Dette året bestemte vi oss for å gjera ein vri på 17.mai feiringa
Ingen av oss hadde oppgåver på dagen
dermed kunne vi reisa avgårde til fjells.
.

herifrå skal eg gå til målet
og volvomannen dreg vidare med gammelbilen.
Volvoen og sauene danner fortroppen
i det vesle 17.mai toget
.

sauer er visst ikkje vande med å halda rekkjene
grønt gras lokkar meir enn heile paraden
.

bjørkjene vaia så vakkert i vinden
med sine nyutsprungne blad
.

oppover går det - med eller utan sauer
.

eg nærmar meg det høgaste punktet
.

på toppen står gammelbilen og ventar
for å få orden på rekkjene igjen....
.

med sekk på ryggen og norske flagg
det finns vel ikkje noko meir norskt enn det....???
.

fuglesang og Norges vakre natur
danner ramma for vårt vesle 17.mai tog
.

målet ligg langt der framme
.

dette er ein stad eg likar godt
stille og roleg - borte frå larm og bråk
men likevel så nært....
.

målet er nådd
- volvomannen sit her og ventar på baktroppen
.

ein vakker stad i mellom fjella
vanlegvis er vegen inn hit stengd for bilar,
men av og til er det greitt å vera kjenning av grunneigaren.
Volvomannen er dårleg til beins
og kunne ikkje teke denne turen utan transport...
.

i denne stova hadde ein gammelmann
fyrt godt i ovnen
- vi sat inne i gammelstova
åt vår niste og kake i anledning dagen.
Til vakker utsikt og lyden av sauebjøller
hadde vi ein fin avslutning på dagens tur til fjells.