..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg
onsdag, august 01, 2012
Kos
I helga var det litt sol,
og både eg og Rasmuspusen er raske med å nyta dei få solstrålene som er .
Mandag fekk eg fine roser av han kjekke B
og eg laga gulrotmuffins.
Fin bursdag.
torsdag, mai 24, 2012
6 år *HURRA*
Bloggen min fyller 6 år i dag, hurra, og jammen meg har det skjedd mykje på dei 6 åra. Det var eldste dotter mi, Malin, som lærte meg å blogge, og den har forandra seg ein god del desse åra.
Eg starta med å skrive ein del om forskjellige ting eg laga,familieliv og kvardagen elles. Så var det studier både på Notodden og på Stord som vart dokumenterte og innimellom der gifta eg og min kjære oss også.
I oktober -08 starta eg butikken min Frøken Fryd, og då vart bloggen meir ein butikkblogg enn ein personleg blogg. Dei siste åra har det nok blitt litt lite innlegg, men det er veldig kjekt å sjå tilbake, både på det eg har skrevet og ikkje minst bileta.
Når ein har bursdag så får ein alltid gåver, men eg vil gjerne gi bort gåver. Legg igjen ein kommentar så er du med i trekning av fine gåver fra Frøken Fryd.
Trekning tysdag 29.mai.
***
Dagen HURRA for:
-SOL
-varme
-koselege kunder
-iskaffi
(-reiser til Pisa i morgon)
Hildeklem*
*****
Trekning er foretatt
og det er 4 som vart heldige
og vinne gåver fra Frøken Fryd.
Elise: Skjerf, notisbok og veggord.
Kari Marie: Skjerf, såpe og handkle.
LeneS: Skjerf og veggord.
Hiks: Bok
mandag, mai 24, 2010
4 år..
...er gått siden eg hadde mitt første blogginnlegg 24. mai 2006.
4 år med mange innlegg, mange bilete og mange tusen skrevne ord.
Eg har nok sletta ein del innlegg, og nokre ligg lagra som utkast,
men dei aller fleste er der,
og eg synes det er skikkeleg kjekt å gå nokre år tilbake og lese.
*

Både eg og bloggen har forandra oss på desse 4 åra,
og forhåpentlegvis til det betre.
4 år er lenge når ein ser framover,
men ser ein bakover så er det nesten som om det var i går.
*

Eg har blitt kjend med mange hyggelege, kreative, snille,
omtenksomme, hjelpsomme, søte og flotte menneske
her inne i den store bloggverden,
som ikkje var så veldig stor for 4 år siden.
Nokre av dei eg vart kjend med først er her inne ennå, heldigvis,
men nokre har forsvunnet, og mange nye er komne til.
***
Bursdag er kjekt,
og då er det på sin plass med gåver til trofaste lesarar.
**
Alle som legg att ein kommentar under her
er med i trekninga 27 mai.
Kva det er vil eg ikkje sei enno,
eller eg kan sei at det vert i vertfall ei ugle...
Kanskje Frøken Fryd vil vere med og sponse litt også:)))
***
Hipp, Hipp, Hurra!!!!
fredag, mai 21, 2010
Bursdag
av livets tilfeldigheter
til å bli
elsket av meg
for evig og alltid.
Litt på tross av,
men mest på grunn av
de mange ting
som gjør nettopp deg
så inderlig spesiell
for meg.
***
*Gratulera med 41 års dagen kjære Bent*
*Gratulera med 41 års dagen kjære Bent*
torsdag, juli 30, 2009
Litt finjustering..
..måtte til i dag.
*
og talet forandrar seg fra 39 til 40.
Då er det mange tankar som fer gjennom hovudet.
*
mandag, august 04, 2008
Bursdag er kjekt.....
.....for då får eg besøk, og sjå alle dei flotte gåvene eg fekk
til bursdagen min den 30 juli.
***
Perlehalsband og armband fra to av tantejentene mine med familie.
To fine glass og telys fra minsta gullet mitt.
Mugge fra GG og trehøne fra Berit søster og mannen.
L ys og serviettar fra eine svigerinna mi som var heime ein tur.Eg fekk også penger av svigermamma og svigerpappa, roser fra min kjære,
og svarte krus og iskaffe fra ei venninne som var innom dagen etterpå.
Det er ikkje til å legge skjul på at eg likar å ha bursdag:)
TusenTakk for alle koselege kommentarar de legg igjen, dei varmar.
Nå har eg også ferie,
JIPPI:)
onsdag, juli 30, 2008
Varmt ja.....
....ja det er så varmt her om dagane (og nettene) at eg trur eg smeltar.
Eg skal ikkje klage over at me har sol og varme,
men i dag var det 33 grader i skuggen,puh:)
Det er litt i overkant varmt for meg.
***
Gledelege ting har hendt meg medan eg har hatt ein aldri så liten,
ikkje planlagd, bloggferie.
Eg har fått denne flotte awarden, fra ikkje mindre enn 3 medbloggarar.
Den er fra Rosa, Lemi og Livet i farger.
Tusen, tusen takk alle tre, for at de tenkte på meg,
når de skulle gje han videre.
Eg skal gje han videre til 7 stykker, men det tek eg ein annan dag.
Han finn seg helst eit kaldt golv å ligge på.
Eg har jobba, jobba og atter jobba denne mnd, men nå har eg berre to vakter att.
I dag og natt til fredag.
Den siste veka har me vore på stranda med brukarane kvar dag.
Så eg fekk ønske mitt oppfylt om å sitte på stranda og grave med tærne i sanden.
Sanden er så varm at det går ikkje an å gå på han berrføtt,hehe.
Men i sjøen er det 24 grader og HERLEG.
Når eg kjem heim fra jobb seinare i dag skal eg
kose meg med grillmat og jordbær.
Eg har visst bursdag i dag,
hmmm, 39 år:)
Eg har jobba, jobba og atter jobba denne mnd, men nå har eg berre to vakter att.I dag og natt til fredag.
Den siste veka har me vore på stranda med brukarane kvar dag.
Så eg fekk ønske mitt oppfylt om å sitte på stranda og grave med tærne i sanden.
Sanden er så varm at det går ikkje an å gå på han berrføtt,hehe.
Men i sjøen er det 24 grader og HERLEG.
Når eg kjem heim fra jobb seinare i dag skal egkose meg med grillmat og jordbær.
Eg har visst bursdag i dag,
hmmm, 39 år:)
lørdag, mai 24, 2008
2 år...
...fyller bloggen min i dag.
***
--HIPP - HIPP - HURRA--
***
Etter to år har eg fått mange gode bloggvenner,
og er blitt kjend med mange spennande og kreative
jenter i alle aldrar.
I høve bursdagen så byr eg på
jordbær og vaniljesaus.
Velkommen til alle som vil smake:)
***
legg att ein kommentar med i trekning
av ei eller fleire gåver laga av meg:)
***
Her skin sola og det er sommarvarme ute,
og dette skal fortsette i neste veke.
Dette kan eg like veldig godt:)
***
Ha ein fin laurdagskveld og helg.
søndag, september 02, 2007
Det var ein gang for 22 år siden.......
.....då vart denne lille jenta fødd. Ho kom som ei stor overrasking, tidleg mandag den 2 september 1985. Ho var eit snilt lite jentebarn, og godt var det. Kanskje ho visste at mamma hennar berre var 16 år, og ikkje ville skremme henne med å skrike natta lang.
Som sagt var ho eit snillt og roleg barn, men ho var nysgjerrig og ville gjerne vere med der det skjedde noko. Ho låg ofte på eit teppe og kikka rundt seg med store blå auger, og så sov ho godt når ho hadde fått melkeskvetten sin.

Ho vaks og trivdes den vesle jenta, og lærte seg å krabbe når ho var 6-7 månader, og stabba rundt og gjekk når ho var vel 10 mnd. Så på 1 års dagen måtte ho fotograferast hos fotograf, kan vite.
Her har vesle gullet fått mange tenner i munnen, men håret det ville ikkje vekse før ho var godt over to år.
Kvar sommar måtte mamma lage blomekrans til å ha i håret,og så måtte det takast bilde..
Då jenta vart 3 år fekk ho seg trehjulsykkel,og her syklar ho stolt rundt på kjøkkengolvet i gamlahuset på Bjørkhaug.
Den vesle jenta vaks til og lika veldig godt å male og teikne. Det gjorde ho så snart ho hadde ei ledig stund. Her er det trolldeig som får farge på seg.
Den vesle familien auka med ein lillebror i nov- 87, og han var kjekk å leike med når han vart større. Her er det eit aldri så lite selskap, og konsentrasjonen er på topp. Tutten var heller aldri langt unna....
Dokker var med der du ferda, og her er det i Hervik hos bestemor og bestefar du er. Halane er på plass i håret, og eit smil hadde ho alltid på lur.
Ho lika å pynte seg med kjole, og få fletter i håret. Dette er nok mamma sin 20 årsdag. Den sommaren var varm og fin, og alle var brune på armar og bein.
Til kvar jul skulle det lagast julekort, med fotografering på førehand. Søskenkjærleiken var stor mellom desse to.

Humor hadde dei og.
Her er det 7 års bursdag og du er blitt skulejenta.

Her er det 7 års bursdag og du er blitt skulejenta.Jenta var også aktiv. Ho starta å spele piano, gjekk i speidaren, på friidrett og var med venninner

Åra gjekk og det nærma seg enda ei jul igjen, og kva skal skje da? Julekortfotografering...

Her står dei så fine alle tre, og nokon er litt tannlause...
Jenta er snart vaksen, og har fått seg ring i nasen....og håret er snart langt igjen.
Det kom på regulering på dei tenna for det var ikkje plass til alle dei nye som skulle komme.
Jenta vart 12 år, og her har ho nesten kort hår. Det er ivertfall det kortaste ho har hatt.
Jenta vart 12 år, og her har ho nesten kort hår. Det er ivertfall det kortaste ho har hatt.
Ho har nå begynt å interessere seg for klær, og reiste gjerne til by`n med venninner for å handle sjølv. På denne tida var det hest som var det aller viktigaste i livet hennar. Ho fekk ri på og stelle ein hest i bygda, og var på rideleir med ei venninne. Dette var før ho oppdaga at det fantes GUTAR.....

Åra gjekk og det nærma seg enda ei jul igjen, og kva skal skje da? Julekortfotografering...

Her står dei så fine alle tre, og nokon er litt tannlause...
Jenta er snart vaksen, og har fått seg ring i nasen....og håret er snart langt igjen.Konfirmanten måtte fotograferast hos fotograf, må vite...

Besta sin konfirmasjonskjole vart jenta fotografert i, også.

Jenta gjorde seg ferdig på ungdomsskulen, og starta på vidaregåande opplæring i teikning, form og farge, først i Ølen, og så videre i Haugesund. Der budde ho i tre år, og jobba samstundes på McDonalds. Snill , flink og blid har ho alltid vore. Ho er ei kreativ ung jente som hadde sin aller første kunstutstilling på "gamle slaktehuset" i Haugesund som 19 åring. Der selde ho ut alle måleria sine første dagen!!!!

Ho fortsatte ferda si til Stavanger der ho starta på skule for å bli illustratør, og fekk jobb på ein bar i helgene. Ho lika seg så godt i by`n at ho fann seg ein kjærast også....
mandag, juli 30, 2007
Bursdag:o)
På dette bildet er eg 1 år, og det er 37 år siden....
Så med andre ord: EG er 38 år i dag*hurra for meg*
Så alle er hjarteleg velkommen innom på kaffi og kaker:o)
Så med andre ord: EG er 38 år i dag*hurra for meg*
Så alle er hjarteleg velkommen innom på kaffi og kaker:o)
Abonner på:
Innlegg (Atom)

Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.