAYA
Denne er for dei som er glad i sukkertøyfargar.
*
BERJAYA
Rokokkodama med paraply får pryde denne puta.
Pynta med heklebrikke og blonde.
*
BERJAYA
Badedame som saman med del av ein klokkestreng,
70-tals stoff og små heklebrikker som eg vann inne hjå Unni Strand
er blitt ei retroinspirert pute.
*
Som de ser så likar eg så mykje,
så kanskje RomantiskRetro er mi greie.

fredag, august 06, 2010

Etnemarknaden

Denne helga er eg og Frøken Fryd å finne på Etnemarknaden.
Siden eg er med på kunst og handverkutstillingen
så er det berre ting eg har laga sjølv som er med.
*
BERJAYA Eg har mala ein del nye akrylbilete, nokre nostalgiske collage,
sydd mange nye puter, og litt småting som ugler,
pynta fyrstikkesker, notisbøker og esker.
***
BERJAYAEg var der inne i går fra 10.00 -19.30,
medan min kjære var på butikken.
I dag har me bytta.
***
BERJAYAHer er det puter i duse fargar og meir fargeglade,
med nostalgiske englar og spreke badedamer,
eller klokkestreng og heklebrikker.
***
BERJAYASøte puter i pudderfargar.
***
BERJAYAAkrylbilete i duse fargar og med fin tekst.
*
BERJAYA I morgon og søndag er det også ope.
Har du lyst til å ta turen inn til Etne,
så er du hjarteleg velkommen.
***
Vil du lese meir om Etnemarknaden
så kan du gjere det HER







mandag, mai 03, 2010

Solskinsmandag

"Be happy for this moment
- this moment is your life"
*
BERJAYA Plutseleg var det over ei veke siden sist blogginnlegg.
Vekene og helgene går skrekkeleg fort,
og nå kunne eg faktisk tenkt meg å stoppa tida litt.
Dei to siste helgene har eg vore kjøkkenhjelp i 3 konfirmasjonar.
Travelt, men veldig kjekt å kunne hjelpe til.
*
BERJAYAEg har knipsa litt bilete fra butikken i dag,
og som du ser, så er det strålande sol ute:)
Trekassane er gamle dynamitt- og margarinkassar
som er fine til å ha til pynt og nytte,
både ute og inne.
Dei er kjekke å ha aviser og blader oppi,
eller stable oppå kvarandre og ha som skohylle.
Uendeleg mange bruksmogelegheiter med trekassar.
BERJAYASjølv om det er sol ute så er det ikkje den store varmen,
og i natt var det frost.
Terrasselivet må visst vente ei stund til.
Det hjelper litt å dekke sommarlege bord inne
slik eg har gjort med Greengate serviset.
*
BERJAYA
I dag har eg hatt besøk av ei koseleg journalistdame
som skreiv om butikken min.
Eg fortalde om meg og mitt og det eg lagar sjølv,
og om trenden innan interiør og gjenbruk.
Det skal bli spanande å lese det ho skriv
og sjå bileta.
*
BERJAYAPuter og kjolar er blitt ein stor del av arbeidet mitt.
Eg syr og syr kjolar til store, små, lange,
tynne og trinne jenter i alle aldrar.
Putene som eg syr av gamle broderier
får også mykje merksemd.
"Alle" har eit forhold til broderte puter, klokkestreng,
løparar og bilete fra barndommen.
Kjekt å kunne bruke på nytt,
dette som nokon har brukt mange,
mange timar på å brodere.
*
BERJAYAMiss Dee smykke som eg har på meg,
+ mange fleire modellar, både armband og ring,
fås kjøpt i butikken.
*
BERJAYA Ha ein strålande fin dag, og ein god ny veke,
du som kikkar innom.





torsdag, september 03, 2009

Romantiske puter

BERJAYA Puter er koseleg å sy,
og når det er lekre gamle blonder,
broderier, og lyse lette stoff,
går arbeidet som ein leik.
*
BERJAYAPutene finn du i butikken min, Frøken Fryd,
og her inne


fredag, august 07, 2009

Nostalgia

Eit lite livstegn fra meg oppi all jobbinga.
Eg har stand på Etnemarknaden denne helga,
og i forkant har det vore mykje jobbing.
I går var eg i Etne og min kjære i butikken,
og i dag har me byta:)
*
BERJAYANokre nye puter er komen til, og er med inn på marknaden.
Romantiske og nostalgiske,
slik som heile utstillingen min er i år.
Vimsete som eg er så gløymde eg å ta bilete der inne i går....
*
BERJAYA Det var masse koselege folk innom i går,
og eg fekk gode tilbakemeldingar på
tinga eg har på marknaden.
Sånt blir eg glad av!!!
Tusen takk for alle koselege ord de legg igjen
her hjå meg.
Eg har ikkje vore så flittig til å besøke tilbake,
men brått stikk eg innom.
*
God helg til alle som kikkar innom.




torsdag, mars 05, 2009

Ønskje om vår

Når det ikkje er blitt heilt vår ute,
så får eg gjere det litt vårleg inne.
Perleblomen strekkjer seg mot lyset,
og kunne nok heller tenkt seg å vore ute.
*
BERJAYANysydde puter i friske vårfargar,
er med på å gjere dagen litt gladare.
Det gjer godt med litt friske fargar
nå når det er så grått og fargelaust ute.
Men berre vent, snart er det fine fargar ute også,
og eg gler meg!!!
*
BERJAYA Stoffa eg har brukt kjem fra Stoff og Stil.
Masse fine fargar og mønster i katalogen denne våren.
***
Takk for at du kikkar innom,
og legg igjen ein kommentar.
Det set eg pris på:)


mandag, februar 02, 2009

Putemandag..

Eg likar godt å sy puter, og i dag vart det to nye.
Nostalgisk englepute i i kvitt, svart og beige.
Eg la utover materiale som eg kunne tenke meg å bruke,
nokre gamle blonde, ein brodert duk, englebilete,
knappar og forskjellige stoff.
*
BERJAYA Kontrastar er flott,
og her er det ein metallknapp mot skjør blonde.
*
BERJAYAEi litt røffare pute i jordfargar.
Her tok eg utgangspunkt i ullbroderiet og badebiletet.
og har brukt linstoff, bomull, blonde og band.
Begge putene målar 35 cm x 60 cm,
og har glidelås i ryggen.
*
Ha ei fin veke du som kikkar innom.


fredag, januar 09, 2009

Grønne elefantar med prikkar

BERJAYA Eg har litt rolegare dagar på butikken nå, enn før jul,
og har nå tid innimellom, til å sy.
Desse tre putene er sydd på bestilling til ein kunde.
*
BERJAYAElefant - og sirkelstoff er fra Stoff og Stil.
Dei andre er fra mitt rikhaldige stofflager.
Enkle puter med samansydde rektanglar og
brunt velurband til pynt over saumane.
Bakstykke er eit av stoffa fra framsida,
og isydd glidelås for enkelt kunne ta trekket av.
*
BERJAYATusen takk for alle gode ord og lukkeønskingar
i høve av opninga av Frøken Fryd sin nettbutikk .
Eg prøver ut denne enklare varianten
før eg bestemmer meg for å opne
ein meir avansert nettbutikk.
Eg vert glad om du vil gje meg
ei tilbakemelding på kva du synest om dette.
Legg igjen ein kommentar eller send meg ein mail.
Eg set pris på både ros og ris.
*
BERJAYAEg ser av tellaren min at den snart rundar
60 000 besøkande !!!!
Legg igjen ein kommentar under dette innlegget
så er du med i trekninga av dette Carpe Diem
klistremerket, og ei overrasking.
Eg trekker ut ein vinnar søndagskvelden.
*
Ha ein finfin dag du som kikkar innom

Vinnar er trekt ut kl 21.30 søndagskveld,
innlegg kjem:)