close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231120225146/https://benthilde.blogspot.com/search/label/julemysterium
Viser innlegg med etiketten julemysterium. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten julemysterium. Vis alle innlegg

søndag, oktober 11, 2009

Jule-sy-mysterium del 4 og nesten del 5

Eg fekk ikkje gjort noko med syinga i går,
så i dag måtte eg ned på butikken
og sy og skjere litt.
Denne måten og sy flygande gjess på har eg ikkje prøvd før,
men den var jo heilt super.
:
BERJAYA Her er det eine bilete sydd saman
med stjernespissar og det heile.
Det manglar lukkekant,
men eg lurer på om eg skal
sette dei to saman til eit bilete.
Me får sjå.
Tusen takk 9na for eit
kjempekjekt jule-sy-mysterium.
Kikk innom til 9na så får
du sjå det alle dei andre også har sydd.

fredag, oktober 09, 2009

Jule-sy-mysterium del 3

Så var me jammen meg komen
til dag 3 i julemysteriet til 9na,
og i dag var oppgåva å skjære opp stoffa
i store, mindre og små kvadrat,
+ lukkekanten
*BERJAYAEg måtte skunde meg å brodere i dag,
siden eg ikkje kom i gang med det i går,
men først måtte eg innom Petunia
og smake på ein vaffel.
Ho har stilt opp som vaffelsteikar,
medan me andre skal sy:))
Innimellom, på jobb i dag,
så fekk eg brodert eine lappen,
og så får eg ta den andre til gullrekka i kveld.
Det var faktisk veldig kjekt å brodere,
og det vart ikkje så aller verst heller,
om eg skal nå skryte litt av meg sjølv:))
Men det er nok her, som med alt anna,
at øving gjer meister.
*
God fredagskveld og helg.

torsdag, oktober 08, 2009

Jule-sy-mysterium del 2

Nina hadde klar del 2 av jule-sy-mysterium då eg kom på jobb og slo på pc`n.
Stichery var det me skulle finne utav i dag.
Siden eg aldri har prøvd meg på stichery før
så vert dette litt i overkant spanande for meg...
Eg er ikkje så veeeeldig glad i å brodere,
og tenker med gru tilbake på ein engel som
eg skulle brodere i 7 klasse.
Eg brukte det skuleåret på den, og vart likevel ikkje ferdig...
Jaja, sånn kan det gå.
Men eg har bestemt meg for at dette skal eg prøve
med ope sinn og ukueleg optimisme.
*
BERJAYAEg følgde linken som Nina har lagt ut,
og fann masse søte små nissejenter og gutar.
Eg plukka ut ei jente med katt
og ein gut som matar småfuglane.
Ein katt til som eg får sjå om det er plass til.
Samstundes så var eg innom Småbyliv
og fekk meg ein kopp kaffi,
mmmm, den var særdeles god.
Men tilbake til utfordringa stichery.
Nina skriver om ein Pigma penn som eg skal teikne med,
og då lurer eg på kvar eg får kjøpt den??
Er den å finne på ein vanleg bokhandel
eller er det på sybutikken dei har den???
Eg får øvesy meg pittelitt på eit tøystykke
til eg får sette i gang jakta på Pigma....
*
Ps. Som du ser Nina, så har eg byta ut
dei raude stoffa med grått og beige.
Eg vart ikkje fornøgd med dei raude.
Så då vart det sånn....
*
Fortsettelse i morgon.

onsdag, oktober 07, 2009

Julemysteriet del 1

BERJAYA Nina med bloggen 9nas smutthull har laga til julesymysterium
og i dag fekk me som skal vere med første del.
Her var det om å gjere å finne raude og kvite stoff....
Hmm, dette vart faktisk eit problem for meg.
Eg har masse raude stoff, men svært lite med
raudt med kvitt, og kvitt med raudt.
Dette med kvite prikkar var det eg fant i dag.
*
BERJAYADet matcher jo GreenGate sitt prikkete raude servise,
så kanskje eg skal gå for det:))
*
BERJAYAEller skal eg finne nokre heilt andre fargar, gruble gruble.
Siden dette er eit julemysterium
så fann eg like godt fram eit nissebilete fra i fjor.
Kanskje han kan hjelpe meg å løyse dette??
*
Fortsettelse følger i morgon....