Russland
| Russland | |||
| Росси́йская Федера́ция | |||
|
|
|||
| Adjektiv: russisk | |||
| Motto | Ikkje noko | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonaldag | 12. juni | ||
| Nasjonalsong | «Gosudarstvennyj gimn Rossijskoj federatsii» | ||
██ Anerkjent territorium██ Kravd, men ikkje internasjonalt anerkjent | |||
| Hovudstad | Moskva | ||
| Offisielle språk | russisk | ||
| Flatevidd | 17 075 400 km² | ||
| • vatn | 0,5 % km² | ||
| Folketal | 146 119 928 (1. januar 2025) | ||
| Historie | |||
| • Sjølvstende frå Sovjetunionen |
24. august 1991 | ||
| Styresett | Føderal semi- presidentiell republikk | ||
| • President | Vladimir Putin | ||
| • Statsminister | Mikhail Misjustin | ||
| BNP | 1 836 892 075 548 US-dollar (2021)[1] | ||
| HDI | 0,822 (2021)[2] | ||
| Gini | 36 (2020)[3] | ||
| Tidssone | UTC +2 til +12 | ||
| Valuta | Rubel | ||
| Telefonkode | +7 | ||
| ISO 3166-kode | RU | ||
| Toppnivådomene | .ru | ||
| Wikimedia Commons: Russia | |||
Den russiske føderasjonen eller berre Russland[a] er eit land i det austlege Europa og nordlege Asia.[4] Storleiken er 17 075 200 km² og folketalet 142,9 millionar ved folketeljinga i 2010.[5] Den noverande staten Russland oppstod 25. desember 1991 som den største etterfylgjarstaten til den oppløyste Sovjetunionen.
Russland er det største landet i verda i areal,[4] det strekkjer seg frå grensa mot Noreg og Finland i nordvest til Beringsundet i nordaust, frå grensene mot Baltikum, Belarus og Ukraina i vest, austover tvers gjennom Asia til grensa mot Nord-Korea og det nordlege Stillehavet. Russland er såleis både eit europeisk og eit asiatisk land, den geografiske grensa mellom verdsdelane blir vanlegvis rekna å gå langs fjellkjedene Ural og Kaukasus.
Politisk er Russland ein asymmetrisk føderasjon, det vil seie at dei 84 føderasjonssubjekta, som føderasjonen er bygd opp av, har ulik grad av sjølvstyre.[6] Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som opphavleg vart oppretta som sjølvstyrte einingar for etniske minoritetsgrupper. Hovudspråket russisk er eit av dei indo-europeiske språka.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Russland er det største landet i areal i verda, og omfattar nesten ein tredel av det eurasiske kontinentet. Grensa mellom den europeiske og asiatiske delen av landet går ved fjellkjeda Ural. Den europeiske delen, vest for Ural, utgjer om lag 23 % av arealet. Den asiatisk delen, aust for Ural, vert òg kalla Sibir. Det nordlegaste punktet i Russland, Kapp Fligeli på øygruppa Frans Josefs land ligg på 81°51’ nord. Det austlegaste punktet, på den vestlegaste av dei to Diomedesøyane, ligg på 169°0’ aust, tre kilometer frå amerikansk territorium på den austlegaste av Diomedsøyane. Det sørlegaste punktet ligg ved grensa til Aserbajdsjan, og det vestlegaste ved grensa til Polen. Russland strekkjer seg 4000 kilometer frå nord til sør, og 10 000 kilometer frå vest til aust.
Russland si grense er 60 933 kilometer lang, derav er 38 808 kilometer kystlinje. Russland har grenser mot Noreg (196 km), Finland (1340 km), Estland (294 km), Latvia (217 km), Belarus (959 km), Litauen (281 km, gjennom eksklaven Kaliningrad oblast), Polen (232 km, det same), Ukraina (1576 km), Georgia (723 km), Aserbajdsjan (284 km), Kasakhstan (6846 km), Kina (3645 km), Mongolia (3485 km) og Nord-Korea (19 km). Landet har kyst til Austersjøen og Svartehavet i vest, Nordishavet i nord og Stillehavet i aust.
Som det største landet i verda omfattar Russland mange ulike landskapstypar, og stor geografisk variasjon. I den europeiske delen, og vest i Sibir, ligg store sletteland. Enorme område består av taiga og tundra. Store delar av landet har permafrost. Store fjellområde finn ein i Ural, aust i Sibir og i Kaukasus ved sørgrensa i Europa.
Russland er eit av landa som har grense til den største innsjøen i verda, Kaspihavet. I Russland ligg den djupaste innsjøen i verda, Bajkalsjøen, det høgste fjellet i Europa, Elbrus, den lengste elva i Europa, Volga og den største innsjøen i Europa, Ladoga.[7] Fire av dei ti lengste elvene i verda renn gjennom den asiatisk delen av Russland: Jenisej, Ob, Amur og Lena. Den største øya i Russland er Sakhalin utanfor austkysten.
Hovudstaden er Moskva. Politisk er Russland delt inn i 83 føderasjonssubjekt: republikkar, distrikt, territorium og provinsar.

Klima
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Klima i Russland.
Klimaet i Russland har eit rykte på seg for vere ekstremt kaldt. Likevel har store delar av landet ein gjennomsnittleg dagtemperatur over 20 °C om sommaren, og ein kan til og med få enkelte hetebølgjer. Torebygene vert sjeldan kraftige bortsett frå i fjellområda og på dei sørlege steppene. Ein kan ha periodar med lett regn eller snø over store delar av landet, og sjølv om periodane kan vare ganske lenge kjem det sjeldan store mengder. Dei einaste stadane som har ein normal årsnedbør over 1000 mm er kysten av Stillehavet og enkelte stasjonar i fjellet.
Den europeiske delen av Russland ligg langt nok vest til at maritim luft frå Atlanterhavet stundom kan påverke vêret. Aust for Uralfjella, i den asiatiske delen av landet, oppstår det ei enorm og kald luftmasse ut på hausten, som vert liggande til ut på våren. Det er dei lågareliggande områda som merkar denne kulda mest, og i åssidene kan temperaturen vere så mykje som 20 °C varmare. Likevel vil dei fleste områda av Sibir kome under -40 °C kvar vinter, og enkelte stader kan bli mykje kaldare. Den store temperaturskilnaden mellom aust og vest, gjer at moskovittar like gjerne kan dra vestover som sørover for å finne varmare forhold. Heile landet er kaldt nok til at det kan dekkast av eit 30 cm snødekke, som vert liggande heile vinteren. Våren kjem fort på og i løpet av april og mai er det meste av snøen borte. Bortsett frå på den arktiske kysten og i dei austlege områda, kjem mesteparten av nedbøren om sommaren i form av regnbyer.
Historie
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Russisk historie.
Opphav, Kyivriket og invasjonar frå aust
[endre | endre wikiteksten]Steppene i dagens Russland blei tidleg folkesette av grupper som blant anna skytarar. Seinare slo greske kolonistar seg ned rundt Svartehavet og førte med seg impulsar frå den klassiske verda. I folkevandringstida blei òg det seinare Russland invadert av nomadar som avarane og hunarane. Nokre seinare danna khazarane eit rike i nordlege Kaukasus.
Frå 500-talet kom slavarar frå Sentral-Europa, og i løpet av dei neste par hundreåra blei dei gradvis den dominerande folkegruppa i vestlege Russland. Frå midten av åttehundretalet dominerte skandinaviske vikingar vassvegane i vestlege Russland og Ukraina. Krøniker frå denne tida fortel at ein Rurik skal ha blitt konge i Novgorod rundt 860, og etterkomarane hans ekspanderte sørover til Kyiv og flytta maktsentrumet dit. I løpet av dei neste par hundreåra var Kyivriket dominerande i Aust-Europa.I det ellevte og tolvte århundre ble slaverne invadert av tyrkiske folkegrupper som kiptsjakene og petsjenegene. Senere ble de tyrkiske rikene invadert av mongolene. Mongolene dannet staten Den gylne horde, som kontrollere mesteparten av Russland i tre hundre år. Mal:Russlands historie
Storfyrstedømet Moskva
[endre | endre wikiteksten]Storfyrstedømet Moskva var det mektigaste av statsdanningane som hadde eksistert under den gylne horden. Dominansen til Moskva auka gradvis, og rivalar som Tver og Novgorod blei etter kvart innlemma i riket. Mongolane (eller tatarane, som dei etter kvart blei kjende som) blei òg gradvis drivne tilbake, og Ivan III («den store») firedobla territoriet til Moskva på andre halvdel av 1400-talet. Ivan tok tittelen «storfyrste over alle russarar», og bygde Kreml i Moskva.
I 1547 blei Ivan IV («den grufulle») krona til tsar. Ivan innførte ei rekkje reformer, med opritsjnina som den mest radikale. På 1600-talet ekspanderte Moskva-riket austover og danna koloniar i Sibir og ved Stillehavet.
Moskva-riket under Romanov-dynastiet
[endre | endre wikiteksten]Frå 1613 til 1917 var riket styrt av Romanov-dynastiet. Samfunnet var patriarkalsk og sterkt rangdelt, med liten grad av fridom. Størstedelen av folkesetnaden var rettslause landarbeidar som levde under styret til godseigarane. Dersom eit gods blei selt, følgde gardarbeidarane automatisk med som eigedom. Loven om at gardsarbeidarane låg under godseigarane (liveigenskap) blei avskaffa i 1861, men sjølv om folka blei frie, levde dei framleis eit svært hardt liv. Dei fleste var analfabetar, og hadde ofte vanskar med å skaffa nok mat.
På 1800-talet stod Russland fram som ei av dei leiande maktane i Europa og verda. Sigeren over Napoleon og den etterfølgjande russiske okkupasjonen av Paris var eit høgdepunkt for russisk stormakt. Russland ekspanderte på denne tida òg transkontinentalt med Det russisk-amerikanske kompaniet, men det russiske festet på det amerikanske kontinentet ende då Alaska blei selt til USA i 1867.
Det vaks òg fram betydeleg indre opposisjon, ikkje minst av agrar-populistisk karakter (narodnikane) og tidlege sosialistiske opposisjonsgrupper rundt dei nye fabrikkbyane. Mykje av motstanden mot tsar-styret var derimot religiøs og tilbakeskodande, og var vendt mot vestleggjeringa som starta med Peter den store (1682-1725).
Svakheitene til Russland blei stadig tydelegare på 1900-talet. Nederlaga i den russisk-japanske krigen i 1904 utløyste eit revolusjonsforsøk som blei slått ned i St. Petersburg i januar 1905. Deltakinga på Ententen si side mot Tyskland og sentralmaktene i den fyrste verdskrigen viste kor svakt samfunnet var. I februar 1917 gjorde militærstyrkar, arbeidarar og bønder opprør, og tsar Nikolaj II blei tvinga til å abdisera. Dette styrka motsetningar og oppløysinga av samfunnsmaskineriet. Det blei sett in ei mellombels regjering i Petrograd (St. Petersburg), men denne makta ikkje å avslutta krigsdeltakinga. Dette la grunnlaget for oktoberrevolusjonen same året, då bolsjevikane tok makta. Tsaren og familien hans blei haldne fanga av bolsjevikane, før dei blei likviderte natt til 17. juli 1918 i Jekaterinburg.
Sovjetunionen
[endre | endre wikiteksten]Utdjupande artikkel for dette emnet er Sovjetunionen.
Gjennom andre trinn i Den russiske revolusjonen kom kommunistane under leiing av Vladimir Lenin til makta 7. november 1917 (oktober etter den ortodokse kalenderen landet nytta då). Dei slutta øyeblikkeleg fred med Tyskland i Brest-Litovsk, ein fred som innebar at store delar av vestlege Russland mellombels kom under tysk kontroll. Etter at kommunistane sigra i den russiske borgarkrigen frå 1918 til 1922, blei Sovjetunionen etablert. Etter revolusjonen erklærte Finland sjølvstende, og kontrollen over landet gjekk tapt, saman med randstatane Estland, Latvia og Litauen, som erklærte sjølvstende i 1918.
Ein krig med Polen frå 1919 til 1921 blei avslutta med Riga-freden, og fastsette nye grenser for landet i vest. Dei delane av det gamle tsarriket som var dominerte av andre folkegrupper enn russarar, fekk no status som eigne sovjetrepublikkar, formelt likestilte med Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikken (RSFSR), men reelt avhengige av og fullt underlagt den russisk-dominerte Sovjetunionen frå 1923. RSFSR utgjorde 2⁄3 av folketalet og over 70 prosent av landarealet i Sovjetunionen, og russarar hadde dei fleste leiarposisjonane i partiet.
I åra rundt 1930 klarte generalsekretæren til kommunistpartiet Josef Stalin i den interne maktkampen etter at Lenin var død i 1924 å utmanøvrera moglege konkurrentar blant partifellane. Ei storstild industrialisering gjennom femårsplanane omvandla landet raskt til ei industrimakt. Det blei gjennomført landbruksreformer (kollektivisering) med tilbakeslag på grunn av tørke og organisatoriske feilgrep. Eit system av tvangsarbeids- og fangeleirar blei formalisert i 1930 i Gulag, som fram til Stalin døydde i 1953 hadde 14 millionar fangar i leirer og 4-5 millionar i koloniar.[8] Under Moskvaprosessane i 1937-39 blei all opposisjon reinska av vegen, og Stalin etablerte eit personleg diktatur.
I august 1939 underteikna Sovjetunionen og Tyskland ei ikkje-angrepspakt (Molotov-Ribbentrop-pakta), som òg delte Sentral- og Aust-Europa i innverknadssfærar. Etter at Tyskland angreip Polen i september 1939 gjekk Sovjetunionen inn i austpolske område med belarusisk og ukrainsk folkesetnad som blei gjenforeinye med sovjetiske Belarus og Ukraina. I slutten av november 1939 gjekk Sovjetunionen til åtak Finland, som måtte avstå territorium etter vinterkrigen. I juni 1940 blei Estland, Latvia og Litauen innlemma i Sovjetunionen. I juni 1941 braut Tyskland ikkje-angrepspakta og gjekk til angrep på Sovjetunionen. Kampane mot Tyskland under andre verdskrigen blei ei stor påkjenning på Sovjetunionen, med eit samla tap på nesten 27 millionar menneske, men sigaren over aksjemaktene gjorde landet til ei av dei to supermaktene i verda.
I etterkrigstida var store delar av verda delt mellom amerikansk og sovjetisk innverknad, i det som var kjend som den kalde krigen. Sovjetunionen var det leiande landet i austblokka, militært gjennom Warszawapakta, økonomisk gjennom COMECON. Forsøk på å bryta den sovjetiske dominansen, som ved oppstandane i DDR i 1953 og i Ungarn i 1956, og under Prahavåren i Tsjekkoslovakia i 1968, blei slått ned.
Det sovjetiske samfunnet var basert på planøkonomi og kommunisme. På 1980-talet byrja sprekkane i sovjetsystemet å visa seg, og vanlege borgarar kunne føle problema på kroppen. På slutten av 1980-talet innførte den sovjetiske leiaren Mikhail Gorbatsjov store økonomiske og politiske reformer i landet, kjende som perestrojka og glasnost. Han fekk til ei fredeleg avslutning på den kalde krigen gjennom forhandlingar med USA om drastiske reduksjonar i dei kjernefysiske våpenlagera og ved å trekka dei sovjetiske troppane tilbake frå satellittstatane i Aust-Europa. Då landa i aust eitt for eitt vende seg vekk frå kommunismen og opna seg for demokrati og marknadsøkonomi, greip ikkje Gorbatsjov inn, men han ynskte ikkje at det same skulle skje med Sovjetunionen.
I 1991 blei det klart at dei økonomiske reformen til Gorbatsjov ikkje fungerte etter hensikten. Prisane på varer steig, og levestandarden gjekk ned. Dei politiske reformene var òg mislykka, sett frå synspunktet til kommunistpartiet. I løpet av 1991 gjekk Sovjetunionen i oppløysing.
Russland etter at Sovjetunionen fall
[endre | endre wikiteksten]
Tida etter unionsoppløysinga var prega av brutal privatisering og økonomisk kaos. Bruttonasjonalproduktet blei halvert i fyrste halvdel av 1990-talet, medan korrupsjon og organisert kriminalitet blei openlyst. I 1993 var Russland på randen av borgarkrig mellom tilhengjarar av president Boris Jeltsin på den eine sida og dei meir autoritære grupperinga i parlamentet på den andre. Jeltsin vann maktkampen, men fekk ei turbulent tid som president med blant anna ein blodig krig mot opprørarar i den autonome republikken Tsjetsjenia. Jeltsin gjekk av nyttårsaftan 1999 og blei etterfølgd av Vladimir Putin. Våren 2000 blei Putin vald på eit program for nedsetting av skattar og avgifter og administrative forenklingar, og landet fekk eit meir stabilt styre som fall saman med sterk økonomisk vekst. I takt med den økonomiske veksten auka kritikken frå USA og allierte, basert på påstandar om bruk av udemokratiske middel. I 2008 blei Putin etterfølgd som president av Dmitrij Medvedev, men overtok stillinga som statsminister og heldt på den reelle politiske makta. Etter presidentval i 2012 blei rollene reverserte. Regjeringa har framleis politikken med styrking av sentralmakta i Moskva. Samstundes blei den militære slagkrafta til landet styrka og det dreiv ein meir offensiv utanrikspolitikk, som blant anna gav seg utslag i krigen mot Georgia i 2008 og okkupasjonen av Krimhalvøya i 2014.
Den russisk-ukrainske krisa 2021-2022 og invasjonen av Ukraina 2022
[endre | endre wikiteksten]Dei ukrainske oblasta Donetsk og Luhansk har sidan 2014 vore delvis kontrollert av pro-russiske separatistar. Folkerepublikken Donetsk og Folkerepublika Lugansk blei erklærte i 2014. Utbrytarane fekk støtte frå Russland, og kontakten med øvrige Ukraina stengd av ei frontlinje. Russiske styrkar har uoffisielt vore til stades i området sidan 2014.[9] Russiske styresmaktar rekna fram til februar 2022 desse to områda som del av Ukraina.[10]
21. februar 2022 kunngjorde president Vladimir Putin at Russland ville anerkjenna dei to ukrainske utbryterområda som uavhengige og bad det russiske parlamentet om å godkjenna avgjerda. Putin inngjekk samstundes vennskap- og bistandsavtale med leiarane for dei to sjølverklærte republikkane[11] med rett for Russland til å etablera militærbasar og utplassera raketter.[12] Putin kunngjorde straks at Russland ville senda «fredsbevarande styrkar» inn i området.[13] Få timar seinare blei russiske stridsvognar observerte på veg inn i området.[14][15] Eit fleirtal i tryggleiksrådet i SN, inkludert USA, fordømte anerkjenninga til Russland og at dei sende styrkar inn i Ukraina (Russland har vetorett i tryggleiksrådet).[16][17] Kina fordømte ikkje Russland si anerkjenning av utbrytarane.[18] I vekene før blei det observert (blant anna på satelittfotografi) russisk styrkeoppbygging langs grensa til Ukraina og Russland dreiv militærøving inne i Belarus. Amerikanske og britiske leiarar åtvara om ein komande invasjon av Ukraina og antok at Russland ville nytta falsk flagg for å få påskot om å invadera.[19][20]
Den internasjonale straffedomstolen har innleidd etterforsking av moglege krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja som følgje av den russiske invasjonen.[21] Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa godkjente 3. mars 2022 planar for å dokumentera russiske krigsbrotsverk med tanke på straffeforfølging.[22][23]
Forsvar
[endre | endre wikiteksten]
Det russiske forsvaret har dei tre forsvarsgreinene Hæren, Marinen og Russlands luft- og romforsvar. I tillegg kjem Dei strategiske rakettstyrkane, og Dei russiske luftlandestyrkane, som har ei uavhengig stilling og ikkje er underlagt forsvarsgreinene. Forsvaret er organisert under Forsvarsdepartementet i Russland, med Russlands president som øvstkommanderande. Russland har verneplikt, der menn har pliktteneste i eitt år og kallast inn i løpet av alderen 18 til 27 år. Dei årlege forsvarsutgiftene utgjer 3,9 % av BNP.[24] Det er stadig minkande mannskap i det russiske forsvaret; medan forsvarsstyrkane i 1992 talde 2,8 millionar mann, gjekk talet ned til 1,2 millionar i 1999 og til 850 000 i 2003.[25]
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Nevninga russkij («russar») vert brukt om etniske russarar, om dei bur i Russland eller ikkje, medan ordet rossijanin omfattar alle borgarar av Russland («russlendingar»). Ved folketeljinga i 2010 var 77,7 % av innbyggjarane i Russland etniske russarar, ein nedgang frå 79,8 % i 2002. Resten av folkesetnaden utgjorde opptil 160 ulike minoritetsgrupper. Dei største var:[5]
- Tatarar - 3,7 %
- Ukrainarar - 1,3 %
- Basjkirar - 1,1 %
- Tsjuvasjar - 1,0 %
- Tsjetsjenarar - 1,0 %
Folketalet i Russland har vore minkande, og gjekk ned med 3,0 % mellom folketeljingane i 1989 og 2010:[5]
- 1959: 117 534 000
- 1970: 130 790 000
- 1979: 137 410 000
- 1989: 147 220 000
- 2002: 145 200 000
- 2010: 142 900 000
I 2025 hadde Russland 16 millionbyar:[26][27]
- Moskva - 13 274 285 ib.
- St. Petersburg - 5 652 922
- Novosibirsk - 1 637 266
- Jekaterinburg - 1 548 187
- Kazan - 1 329 825
- Krasnojarsk - 1 211 756
- Nizjnij Novgorod - 1 198 245
- Tsjeljabinsk - 1 176 770
- Ufa - 1 166 098
- Krasnodar - 1 154 885
- Samara - 1 154 223
- Rostov-na-Donu - 1 143 123
- Omsk - 1 101 367
- Voronezj - 1 041 722
- Perm - 1 027 518
- Volgograd - 1 012 219
Kultur
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå russisk kultur.
Den russiske tenkjemåten
[endre | endre wikiteksten]Det er hevda at den russiske tenkjemåten og mentaliteten skil seg generelt frå den vesteuropeiske på grunnleggjande vis, og at folk med vestleg bakgrunn difor ikkje utan vidare vil kunne skjøne seg på russisk religiøsitet, samfunnstilhøve og politiske prosessar.[28]
Språk
[endre | endre wikiteksten]
Det vert tala over 100 ulike språk i Russland. Dei fleste språka er med i den indoeuropeiske, altaiske, uralske, kaukasiske eller paleoasiatiske språkfamilien. Om lag 92 % av folketalet, 130 millionar menneske, har russisk som morsmål. Russisk er òg offisielt språk i Den russiske føderasjonen. Mange av dei enkelte føderasjonssubjekta gir òg offisiell status til eitt eller fleire andre språk. Folketeljinga i 2002 talde kor mange som meistra andre språk enn russisk, men registrerte ikkje om dette var som morsmål eller andrespråk, difor kjem òg vesteuropeiske språk med på lista:[29]
- Engelsk - 6 955 315
- Tatarsk - 5 347 706
- Tysk - 2 895 147
- Ukrainsk - 1 815 210
- Basjkirsk - 1 379 727
- Tsjetsjensk - 1 331 844
- Tsjuvasjisk - 1 325 382
- Armensk - 904 892
- Avarisk - 784 840
- Fransk - 705 217
- Aserbajdsjansk - 669 757
- Mordvinsk - 614 260
- Kabardino-tsjerkessisk - 587 547
- Kasakhisk - 563 749
- Darginsk - 503 523
Religion
[endre | endre wikiteksten]Tradisjonelt har russarane vore russisk-ortodokse kristne. Ortodoks kristendom var statsreligion fram til revolusjonen i 1917, etter at storfyrsten, Vladimir I av Kiev, konverterte til kristendommen i 988. Mange folkeslag som vart underlagt det russiske imperiet konverterte òg til ortodoks kristendom, men mange, særskilt muslimske folkeslag, heldt fast ved den gamle religionen sin. Ei lov frå 1997 definerte kristendom, islam, buddhisme og jødedom som del av Russland si historiske arv.
Det finst i dag ikkje offisiell statistikk over talet på truande for ulike religionar i Russland, men etter overslag midt på 1990-talet var om lag 50 % av folket ikkje truande. 30-40 % var russisk-ortodokse kristne. Ei undersøking i 2007 fann at 63 % av folket såg seg sjølv som ortodokse kristne.
Talet på muslimar vert vurdert til mellom 10 og 20 millionar. Fleire av folkeslaga langs Volga, t.d. tatarar og basjkirar, og i Nord-Kaukasus, t.d. tsjetsjenarar, er tradisjonelt muslimar. Det finst over 6000 moskear i Russland.
Burjatar, tuvinarar og kalmykar er tradisjonelt buddhistar. Russlands buddhistiske samband vurderer talet buddhistar til mellom 1,5 og 2 millionar.
Ved folketeljinga i 2002 oppgav om lag 230 000 personar jødisk nasjonalitet. Dei fleste jødane i Russland er sekulariserte. Eit stort tal jødar har utvandra til Israel dei siste tiåra. Det finst om lag 70 synagogar i Russland.
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Russland er ein føderal, presidentstyrt republikk. Føderasjonen består av 84 føderasjonssubjekt. Landet vert styrt etter grunnlova som vart vedtatt 12. desember 1993. Statsleiaren er presidenten, som vert vald for fire år om gongen ved allmenne val. Førre val var den 2. mars 2008, då Dmitrij Anatoljevitsj Medvedev vart vald til sin første presidentperiode. Presidenten kan ikkje stille til val meir enn to gonger på rad. Presidenten har store fullmakter. Han styrer utanrikspolitikken, og er øvstkommanderande for dei væpna styrkane. Presidenten utnemner statsministeren, som må godkjennast av nasjonalforsamlinga, dumaen. Om presidenten fell frå, vert statsministeren fungerande president.
Nasjonalforsamlinga består av to kammer: Føderasjonsrådet (Sovet federatsii) og Statsdumaen (Gosudarstvennaja Duma). I føderasjonsrådet sit to representantar for kvart føderasjonssubjekt. I statsdumaen sit 450 representantar som vert valde ved forholdstalsval, med ei sperregrense på sju prosent. Ved det siste parlamentsvalet, 2. desember 2007, vart partiet Sameint Russland det klart største, med 64,3 % av røystene, og 315 plassar i dumaen. Tre andre parti kom inn i dumaen, Den russiske føderasjonens kommunistiske parti (57), Russlands liberaldemokratiske parti (40) og Rettferdig Russland (38).
Under Vladimir Putin sin presidentperiode (frå 2000 til 2008) vart forholda for opposisjonen i Russland vanskelegare. Den liberale opposisjonen boikotta presidentvalet i 2004. Parlamentsvalet i 2007 vart rekna som ufritt og manipulert av internasjonale observatørar, og det same gjaldt presidentvalet i 2008. Manipuleringa var mest tydeleg i enkelte av dei føderale republikkane - Sameint Russland fekk, etter dei offisielle resultata, over 99 % av røystene i republikkane Tsjetsjenia og Ingusjetia.
Føderasjonssubjekta fekk mindre sjølvstyre under Putin. Seks lite folkesette føderasjonssubjekt har blitt slått saman med naboområde, slik at talet på føderasjonssubjekt i mai 2008 er 83. Russland har vorte kalla ein asymmetrisk føderasjon, dette tyder at graden av sjølvstyre varierer mellom føderasjonssubjekta. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som er oppretta for ein eller fleire etniske minoritetar. Alle føderasjonssubjekta har eit parlament og ei regjering. Leiarane av republikken har tittelen president. Etter 2004 er ikkje desse leiarane lenger folkevalde, men vert utpeika av Russlands president. Dei må så godkjennast av det regionale parlamentet. Russland er òg delt inn i sju føderale distrikt. Leiaren av desse vert utpeika av Russlands president, og skal sjå til at føderasjonssubjekta fylgjer grunnlova.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD; vitjingsdato: 26. august 2023; utgjevar: Verdsbanken.
- ↑ https://hdr.undp.org/data-center/human-development-index#/indicies/HDI; utgjevingstidspunkt: 2022.
- ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI.
- 1 2 Büchert Eskildsen, Mads. «Rusland» (på dansk). Lex på lex.dk.
- 1 2 3 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010
- ↑ «Russland» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Russia» (på engelsk). Britannica. Henta 28. mai 2026.
- ↑ Robert Conquest in Victims of Stalinism: A Comment, Europe-Asia Studies, årg. 49, nr. 7, 1997, s. 131: «We are all inclined to accept the Zemskov totals (even if not as complete) with their 14 million intake to Gulag 'camps' alone, to which must be added 4-5 million going to Gulag 'colonies', to say nothing of the 3.5 million already in, or sent to, 'labour settlements'. However taken, these are surely 'high' figures.»
- ↑ NRK (22. februar 2022). «Drømmen om et imperium og stormaktsspill». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2022.
- ↑ «What is the background to the separatist attack in east Ukraine?». the Guardian (på engelsk). 17. februar 2022. Henta 21. februar 2022.
- ↑ Berg (Grafikk), NTB |, Brage Lie Jor, Kaja Storrøsten, Kjell Erik (21. februar 2022). «Anerkjenner områder som uavhengige». dagbladet.no (på norsk). Henta 22. februar 2022.
- ↑ «Is Russia invading Ukraine and what will happen next?». the Guardian (på engelsk). 22. februar 2022. Henta 22. februar 2022. «Putin has also sent his military on a “peacekeeping mission” to Ukraine, meaning that Russia will formally occupy sovereign Ukrainian territory for a second time following the 2014 annexation of Crimea. But in this case, Russia has not annexed the territories. A document signed by Putin on Monday also allows him to establish military bases or place missiles in the territories.»
- ↑ Zondag, Martin H. W. (21. februar 2022). «Putin har beordret soldater inn i Ukraina». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2022. «Han påpeker samtidig at Russland siden 2014 har hatt en sterk uoffisiell militær tilstedeværelse i deler av Donetsk og Luhansk. Det betyr at det er noe usikkert hvor store praktiske konsekvenser den siste utviklingen har.»
- ↑ Zondag, Martin H. W. (21. februar 2022). «Putin har beordret soldater inn i Ukraina». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2022.
- ↑ «Russia strongly condemned at UN after Putin orders troops into eastern Ukraine». the Guardian (på engelsk). 22. februar 2022. Henta 22. februar 2022.
- ↑ Myklebust, Bjørn (21. februar 2022). «Norge fordømmer Russlands anerkjennelse av opprørsrepublikker». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2022.
- ↑ AS, TV 2 (22. februar 2022). «- Et alvorlig brudd på FN-pakten». TV 2 (på norsk). Henta 22. februar 2022.
- ↑ CNN, Simone McCarthy. «As the West condemns Russia over Ukraine, Beijing strikes a different tone». CNN. Henta 22. februar 2022.
- ↑ CNN, Natasha Bertrand and Jennifer Hansler. «US alleges Russia planning false flag operation against Ukraine using 'graphic' video». CNN. Henta 22. februar 2022.
- ↑ Kolberg, Marit (18. februar 2022). «Biden: Russland kan angripe innen en uke». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2022.
- ↑ «ICC åpner etterforskning i Ukraina». NRK. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «Moscow Mechanism Invoked by 45 OSCE States To Review Reported Abuses by Russia». state.gov. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «Russia’s Ukraine Invasion Devolving Into ‘Strategic Catastrophe’ for Putin: U.S. Envoy». Foreign Policy. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «Russia». The World Factbook (på engelsk). CIA. 2009. Arkivert frå originalen 3. juli 2015. Henta 24. september 2009.
- ↑ Menon (2004, s. 252)
- ↑ «Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2025 года». rosstat.gov.ru. Henta 14. januar 2026.
- ↑ «Russia: Federal Districts and Major Cities». citypopulation.de. Henta 14. januar 2026.
- ↑ Den russiske idéverda og tilhøyrande problemstillingar er det gjort greie for i til dømes den russiske idéhistorikaren Nikolaj Berdjajevs bok Den russiske idé og nordmannen Peter Normann Waages bok Russland er sitt eget sted.
- ↑ Folketeljinga i 2002, arkivert frå originalen 26. januar 2012, henta 16. februar 2008
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Menon, Rajan (2004). «Leaders, structural conditions, and Russia's foreign policy». I Brudny, Yitzhak; Frankel, Jonathan; Hoffman Stefani. Restructuring Post-Communist Russia. Cambridge University Press. ISBN 9780521840279.
- Berdjajev, Nikolaj. 2012. Den russiske idé : Grunnleggende problemer i russisk tenkning på 1800-tallet og begynnelsen av 1900-tallet. Omsett til norsk av Torgeir Bøhler, innleiing av Pål Kolstø, personregister og forklårande notar. Oslo 2012: Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1704-1
- Waage, Peter Normann, Russland er sitt eget sted : streker til et lands biografi. [Oslo] 2012: Arneberg Forlag. ISBN 978-82-8220-036-3
