close
Hopp til innhald

Portugal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
República Portuguesa

(norsk: Portugal, portugisisk)

Det portugisiske flagget Det portugisiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «A Portuguesa»
MottoIkkje noko
Geografisk plassering av Portugal
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad Lisboa
Styresett
Republikk
António José Seguro
Luís Montenegro
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
92 090 km² (110.)
0,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
10 839 514 (80.)
117,7 /km² (70.)
Sjølvstende
1139
Nasjonaldag 10. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
288 600 mill. USD (52.)
28 500 USD (46.)
Valuta Euro
Tidssone UTC -1/0
Telefonkode +351
Toppnivådomene .pt


Portugal er eit land på Pyrenéhalvøya sørvest i Europa. Portugal grensar til Spania og har ei lang kystlinje mot Atlanterhavet. Øyane Madeira og Asorane høyrer òg til Portugal. Hovudstaden er Lisboa. Portugal dekker eit areal på 92 391 km² og har 10,28 millionar innbyggjarar (per juli 2019).

Historia til Portugal som sjølvstendig land strekkjer seg tilbake til Reconquista, og fastlandsdelen av Portugal har stort sett hatt dei same grensene sidan midten av 1200-talet. Landet har ei fortid som kolonimakt og herska mellom anna over Brasil og Mosambik, men har òg sjølv opplevd ytre påverkingar frå ulike folkeslag, som keltarar, fønikarar, romarar, visigotarar og maurarar. Portugal er ei av dei eldste statsdanningane i Europa. Portugal var den fyrste europeiske kolonimakta (frå 1400-talet) og den siste av desse som gav koloniane sjølvstende, med unntak av Brasil, som blei sjølvstendig i 1822.[1] Frå 1400-talet var Det portugisiske imperiet eit av dei største i verda og omfatta blant anna Brasil, Portugisisk India og store område i Afrika. Rundt 1500 var Lisboa den største handelsbyen i verda.[2] Portugal sitt grep om koloniane lausna gjennom den portugisiske kolonikrigen og den indiske anneksjonen av Goa i 1960- og 1970-åra. Deidelvis sjølvstyrte øygruppene Asorane og Madeira i Atlanterhavet er dei einaste gjenverande oversjøiske eigedomane til Portugal.

Oktoberrevolusjonen i 1910 gjorde Portugal til republikk, men frå 1926 var landet eit diktatur under António de Oliveira Salazar. Salazar sin Estado Novo varte ved til nellikrevolusjonen i 1974, og Portugal har sidan den gongen vore eit stabilt demokrati. Landet blei med i det dåverande EF i 1986, og blei med i euroarbeidet ved innføringa i 1999. Portugal er eit av dei opphavlege medlemslanda i NATO, blei med i FN i 1955, og er òg med i Samveldet av portugisiskspråklege land.

Etter den fyrste koloniseringsbølgja på 1400-1500-talet har Portugal lege bak resten av Vest-Europa i utvikling. Portugal hadde lenge den fattigaste og minst utdanna folkesetnaden i Vest-Europa. Landet har få naturressursar.[3]

BERJAYA
Kart over Portugal.

Namnet «Portugal» kjem frå det romerske stadnamnet Portus Cale, som var ein hamneby på staden der byen Porto ligg i dag. Namnet blei truleg fyrst nytta om grevskapet Portugal i området mellom elva Minho og Douro.[4] Området kom under romersk påverknad kring 200 f.Kr. i samband med den andre punarkrigen, og i samband med dette blei den eldre kartagiske byen Cale omdøypt til Portus Cale. Gjennom folkevandringstida blei området vest på Pyrenéhalvøya kjent som Portucale, medan forma Portugal blei nytta frå 1000-talet.

Fram til 1714 var «Spania» berre ei geografisk nemning for Pyrenéhalvøya, inkludert Portugal. I ettertid har det blitt vanleg å nytta namnet «Spania» eller «dei spanske rika» om statsdanningane som dekka det same territoriet som Spania.[5]

For meir om dette emnet, sjå Portugisisk geografi.

Portugal ligg i det sørvestlege hjørnet av Europa og utgjør saman med Spania Pyrenéhalvøya. Det portugisiske fastlandet er forma omtrent som eit rektangel, med Atlanterhavet i vest og sør og Spania i nord og aust. Kystlinja mot Atlanterhavet er 837 km lang, medan nordgrensa og austgrensa mot Spania er høvesvis 336 og 839 km. Inkludert Asorene og Madeira har Portugal eit areal på 92 080 km². Det vestlegaste punktet på det portugisiske fastlandet er Kapp Roca38°47′N 9°30′W / 38.783°N 9.500°W / 38.783; -9.500, og dette punktet er også det vestlegaste punktet på det europeiske fastlandet.

Hovudelva Tejo deler landet i to område som er ulike med omsyn til landskap, klima og vegetasjon. Nord for elva er det mest skogdekka høgland, medan landskapet sør for elva er lågt og bølgande. Det er få naturlege barrierar av tyding langs grensa mot Spania.[6] Tejo har utspring i sentrale Spania. Den store munningen til Tejo dannar ei svært god hamn for Lisboa.

Dei største portugisiske byane er Lisboa, Porto, Coimbra, Braga, Faro, Portimão, Évora, Leiria, Beja, Viseu, Guarda, Guimarães og Bragança. Folk bur hovudsakleg langs kysten.

Landskapstypar og geologi

[endre | endre wikiteksten]

Geografisk er Portugal eit heterogent land. Naturgeografien varierer mykje mellom dei ulike delane av landet, noko som igjen har bidratt til å forma lokalsamfunn og næringsliv. Nord for Tejo er landskapet dominert av fjellplatå, djupe elvedalar og ein del fjell. Sør for Tejo er landet flatare og mindre variert, med mest sletter og slakke åsar. Dei store elvane går stort sett frå aust til Atlanterhavet i vest. Kysten er litt over 800 km lang og er variert med både store klipper og skjerma sandstrender som langs Algarve.[7] Det nordlege Portugal er eit fjellrikt område med mykje regn, og er karakterisert av mange små gardar og vinmarker. Det er her nasjonalstaten Portugal har opphavet sitt. I desse avsidesliggjande områda har folk rykte på seg for å vera hardtarbeidande, tradisjonalistiske og fromme katolikkar.[8] Hovudelvane Douro og Tejo har opphav i Spania.

BERJAYA
Eik i åker, typisk for landskapet i Alentejo i det sørlege Portugal.

Det sentrale Portugal, mellom elva Douro og Tejo, har for det meste sanddyner og barskog langs kysten. Dette er område der fiske har vore den tradisjonelle næringsvegen. Lenger inn i landet er landskapet dominert av små og mellomstore gardar. Hovudstaden Lisboa ligg ved kysten i det sentrale Portugal, og står for mesteparten av industrien og handelen i landet.[9] Den austlege delen av Portugal er eit framhald av det spanske platået (meseta), og over dette stikk det opp nokre fjellkjeder som Serra da Estrella. Portugal har meir lågland enn Spania, særleg i Alentejo. Kysten er generelt låg og flat med sanddyner.[10]

Det sørlege Portugal blir kalla Alentejo og er dominert av åslandskap og sletter med store gods og landbruk i stor skala, der det mellom anna blir dyrka kveite.Dette området har tradisjonelt vore ein arnested for radikale politiske rørsler. Den sørlegaste regionen i landet er kjend som Algarve og består av svært tørre område. Dette er den delen av landet der den mauriske innverknaden er mest merkbar, både på den lokale arkitekturen og dialekten.[11]

Geologisk er Portugal ein del av Det iberiske massivet. Landet dannar grensesona mellom det indre av Pyrenéhalvøya og kystslettene langs Atlanterhavet. Fjellområda i det nordlege Portugal tilhøyrer til den hercynske foldinga, som blei oppsprukken og forkastet i tertiær, medan senkingane har tertiære og kvartære avleiringar. Sørlege Portugal består av låge platå med skiferbergarter, kalk- og sandstein. Øygruppene Asorene og Madeira er av vulkansk opphav.[12]

Portugal utgjer den vestlege delen av Pyrenéhalvøya, og møter ofte lågtrykk frå Atlanterhavet om vinteren. Det meste av nedbøren fell i Portugal, og ikkje mykje går vidare til Spania i aust. Fjellområda i den nordlege halvdelen av Portugal forsterkar denne effekten. Enkelte av dei nordlege vêrstasjonane får like mykje nedbør om vinteren som vestkysten av Irland og Skottland, med snø i høgda. Lågtrykka streifar vanlegvis berre innom dei sørlegare områda, som Faro og Beja, og her regnar det gjerne berre eit par gonger i veka om vinteren. Vintertemperaturane langs kysten er om lag som langs kysten av Spania, men i fjella er det vesentleg kaldare.

Klimaet nord i Portugal er fuktig og mildt på grunn av Atlanterhavet. Sør i landet er det varmare, tørrare, og med milde vintrar.

Somrane har som regel fint vêr, medan Atlanterhavet av og til fører med seg litt fukt over land. Temperaturane når vanlegvis 24-30 °C på ettermiddagen langs kysten, medan det er litt lågare temperaturar i fjellområda. I den søraustlege delen av Portugal kan det derimot bli svært varmt, og Riodades målte ein gong 50 °C. Dei nordlege områda kan få ei og anna regnbye om sommaren, medan det stort sett er tørt lenger sør. Temperaturane er òg behagelege om våren og hausten, og nedbøren held seg på eit minimum frå mai til november. Lisboa har ein normal årsnedbør på 708 mm, og berre 17 mm av dette kjem i perioden juni-august. Porto, som ligg lenger nord på kysten, får derimot 1150 mm i året, medan Faro berre får 521 mm (7 mm frå juni til august).

Vegetasjon

[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjonen varierer på grunn av varierande klima og jordsmonn. I høgda i nord er bjørk, kastanje, eik og lønn vanleg, med bregnar og lyng på bakken – ein vegetasjon som liknar på den som finst i Nord-Europa. Ein god del av planteveksten er typisk for middelhavsområdet og dessutan ein del nordafrikansk vegetasjon. I sør er eukalyptus, korkeik og oliventre vanleg. I Alentejo finst det store sletter dekte med korkeik. Portugal har 30 % av førekomsten i verda av dette treslaget, og er den største produsenten i verda av kork. I sør veks typiske middelhavsurtar som rosmarin, timian og lavendel. I sør trivst også tropiske og subtropiske vekstar som fiken, mandel, sitron, appelsin og granateple.[13][14] I nordlege og sentrale Portugal er det store skogsområde.[15]

Det har budd folk på den iberiske halvøya i over 30 000 år, og romerske og greske kjelder (som Herodot, Strabon, Avenius og Hecataeus av Miletus) kalla desse for iberarar. 210 f.Kr. kom romarane til området, og fekk etter kvart området under kontroll. Då romarriket fall på 400-500-talet, under folkevandringastida, kom fleire germanske folkeslag inn i landet. På 700-talet tok maurarane kontroll over store delar av halvøya.[16] Kristne grupper erobra dei nordlege delane av Portugal på midten av 800-talet, men tok dei sørlege delane fyrst i siste halvdelen av 1300-talet. Frå maurarperioden er der fleire arabiske ord, til dømes arroz (‘ris’) og namn (til dømes Fatima og Algarve).

Portugal vart etablert som kongerike av Alfonso I i 1139, og framstod som ei sterk og uavhengig politisk eining fram til midten av 1500-talet.[16] I 1580 kom det ein spansk invasjon leidd av Filip II, og Portugal vart då styrt av den spanske kongen gjennom ein personalunion. Frå 1640 vart så Portugal igjen eit sjølvstendig monarki.

Den spanske invasjonen sette ein stopp for oppdagingsperioden i portugisisk historie. 1400- og 1500-talet hadde nemleg vore prega av internasjonal sjøfart med store oppdagingar og med etablering av handelsstasjonar og koloniar. Portugal hadde etablert koloniar mellom anna i Brasil, Angola og Mosambik.[16] Den nedgangstida Portugal, til liks med Spania, opplevde relativt sett i høve til dei nordlege delane av Europa, vart forsterka av den reføydaliseringa som skjedde på 1500- og 1600-talet.

På 1800-talet var der i Portugal politisk strid mellom reformviljuge og konservative grupper. Repubikanarane stod sterkt, og ein republikk vart etablert i 1910, to år etter at kongen og kronprinsen hadde vorte myrda. Men det var mykje politisk uro, og mellom 1910 og 1926 hadde landet 45 ulike regjeringar. I 1926 skjedde det eit militærkupp.[16] Ein av dei som deltok då var António Salazar, fyrst som finansminister, og frå 1932 og 36 år framover som regjeringssjef. Salazar etablerte eit diktatur der han brukte familien som metafor for samfunnsstyringa: Han sjølv var «faren», medan den katolske kyrkja var «mora». Diktaturet vart styrta i nellikrevolusjonen i 1974 og demokratiske reformer tok til. I 1975 fekk til dømes kvinner røysterett.

I 1986 gjekk Portugal inn i EU.[16] Landet har nytt godt av ulike støtteordningar frå EU, og hatt ein ikkje uvesentleg økonomisk vekst dei siste tiåra.

Forhistorie

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA
Hispania etter Diokletian si reorganisering 298 e.Kr.

Iberarar er den eldste kjende folkegruppa i Portugal. Rundt 400 år f.Kr. innvandra keltiske stammar til området.[2]

Fønikiske og greske handelsstasjonar voks fram rundt munningen av Tejo. Frå 200 f.Kr. erobra romerske styrkar den sørlege delen av dagens Portugal. Etter å ha sigra over Kartago heldt romerske styrkar fram med å erobra områda nord for Tejo.[17] I Romartida utgjorde Den iberiske halvøya, Hispania, eit rike der Lusitania var ein provins. Då Romarriket gjekk i oppløysing i folkevandringstida fortsette ein å nytta det latinske språket på halvøya.[18] Germanske stammar inntok Portugal, som rundt år 400 blei ein del av det vestgotiske riket.[2]

Maurarane som kom til Den iberiske halvøya i 711 erobra raskt den sørlege delen av halvøya, inkludert (frå 714) store delar av det som seinare blei Portugal. «Algarve» er eit maurisk ord som tyder ‘vesten’. Algarve blei eit maurisk kongedømme og den arabiske innverknaden kan framleis sporast i mat, byggestil og folkeliv. Maurarane innførte nye nyttevekstar som bomull, ris, sitron, orange, fiken og mandlar. Dei innførte òg avanserte vatningsteknikkar som gav jordbruket store avlingar.[19]

Etter den mauriske erobringa, gjekk det frå rundt år 1000[2] i fleire hundre år ein kamp med kristne rike i nord om kontrollen over Den iberiske halvøya. På kristent hald blei han kjend som Reconquista, gjenerobringa. Dei kristne fyrstane blei støtta av kyrkja. Før år 1000 hadde kristne rike kontroll sør til Douro. Området mellom Miño og Douro blei kalla Portucalense. På 1000-talet blei lokale kristne styrkar forsterka med franske og anglesaksiske krossfararar. Montemor ved Mondego blei erobra i 1034 og Coimbra i 1064. Kongen av Castilla og Léon gav det erobra området, «Portucale», i len til den burgundiske fyrsten Henrik. Dette området blei skilt ut frå kongedømet Galicia og grevskapet Portugal.[20]

BERJAYA
Politisk kart over Den iberiske halvøya i år 1037 etter at kalifatet i Cordoba gjekk i oppløysing. Dei mauriske taifaane er i grønt.

Grevskapet Portugal[21] var to påfølgjande grevskap i mellomalderen rundt byane Braga og Porto. Det fyrste grevskapet eksisterte frå midten av 800-talet og fram til midten av 1000-talet som eit vasallrike eller føydalt len av kongedømet Asturias, og seinare underlagt kongedøma Galicia og León.

På 900-talet etablerte maurane på Den iberiske halvøya sitt eige kalifat uavhengig av det øvrige islamske riket.[22] På 1000- og 1100-talet bestod det mauriske Iberia av mange små, dels rivaliserande kongedøme, taifa. Til dømes omfatta Badajoz-taifaen store delar av det som blei Portugal. Frå 1250 rekna maurane berre Granada med omland og det var ingen mauriske herskarar igjen i det området som blei til Portugal.[23]

Portugisisk statsdanning

[endre | endre wikiteksten]

Portugal sporar sitt nasjonale opphav tilbake til 24. juni 1128 med slaget ved São Mamede. Den burgundiske fyrsten som var vasall under Castilla, Afonso Henriques, seinare kjend som Afonso I av Portugal, utropte seg sjølv til fyrste av Portugal, og deretter i 1139 som konge av Portugal. Året 1139 blir rekna som då det vart eige kongerike kalla Portugal i området rundt Porto og Braga. Lisboa blei erobra frå maurarane i 1147, og Portugal blei anerkjent av paven i 1179.[2][5][24] I 1143 blei Afonso anerkjend av kongedømet León som konge av Portugal ved traktaten i Zamora. I 1179, i pavebullen Manifestis Probatum datert 23. mai 1179, anerkjende pave Aleksander III Portugal som kongedøme og Afonso som konge. I 1226 innleidde Portugal felttog mot det mauriske styret i Alentejo. Portugisiske styrkar inntok Silves, den siste mauriskkontrollerte byen, i 1249.[25]

Ferdinand I av Portugal døydde barnlaus i 1383, og i den politiske uklare situasjonen hadde Juan I av Castilla planer om å slå Portugal saman med Castilla. I slaget ved Aljubarrota i 1385 sigra portugisiske styrkar under Johan I, med støtte frå engelske bogeskytarar, over kastiljanske styrkar. Dette gav Portugal sjølvstende frå Castilla. Johan I (portugisisk João) blei den fyrste kongen i Avis-dynastiet. Den framveksande kjøpmannsstanden i Lisboa og Porto støtta kongen sine planer om å utvida Reconquista til Nord-Afrika for å få tilgang på ressursar og handelsruter. Ekspansjonen til Afrika byrja med erobra av Ceuta i 1415, der blant andre Henrik Sjøfararen, som då var 21 år gamal, deltok.[26]

På slutten av mellomalderen vaks Lisboa fram som ei viktig hamn for handel. Italienske handelsfolk segla stadig meir til Nord-Europa, særleg Flandern og England, og gjekk som regel innom Lisboa for å proviantera.[27] På 1400-talet var dei norditalienske bystatane Genova og Venezia i tillegg til Flandern økonomisk dominerande i Europa.[5]:116

Frå rundt 1300 var dei mange kristne smårika i Iberia samla i tre store kongedøme: Portugal, Castilla og Aragon. Granada var sentrum for eit lite maurisk rike.[28] Kort tid etter år 1300 fekk Portugal grensene det har i dag.[2]

Midt på 1400-talet var Den iberiske halvøya politisk inndelt i kongerika Castilla, Aragón, Navarra, Granada og Portugal. Spania var derimot ikkje etablert som ei politisk eining. På denne tida omfatta Castilla Galicia, som språkleg er nært i slekt med portugisisk. Halvøya hadde då rundt 7 millionar innbyggjarar, samanlikna med kring 3 millionar i England og folkesetnaden i Frankrike, som kan ha vore over 20 millionar. Det var eit felles myntsystem på Den iberiske halvøya, eit skattesystem og felles skriftspråk (kastiljansk var dominerande frå seinmellomalderen). Etter slaget ved Toro i 1476 pressa Castilla og Aragon Portugal til å avstå Kanarøyane, som viste seg å vera ein strategisk mellomstasjon for trafikken til Amerika. Castilla koloniserte Kanariøyane frå 1480-åra. Dei katolske monarkane hadde opphavleg ambisjonar om å samla heile Den iberiske halvøya (Portugal, Castilla og Aragon i tillegg til Navarra) under ein herskar. Granada blei erobra i 1492 (som òg innleidde den spanske erobringa av Amerika og fordrivinga av jødane), og Navarra blei annektert av Castilla i 1512.[5]

BERJAYA
Kongedøma på Den iberiske halvøya på 1400-talet. Grensene er omtrentlig innteikna.

Sjøfarten har alltid vore viktig for økonomien til Portugal, og på 1400-talet byrja ein ekspanssiv periode då landet organiserte fleire oppdagingsferder. Portugal blei den fyrste kolonimakta i Europa. Den overjøiske ekspansjonen byrja då Portugal erobra Ceuta i Marokko i 1415. Madeira (Ilha da Madeira) blei oppdaga i 1419 og kolonisert under Henrik Sjøfararen. Asorane blei påviste i 1427. Dei fyrste slavane frå Vest-Afrika kom til Portugal i 1441. Tanger blei erobra i 1471 og deretter Verde.[29][2]

Henrik Sjøfararen medverka til den oversjøiske ekspansjonen til Portugal. Han etablerte blant anna ein sjømannsskule i Sagres, der ein førebudde og planla ekspedisjonar.[30] Ein bakgrunn for ekspansjon og ekspedisjonar langs Afrika var at det osmanske riket hadde gjort handel austover til eit monopol for arabarar.[22] Portugisiske skip drog gradvis lenger sørover langs vestkysten av Afrika og skaffa seg handelsstøttepunkt der. I 1488 runda eit skip leia av Bartolomeu Dias for fyrste gong Kapp det gode håp.[2] Desse ekspedisjonane gjorde at Portugal kunne sikra seg koloniar i Brasil og i Den indiske havet. Med sentrum i Goa blei det oppretta eit kolonirike i India. Portugal skaffa seg basar på Ceylon (Sri Lanka) og Java. Det portugisiske handelsnettverket nådde Kina og Japan.[2]

I 1492 laga Martin Behaim den fyrste globusen i verda basert på kunnskapar frå Portugal. Same året kryssa Christofer Columbus Atlanterhavet og segla innom Asorene og det portugisiske fastlandet på tilbaketuren. Ein ekspedisjon leia av Pedro Alvares Cabral kryssa Atlanterhavet i 1500 og kom fram til det som blei Brasil, som han gjorde krav på på vegner av Portugal. Brasil blei den største kolonien til landet. Vasco da Gama sin ekspedisjon i åra 1497-1499 gjekk rundt Kapp det gode håp, langs Aust-Afrika (til det som er Tanzania) og til Goa i India. Goa blei kolonisert i 1510. Afonso de Albuquerque erobra Malakka lengre aust i 1511. Ferdinand Magellan la ut på ei jordomsegling i 1519. Portugisiske handelsfolk nådde Japan i 1543 og fekk i 1557 etablera seg på Macao som var under portugisisk styre til 1999.[31][32] Rikdommane som desse reisen førte inn gjorde dei portugisiske kongane til dei rikaste i verda.[33] Den store kolonien Brasil var til å byrja med lite verdt. Det blei ikkje påvist edle metall eller andre produkt av høg verdi. Matjord var den viktigaste ressursen til Brasil. Dyrking og raffinering av sukker blei snart den viktigaste verksemda i kolonien, som blei den største sukkerprodusenten i verda til ut på 1600-talet. Sukkerverksemda blei finansiert og til dels driven av flamske og hollandske forretningsfolk. Kunsten å raffinera sukker hadde portugisarane truleg lært frå Venezia, og på 1400-talet blei det òg produsert sukker på Madeira.[34]

Den spanske kongen var uroa over den xoversjøiske ekspansjonen til Portugal og suksessen landet hadde til sjøs, og støtta utrustning av spanske ekspedisjonar. Kolonisering av Amerika blei følgt av slavehandel frå Afrika. Portugal hadde allereie drive sal av afrikanske slavar i heimlandet. Ved ein avtale frå 1494, Tordesilla-traktaten, delte Spania og Portugal, med støtte frå paven, verda mellom seg: Alt aust for ei delelinje tilhøyrde Portugal. Området som blei til Brasil låg aust for denne linja, og dette blei den store kolonien til Portugal i Amerika. Etter lang strid gav Portugal frå seg Guyana-området til England, Frankrike og Nederland. Brasil, som var den største kolonien, var tynt folkesett, og mange av urfolka rømde inn i jungelen for å koma unna koloniherrane. Kolonisering byrja ikkje for fullt før på 1700-talet. Mangel på lokal arbeidskraft i Brasil gjorde at portugisarane henta slavar frå Afrika i langt større mengd enn spanjolane i koloniane sine.[22]

Rundt 1500 var Portugal på høgda av herredømet sitt. Ved sida av Spania var landet eit verdsdominant handels- og sjøfartsland. Lisboa var den største handelsbyen i verda, og landet hadde samstundes ei kulturell stordomstid.[2]

BERJAYA
Jordskjelvet i 1755 raserte kyrkja i Convento da Ordem do Carmo (midt i Lisboa), og ho har sidan stått utan tak. Dette er det viktigaste minnesmerket etter jordskjelvet.

Dei katolske monarkar utviste jødane frå Castilla og Aragon gjennom Alhambra-dekretet i 1492. Ein stor del av jødane flykta då til Portugal, men etter ei tid blei dei òg forfølgde der (blant anna etter etableringa av Den portugisiske inkvisisjonen i 1536). Kyrkja, særleg jesuittane, fekk auka makt. Jødar som flykta til Balkan og Nord-Afrika blei verna av dei muslimske regima der.[35] Nokre jødar flykta til Nederland og Belgia, blant anna kom familien til Spinoza frå Portugal til Amsterdam på denne måten. Jødane på Den iberiske halvøya, sefardiske jødar, brukte arabisk som skriftspråk på grunn av utstrakt kontakt med islam og arabar, og brukte den spansk-hebriske dialekten ladino.[36] Den jødiske folkesetnaden på Den iberiske halvøya hadde opphav i romartida.[5]

I andre halvdel av 1500-talet byrja ei nedgangstid for Portugal med epidemiar og minkande folketal. Portugal fekk større konkurranse, særleg frå Nederland. Både Spania og Portugal hadde globale imperium, samstundes som herskarane i begge land ynskte å kontrollere Nord-Afrika.[2][5] I eit katastrofalt felttog i Marokko i 1578 blei kongen, Sebastian I, og mesteparten av adelen drepen i slaget ved Alcácer Quibir.[5] :101-102

I 1580 invaderte Spania det svekka Portugal, og landet hamna i ein personalunion med Spania under kong Filip II av Spania (med namnet Filipe I av Portugal).[5] Spanjolane behandla Portugal dårleg, og i 1640, under trettiårskrigen, braut det ut eit opprør som førte til at landet blei sjølvstendig. Eit samstundes og tilsvarende opprør i Catalonia mislukkast. Lausrivinga frå Spania blei følgd av ein krig som med avbrot varte til 1668. Grensområdet Extremadura blei lagt nesten øyde i den langvarige krigen.[5] :107 England støtta Portugal si lausriving frå Spania, og dette innleidde ein langvarig allianse mellom dei to landa.[18] Økonomien var dårleg, og på 1700-talet blei landet nært knytt til England som gjennom Methuentraktaten (1703) fekk handelsprivilegium.[2] Portugals koloniar spreidde i tre verddel var kostbar å verna militært. I Aust-Asia fortrengde etter kvart hollandske handelsfolk portugisarane.[34] Omkring år 1600 stod England, Frankrike og Nederland fram som dei dominerande landa i Europa og i den vidare kolonisering av overjøiske område.[22] :168[treng kjelde]

1. november (allehelgensdag) 1755 blei Lisboa og omlandet ramma av eit kraftig jordskjelv. Store delar av hovudstaden blei lagt i ruinar dels av brannar som oppstod. Ein stor tsunami skylla over land og oppover elva Tejo. Rundt 60 000 menneske døydde. Sebastião José de Carvalho e Melo, markien av Pombal og ein av dei viktigaste reformatorane i landet, gjenoppbygde og omskapte Lisboa.[37] Jordskjelvet blei mykje omtalt i Europa, og det blei sett i gang omfattande hjelpetiltak, mellom anna med ei stor bevilgning frå parlamentet i Storbritannia.[38] Pombal styrte med nær diktatorisk makt i 27 år. Ambisjonen hans var å styrkja økonomien og imperiet i Portugal (med Brasil i sentrum), og økonomisk sjølvstande frå Storbritannia, dei tradisjonelle allierte til Portugal. Pombal svekka posisjonen til kyrkja og styrka kongemakten. Under Pombal blei jesuittane kasta ut av landet, og slaveriet blei oppheva i sjølve Portugal i 1761.[39]

Napoleonskrigane

[endre | endre wikiteksten]

Under Napoleonskrigane ville ikkje Portugal delta i handelsblokaden av Storbritannia. Ein fransk styrke marsjerte i 1807 gjennom Spania og inntok Portugal. Kongefamilien og sentraladministrasjonen flykta med britiske skip før den franske styrken nådde Lisboa.[5]:140 Kongefamilien reiste til Brasil, der han blei verande til 1821. Rio de Janeiro blei då hovudstad i imperiet, og Brasil blei snart formelt likestilt med sjølve Portugal som del av «det sameinte kongeriket Portugal, Brasil og Algarve». Franske styrkar trekte seg i 1808 ut av Portugal etter at Wellington overvann Napoleon.[5] :146 Frå 1808 brukte britiske styrkar Portugal som base for krigføring på den iberiske halvøya.[2] Under Wienerkongressen blei Bragança-dynastiet formelt gjeninnsett.[18] Den britiske generalen William Beresford, som var øvstkommanderende for den portugisiske hæren, styrte landet frå 1817. Etter den politiske uroa i 1820 (Revolução Liberal) kom kongen tilbake frå Brasil i 1821, og eit konstitusjonelt monarki erstatta einveldet.[40]

I Portugal prøvde ein å gjenoppretta Brasil sin status som koloni. Den 7. september 1822 erklærte Dom Pedro I brasiliansk sjølvstende og blei utropt til keisar av Brasil. I 1825 anerkjende Portugal Brasil som ein sjølvstendig nasjon. Brasil var då blitt mykje større enn sjølve Portugal både i folketal og i økonomi.[41][42] Etter sjølvstendet heldt utvandringa frå Portugal til Brasil fram.[43]

Den fyrste republikken

[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1800-talet kjempa reformvillige og konservative grupper mot kvarandre. Aukande misnøye med kongestyret og ein republikansk opinion voks fram, og i eit attentat i 1908 blei kongen og kronprinsen drepne. Landet erklærte seg som republikk i 1910, etter at hæren og marinen tok kontroll over Lisboa 4. oktober 1910. Kongetru avdelingar i hæren blei slått ned i løpet av få timar.[44][45] Portugal var det tredje landet i Europa som avskaffa monarkiet, tidlegare var Frankrike og Sveits blitt republikkar.[46] I 1911 innførte landet ein grunnlov etter fransk mønster.[2] Regjeringane var svake på grunn av den dårlege økonomien. Det republikanske styret ville skilja kyrkje og stat, oppløysa klostra og tillata skilsmisse. Dei bygde ut skulevesenet for at alle skulle læra å lesa og skriva.[47] Kongefamilien blei forvist og adelen oppløyst.[45] I perioden 1910-1925 hadde Portugal 40 ulike regjeringar og 18 revolusjonar og kuppforsøk. Det fann stad valdelege opprør og borgarkrigsliknande episodar. I 1919 freista monarkistar å gjenoppretta kongedømet.


På slutten av 1800-talet var Portugal eit av dei minst industrialiserte landa i Europa. Landbruket var gammaldags og landsbygda var dominert av nokre få store jordeigarar. Landet var framleis svært avhengig av Storbritannia. Institusjonane var gammaldagse og dominerte av den katolske kyrkja. Analfabetismen var ein av dei høgaste i Europa.[18]

Koloniane i det tropiske Afrika blei utvida frå 1870. I 1890 pressa Storbritannia Portugal til å trekkja tilbake styrkane sine frå det som seinare blei Malawi og Zimbabwe. I Windsor-traktaten av 1899 fornya Portugal og Storbritannia forsvarsallianse sin.[48] I 1914 hadde Portugal åtte koloniar med samla areal på over 2 million km² og ein folkesetnad på 10 millionar (samanlikna med 55 koloniar i Storbritannia med nær 400 millionar innbyggjarar og 29 koloniar i Frankrike med 63 millionar).[49]

I 1916 blei Portugal trekt inn i siste delen av fyrste verdskrigen på alliert side, og sende ein mindre styrke til vestfronten. For dei allierte var hamnene til Portugal viktige, og dei kunne beslagleggja tyske skip som låg der.[50][2]

Tyskland erklærte krig mot Portugal 9. mars 1916 etter at tyske skip i portugisiske hamnar var blitt beslaglagde på bestilling frå Storbritannia. Portugisiske styrkar deltok på vestfronten i 1917-1918, og det var trefningar mellom portugisiske og tyske styrkar i Mosambik.[45][51] Ved freden i Versailles blei Portugal tildelt området Kionga i Aust-Afrika.[2]

Diktaturet

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA
Nellikrevolusjonen var eit ublodig kupp der unge offiserar 25. april 1974 avsette etterfølgjarane til Salazar og innleidde demokratisering av landet. Bildet viser eit minnesmerke over Salgueiro Maia, kaptein i hæren og ein av leiarane for operasjonen.

I 1926 fann det stad endå eit militærkupp og Portugal utvikla seg til eit diktatur under Estado Novo og Antonio de Oliveira Salazar som sat ved makta heilt til 1968, då han blei etterfølgd av Marcello Caetano fram til 1974.[45] Antonio Fragoso Carmona blei president i 1928 og gjenvald i 1935, 1942 og 1949, medan den reelle makta (særleg frå 1932) låg hos Salazar.[2] Salazar-regimet hadde eit korporativistisk preg.[52]

Salazar hadde Hitler og Mussolini som forbilde, utan å drive ein like ytterleggåande politikk som dei. Under Salazar blei liberale reformer frå 1800-talet reverserte, rettane til arbeidarar blei innskrenka og utdanningsbudsjetta blei kutta. Den politiske opposisjonen blei undertrykt, mellom anna gjennom det hemmelege politiet, og det blei innført pressesensur. Salazar gav den katolske kyrkja større makt.[53] Under Salazar var regjeringa dominert av sivile, blant anna akademikerkollegaane hans. Salazar baserte i lita grad makta si på propaganda og massemobilisering. Støttspelarane hans var blant anna i industrien, blant dei store jordeigarane og i byråkratiet, medan opposisjonen fanst hjå arbeidarar i landbruket og industrien og blant intellektuelle.[18] Under den spanske borgarkrigen støtta Salazar general Franco med materiell og frivillige utan å medverka direkte i kampane. I juli 1940 inngjekk landa ei vennskapspakt.[2][5]

Den militære balansen på Den iberiske halvøya, alliansen med Storbritannia, nøytralitet i verdskrigane og oppretthaldinga av koloniimperiet var dei avgjerande punkta i politikken i Portugal før 1948.[18] Under andre verdskrigen var Portugal nøytralt, samstundes som stemninga var til fordel for dei allierte. USA og Storbritannia leigde frå 1943 ein flybase (Base Aérea das Lajes) og marinebase på Asorane til bruk i slaget om Atlanterhavet og som støttepunkt ved landgangen i Normandie. Tyskland protesterte mot brot på portugisisk nøytralitet.[45][54] Forsøk på militærkupp i 1947 blei raskt slått ned av regimet. Etter andre verdskrigen kom Portugal inn i interessesfæra til USA. Landet inngjekk militæravtale med USA blant anna om basar på Asorane.[18][55] Utover i 1950-åra var framleis kontroll over koloniane og vidareføring av regimet sentrale mål for Salazar-regimet, som var relativt isolert internasjonalt. Under Salazar-regimet stagnerte landet økonomisk.[18][52] :192

Portugal gjekk inn i NATO straks alliansen var oppretta. Sovjetunionen blokkerte lenge for at Portugal skulle bli medlem av SN, og Portugal blei fyrst medlem i 1955. Striden med India om Goa tilspisse seg i 1950-åra.[45] I 1960 var Portugal med ved stiftinga av EFTA saman med Noreg, Storbritannia og andre land utanfor EEC. Same året gjekk Portugal inn i OECD.[49]

Demokratisering og EU

[endre | endre wikiteksten]

Diktaturet BLEI styrta i eit militærkupp 25. april 1974, og det blei innleidd demokratiske reformer og avkolonisering. Portugal var framleis ei kolonimakt medan andre europeiske land gav koloniane sjølvstende. Sterk misnøye med kolonikrigen var ein viktig bakgrunn for at restane av Salazar-regimet blei felt. Politiske fangar blei straks lauslatne etter kuppet, og avisene kom ut for fyrste gong ut utan sensur.[45] Denne avgjerande hendinga i den moderne historia til Portugal blir kalla nellikrevolusjonen, etter at dei sivile innbyggjarane hadde gjeve raude nellikar til dei regjeringslojale soldatane for å få dei til å overgje seg. General Spinola, som stod i spissen for det nye regimet, mislukkast med eit militærkupp våren 1975. I mars 1976 blei det vedteke ein ny grunnlov. Det fyrste ordinære parlamentsvalet blei halde 25. april 1976, og sosialistpartiet (PS) fekk flest sete i parlamentet.[45][56] Perioden frå revolusjonen til 1976 var prega av stor politisk usikkerheit med skiftende regjeringar og uklare vegval. Etter 1976 og framover hadde sosialisten Mário Sóares ein stor del av ansvaret for den stabile demokratiske utviklinga. Landet blei medlem av Europarådet i 1976. Portugal fekk økonomisk hjelp frå andre europeiske land, og ein revisjon av grunnloven i 1982 heldt dei militære heilt ut av politikken. I perioden 1977-1985 gjekk det politiske tyngdepunktet mot sentrum og sentrum-høgre, og det sosialdemokratiske partiet (PSD) blei dominerande i parlamentet.[18] :198 I 1987 fekk PSD over 50 % ved val til nasjonalforsamlinga. Sóares blei president i 1986 då landet gjekk inn i EF. I 1992 blei toll mot andre EF-land fjerna då Portugal blei del av den indre marknaden. I 1993 slutta Portugal seg til Maastricht-traktaten som skapte EU.[57]

Statsgjeldskrisa

[endre | endre wikiteksten]

Portugal innførte euro som valuta i 1999, og escudo gjekk ut av bruk i januar 2002. Ved statsgjeldskrisa i euroområdet frå rundt 2010 hadde Portugal (saman med Hellas, Spania, Irland og Kypros) problem med å betale ei statsgjeld på opp mot 130 % av BNP. Samstundes hadde hushaldinga auka gjelda si frå 50 til 150 % av disponibel inntekt. Det blei sett saman ein internasjonal finansiell hjelpaukke til Portugal (på rundt 78 milliard euro). Kraftige innstrammingar i offentlege budsjett til og med 2014 blei følgde av auka budsjett under statsminister António Costa.[58][59][60] I 2018 blei det anslått at det portugisiske statsbudsjettet for fyrste gong på 25 år ville gå i overskot i 2020. I 2017 var budsjettunderskuddet på 1 % av BNP.[61] Veksten frå 2014 skreiv seg blant anna frå sterk vekst i reiselivsnæringa og dessutan i vareproduserande industri. Frå år 2000 til 2017 vaks BNP i landet med under 10%, etter tilbakegang i samband med finanskrisen og statsgjeldskrisen var BNP i Portugal i 2017 tilbake på nivået i 2008. Krisen medverka til stor utvandring av unge arbeidssøkende noko som har bidratt til å halda arbeidsledigheten nede.[58][62]

BERJAYA
Folketettleiken i Portugal er klart høgaste langs kysten i dei sentrale og nordlege delane av landet (mørk raudt).

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Portugal hadde i juli 2009 eit innbyggjartal på 10 707 924, noko som gjorde landet til det 76. mest folkerike i verda. På same tid var den årlege befolkningsveksten på 0,275 %. Medianalderen til folkesetnaden var 39,4 år, og i heile folkesetnaden var det 0,95 menn per kvinne.[63]

På 1900-talet reiste mange portugisarar utanlands på jakt etter arbeid. I Frankrike var det i 1980-åra opp til 1 million portugisarar.[64]

Årstal Folketal[65]
1527 1,2 millionar
1768 2,4 millionar
1864 4,23 millionarara
1890 5,05 millionar
1911 5,96 millionar
1930 6,83 millionar
1950 8,51 millionar
1970 8,67 millionar
1991 9,86 millionar
2006 10,64 millionar
2011 10,52 millionar
2021 10,37 millionar

a)Fyrste folketeljing, eldre tall er anslag.

Folkegrupper

[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden i Portugal er i overveldande grad etniske portugisarar; desse tel mellom 10 og 10,2 millionar menneske. Dei største minoritetsgruppene i landet er folk som stammar frå Brasil (ca. 73 000) og Kapp Verde (ca. 68 000); folk frå andre tidlegare portugisiske koloniar som Angola, Guinea-Bissau, São Tomé og Príncipe og Mosambik er òg viktige minoritetsgrupper. Av folk frå land som ikkje har vore portugisiske koloniar utgjer ukrainarar (ca. 42 000) den største gruppa.[66]

Frå 1500 til 1800 blei eit betydeleg tal afrikanarar henta til Portugal som slavar og seinare absorberte i folkesetnaden. Sidan 1950 har det kome arbeidsinnvandrar frå Kapp Verde. Fastlandet har òg teke i mot flyktningar frå Afrika, Goa og Aust-Timor. Omtrent 750 000 «heimvendte» (retornados) kom til Portugal frå dei portugisiske koloniane etter oppløysinga av koloniriket i 1974 og 1975.[67]

Portugisisk er offisielt språk i Portugal, men frå 1999 har òg mirandesisk hatt offisiell status i eit lite område nordaust i landet. Portugisisk blir tala på Madeira, Asorane og den tidlegare kolonien Kapp Verde. Praktisk talt alle innbyggjarane i landet forstår portugisisk, som til ei viss grad òg er gjensidig forståeleg med andre vestiberiske språk som spansk. Portugisisk har opphav i vulgærlatin. Innbyggjarane er stolte av det portugisiske språket som er i slekt med og klart ulikt kastiljansk.[68] Galisisk er nært i slekt med portugisisk (ein del av innbyggjarane i Galicia er rekna som portugisisk-talande) [69] og har eit felles opphav i galisisk-portugisisk.

Gruppa portugisiske dialektar som blir tala i Portugal blir kalla europeisk portugisisk, og avviker noko når det gjeld ordforråd, rettskriving og uttale frå brasiliansk portugisisk. Dialektane i Portugal kan grovt sett delast inn i to hovudgrupper: Dei sørlege/sentrale dialektane, og dei nordlege dialektane. Dei sørlege/sentrale er gjerne kjenneteikna ved at ein har halde skilnaden mellom /b/ og /v/, og ved tendensen til å gjera diftongane [ei] og [ou] om til monoftongane [e] og [o]. Gruppa inkluderer dialekten i hovudstaden Lisboa og dialektane på øygruppene Asorene og Madeira. I dei nordlege dialektane har ein halde fram med å ha [ei] og [ou] som diftongar, medan /v/-lyden har smelta saman med /b/ (som på spansk). Gruppa inkluderer dialekten i Porto.

Portugal er eit overvegande katolsk land, der over 70 % av folkesetnaden definerer seg som katolikkar. Omtrent ein tredel går jamleg til gudsteneste, medan stort sett heile folkesetnaden nyttar kyrkja til rituale som dåp og vigsel. Landet har formelt skilje mellom kyrkje og stat; det portugisiske samfunnslivet har samstundes svært tette uformelle band til den katolske kyrkja.[70] I 1960 blei nær 100 % av innbyggjarane rekna som katolske, med rundt 5 000 protestantar.[71]

Ved revolusjonen i 1910 blei jesuittane fordrivne og det diplomatiske sambandet med Vatikanet blei brote. I 1911 blei stat og kyrkje formelt skilde. Den statlege kontrollen med presteutdanninga blei avslutta i 1918 og sambandet til Vatikanet gjenoppretta. Grunnloven av 1933 opprettheldt skilnaden mellom kyrkje og stat, og la full religionsfridom til grunn.[72] Sidan grunnloven frå 1976 har Portugal hatt full religionsfridom. Andre trussamfunn enn den katolske kyrkja har likevel hatt liten suksess i landet, og Portugal hadde i 1990-åra berre ca. 50 000 protestantiske kristne. Portugal har òg ein muslimsk minoritet, hovudsakleg av innvandrarar frå Nord-Afrika, særleg Marokko.[73] Det jødiske samfunnet i Portugal tel omtrent 600 personar, i tillegg til ca. 100 såkalla «marranos».[74]

Ifølgje den katolske kyrkja openberra Jomfru Maria seg for tre barn i byen Fátima i 1917. Byen blei deretter eit stort pilegrimsmål.[75]

Kalender og helgdagar

[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til «vanlege» kristne helgdagar som langfredag, påskedag og juledag blir det feira fleire katolske festdagar i Portugal. 47 dagar før påske blir carnaval feira, medan 60 dagar etter påske blir corpus Christi feira. Jomfru Maria si opptaking i himmelen (Assunção de Maria) blir feira 15. august. Den 1. november feirer portugisarar allehelgensdag (Todos os Santos), medan den 8. desember er Maria unnfangelsesdag (Imaculada Conceição).

Den portugisiske nasjonaldagen (Dia de Portugal) er 10. juni, og markerer døden til Luís de Camões i 1580. I tillegg er fridomsdagen 25. april (Dia da Liberdade, til minne om nellikrevolusjonen), republikkens dag 5. oktober (Implantação da República, til minne om Den første portugisiske republikken grunnlagt i 1910), sjølvstendedagen den 1. desember (Restauração da Independência, til minne om unionsoppløysinga med Spania i 1640), den internasjonale kampdagen for arbeidarar 1. mai og fyrste nyttårsdag offentlege fridagar..

Politikk og administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Portugal har vore ein demokratisk republikk sidan 1976. Det politiske systemet er basert på parlamentarisme, med statsministeren som den viktigaste politiske figuren.

Den portugisiske presidenten blir vald for fem år, og har for det meste ei seremoniell rolle. Presidenten utpeker regjeringa (basert på valresultatet), og har makt til å utskriva nyval. Han er òg øvste militær leiar.

Regjeringa blir leia av statsministeren. Denne utpeker og leier regjeringa.

BERJAYA
Palacio de São Bento i Lisboa.

Portugal har eit ettkammersystem. Parlamentet heiter Assembleia da República, består av inntil 230 representanter og kjem saman i Palacio de São Bento i Lisboa.

Representantane blir valde i 22 valdistrikt (tilsvarande dei 18 distrikta i Portugal, i tillegg til eitt for kvar av dei to autonome regionane, og to for portugisarar busett utanlands) for periodar på fire år. Portugal har høvestalsval, der mandatfordelinga følgjer D'Hondt-metoden. Det er stor skilnad i storleiken på valdistrikta: Lisboa-distriktet vel 48 representantar til parlamentet, medan Portalegre vel to.

Assembleia da República blir leia av ein parlamentpresident, som typisk kjem frå den største partigruppa. Dette er det nest høgaste offentlege vervet i Portugal etter presidenten, og parlamentetspresidenten vil overta vervet som president for Portugal mellombels dersom presidenten skulle falla frå eller av andre grunner ikkje kan fungere i embetet.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1976 har Portugal vore inndelt i 18 distrikt (distritos). Desse har namn etter administrasjonssenteret sitt. Distrikta spelar likevel lita rolle reint administrativt, og mesteparten av regional- og lokaldemokratiet skjer i 308 kommunar (concelhos). Den utøvande makta på kommunalt nivå blir leia av eit valt Câmara Municipal, medan budsjett og andre overordna spørsmål òg må godkjennast av kommunestyret (Assembleia Municipal). Kommunane er igjen delte inn i 4 261 sokn (freguesias), kvar med eigne lokaladministrasjonar.

Det finst òg to autonome regionar (regiões autónomas): Asorane (Açores) og Madeira. Desse er begge oversjøiske territorium og har eigne regionale parlament og regjeringar.

Næringsliv og økonomi

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA
Portugal har ein godt utvikla vinindustri, og er særleg kjent for portvinen. Bildet viser elva Douro med vinmarker rundt.
BERJAYA
Turisme er ein sentral næringsvei i Portugal, og Algarve-området heilt sør i landet er eit populært reisemål.

Eksporten omfattar tekstilar, klede og sko, elektriske maskinar, fiskeprodukt, vin. og kork. Portugal er den største korkeksportøren i verda. Turismen har hatt stadig aukande tyding for økonomien i landet. Gruvedrift og industri er òg viktige næringar og det blir vunne ut svovelkis, kaolin, sink, wolfram og andre mineral.

Då Portugal blei medlem av EU i 1986 var det eit av dei fattigaste landa i Vest-Europa. Tidleg i 1990-åra hadde Portugal den største økonomiske veksten i Europa med over 5 % årleg. I 1980-åra var BNP i Portugal per innbyggjar berre halvparten av den til nabolandet Spania. Frå 1980-åra av har det vore investert mykje i fabrikkar, infrastruktur (vegar, vasskraft) og bustader. Portugal har få mineralforekomster av verdi bortsett frå litt wolfram, koppar og tinn.[76] Lisboa og Porto-Braga-området er viktige industriområde med ein del tungindustri. I 1990-åra utgjer klede, lêr, skotøy og tekstilar rundt 40 % av eksporten.[77] I 1990-åra stod tenesteytande sektor inkludert turisme for vel 50 % av sysselsettinga.[78]

Portugisisk økonomi blei hardt råka av finanskrisa frå 2007, og landet måtte be om eit kriselån frå EU i 2011. Etter denne tida har den utviklinga i Portugal fortsett i negativ retning.[16]

Rundt 60 % av arealet i landet er dyrka jord, tradisjonelt driven i liten skala som familiegardar. Portugal var fram til rundt nellikrevolusjonen i stor grad eit jordbruksland. På slutten av 1900-talet var jordbruket i landet eit av dei minst moderniserte i Europa. Samstundes med modernisering av infrastrukturen i landet blei stadig fleire gardar drivne kommersielt i stor skala. I volum er vin og potetar dei største produkta, mais og kveite blei òg dyrka i stort volum. Jordbruk som næringsveg dominerer i Alentejo. Det blir dyrka oliven fleire stadar, og ein del ris langs kysten. Vindruer blir hovudsakleg produsert nord for Lisboa.[79][80] På 1950-talet stod jordbruket for 50 % av sysselsettinga i landet. I Alentejo er landbruket prega av eit føydalsamfunn med store gods og landarbeidar i landsbyane, medan nord for Tejo er landbruket prega av småbruk og til dels spreidd busetjing.[79] I 1990-åra stod jordbruk, skogbruk og fiske for rundt 10 % av sysselsettinga.[81]

Sardiner utgjer rundt 1⁄3 av fiskefangsten i landet, og saman med tunfisk tatt utanfor Algarve utgjer dette størsteparten av fiskeeksporten til Portugal.[82] Fisk var lenge det viktigaste eksportproduktet til landet. Mykje av fisket har foregått med små båtar langs kysten, medan nokre større båtar har reist heilt til Newfoundland. Hermetisering og foredling av fisk har vore ein viktig industri på land.[83]

Turisme blei ei veksande næring av tyding frå 1960-åra. Særleg Algarve med middelhavsklima, strender og klipper har tiltrekt seg mange vitjande.[84] I 1980- og 1990-åra auka talet på turistar med over 10 % årleg og turismen utgjorde då 6 % av BNP.[85] Estoril blei utvikla som ein fasjonabel badeby i fyrste halvdel av 1900-talet.[86][87] Nabobyen Cascais er òg ein populær badeby. Området blir omtala som Portugals riviera. Behageleg klima var ein viktig grunn til at staden blei populær.[88][89][90][91][92]

Littaratur og skriftkultur

[endre | endre wikiteksten]

Typisk for portugisisk litteratur er ein lyrisk-melankolsk tone, saudade, og streving etter formfullfendte uttrykk. Det eldste kjende diktet er frå 1189. Den kastiljanske kongen Alfons X og andre spanske diktarar på den tida skreiv til dels på portugisisk. Mange portugisiske diktar skreiv seinare på spansk. Krønikelitteraturen fekk seinare ein stor plass.[93]

Den portugisiske litteraturen hadde ein gullalder på 1500-talet. Kjende poetar og dramatikarar frå denne perioden er Gil Vicente, Bernardim Ribeiro, Francisco de Sá de Miranda, António Ferreira og Luís de Camões. Den portugisiske oversjøiske ekspansjonen i denne perioden gav òg grobotn for omfattande historieeskriving og reiselitteratur, blant anna med João de Barros sitt verk Décadas da Asia og Fernão Mendes Pinto sitt Peregrinação.[94]

Gjennom barokken låg den portugisiske litteraturen nede, og det var ikkje før i opplysingstida at Portugal kom ut av den kulturelle skuggen til Spania. Luís António Verney kritiserte det portugisiske åndslivet kraftig med Verdadeiro Método de Estudar i 1746. Verney sine idear førte blant anna til opprettinga av det kjende litteraturselskapet Arcádia Lusitana. Mot slutten av hundreåret kom Tomás Antônio Gonzagas Marília de Dirceu, ei av dei mest populære bøkene på portugisisk nokon sinne. Inn på 1800-talet kom romantikken med Almeida Garrett, medan Camilo Castelo Branco og Júlio Dinis innleidde realismen i portugisisk litteratur. Seinare kom Eça de Queirós, vanlegvis sett på som den viktigaste realisten i portugisisk litteraturhistorie.[94]

På 1900-talet var den såkalla Orpheu-gruppa med Fernando Pessoa, Mário de Sá-Carneiro og José de Almada Negreiros viktige drivkrafter i fornyinga av den portugisiske litteraturen, saman med skribentar som Raul Brandão og Aquilino Ribeiro. Seinare kom ei nyrealistisk bølge, med forfattarar som Ferreira de Castro, Carlos de Oliveira og José Cardoso Pires. Den betydelegaste portugisiske dramatikaren i nyare tid er nok likevel Bernardo Santareno, som er kjend for den venstreradikale kritikken sin av staten og kyrkja.[94] José Saramago er kjend for surrealistiske verk, og fekk Nobelprisen i litteratur i 1998.

BERJAYA
Ein fadosongar akkompangert av portugisisk gitar (til venstre) i ein vinkjellar i Porto.

Fado og cante alentejano er to sæeigne songsjangrar frå Portugal. Begge er tekne med på UNESCO si lista over immateriell kulturarv. Cante Alentejano ein polyfon songsjanger frå Alentejo, der lyrikk blir framført a cappella av amatørkor på opp til 30 personar. Songen er prega av særeigne melodiar og tekster. Tradisjonen er stadig levende i Alentejo.[95] «Grândola, Vila Morena» av Zeca Afonso er ein av dei kjende songane i denne stilen. Fado har folkeleg opphav, fyrst og fremst i byane Lisboa (særleg dei fattigare bydelene) og Coimbra, og truleg inspirert av musikk og song i koloniane. Songen er prega av sterk innleving og uttrykker ofte ei sørgmodig lengsle.[96] Fado er vanlegvis akkompagnert av portugisisk og spansk gitar.[97] Songaren Amália (Amália Rodrigues) var ein av dei store stjernene, og dødsfallet hennar blei følgt av tre dagar med landesorg. Ho fekk statsbegraving og sarkofagen blei plassert i Panteão Nacional.[98]

Arkitektur

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA
Den rikt dekorerte Igreja de São Roque, ei av dei fyrste jesuitt-kyrkjene i Lisboa.

Portugal er stort sett og har lenge vore eit katolsk land der kyrkja har hatt ei sentral rolle i samfunnet. Dette er spegla i dei mange og rikt utsmykka kyrkjene her.[99] Frå rundt år 500 finst vestgotiske kyrkjebygg og frå rundt år 600 mauriske monumentalbygg. Ein nasjonal gotisk stil frå 1200-talet av finst i katedralane i Viseu og Porto og i klostera i Alcobaca og Batalha. Frå renessansen er blant anna klosteret i Mafra kjent, og perioden utvikla ei rik ornamentering med inspirasjon frå italiensk renessanse og arabisk stil. Dei arkitektoniske verka frå denne tida er kjende som manuel-stilen eller manuelinsk stil (stil manuelino) med blant anna Hieronymittklosteret og Belémtårnet. Renessansen var særleg viktig i universitetsbyen Coimbra, og Francesco de Hollanda (død 1584) var ein sentral arkitekt. Etter jordskjelvet i 1755 var regulering og gjenreising av nedre by i Lisboa viktig.[93]

Skulptur og bildekunst

[endre | endre wikiteksten]

Landet har få skulpturar frå mellomalderen. Frå barokken er Joaquim Machado da Castro kjend for terrakotta og ein rytterstatue i Lisboa. Ein nasjonal målerskulle blei skipa av Nuno Goncalves (hoffmalar 1450-1471).[93]

Mat og drikke

[endre | endre wikiteksten]

Portugisisk mat er i stor grad basert på fisk og annan sjømat.[100] Hver portugisar et årleg ca. 58,5 kg sjømat, noko som er det høgaste i Europa.[101] Den mest kjende portugisiske fiskeretten er bacalao, som er basert på klippfisk. Portugisarane et i gjennomsnitt 8 kg torsk i året, noko som truleg er mest i verda.[102] Andre kjende portugisiske retter er cozido, tripas og carne de porco à alentejana. Kjente portugisiske ostar omfattar blant anna Queijo Serra da Estrela, Queijo de Castelo Branco, Queijo São Jorge og Queijo de Nisa.

Portugal har lange vintradisjonar, og allereie i mellomalderen eksporterte portugisarane i stor stil til England. Taylors portvinshus i Villa Nova de Gaia vart grunnlagt i 1692 og er den eldste i landet. Engelske selskap har dominert portvinsbransjen i mange hundre år, ein bransje dei òg var å utvikla.[103] På 1600-talet fekk Portugal einerett på sal av vin i England.[104] Portugal er den femte største vineksportøren i verda målt i volum. Av portugisiske vinar er kanskje portvinen best kjend, ved sida av madeira og vinho verde.

  1. Wheeler (2010), s. 2
  2. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 Aschehougs konversasjonsleksikon. Bind 15. Oslo. 1960.
  3. Wheeler (2010), s. 2
  4. Wheeler (2010), s. 1
  5. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 Egge, Åsmund (1990). Spansk historie: et riss. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 8200028836.
  6. Wheeler (2010), s. 1
  7. Wheeler (2010), s. 1
  8. «Portugal : The Physical Environment». Library of Congress. januar 1993. Arkivert frå originalen 5. april 2010. Henta 5. april 2010.
  9. «Portugal : The Physical Environment». Library of Congress. januar 1993. Arkivert frå originalen 5. april 2010. Henta 5. april 2010.
  10. Aschehougs konversasjonsleksikon. Bind 15. Oslo. 1960.
  11. «Portugal – geologi og landformer». Store norske leksikon. Henta 5. april 2010.
  12. «Portugal – geologi og landformer». Store norske leksikon. Henta 5. april 2010.
  13. Wheeler (2010), s. 1
  14. Aschehougs konversasjonsleksikon. Bind 15. 1960.
  15. Wheeler (2010), s. 1
  16. 1 2 3 4 5 6 «Portugal» (27. februar 2013) i Store norske leksikon, snl.no.
  17. Wheeler (2010), s. 2
  18. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 Det Latinske Europa. Europa-programmet. 1999. ISBN 8291165203.
  19. Wheeler (2010), s. 2
  20. Wheeler (2010), s. 2
  21. Wheeler (2010), s. 2
  22. 1 2 3 4 Verdshistorie før 1850. Oslo: Gyldendal. 1993. ISBN 8205200793.
  23. Wheeler (2010), s. 2
  24. Wheeler (2010), s. 2
  25. Wheeler (2010), s. 2
  26. Wheeler (2010), s. 2
  27. Wheeler (2010), s. 2
  28. Wheeler (2010), s. 2
  29. Wheeler (2010), s. 2
  30. Wheeler (2010), s. 2
  31. Wheeler (2010), s. 2
  32. Wheeler (2010), s. 2
  33. Wheeler (2010), s. 2
  34. 1 2 Gerholm, Tomas (1971). Brasil. Oslo: Pax.
  35. Wheeler (2010), s. 2
  36. Wheeler (2010), s. 2
  37. Wheeler (2010), s. 2
  38. Wheeler (2010), s. 2
  39. Wheeler (2010), s. 2
  40. Wheeler (2010), s. 2
  41. Wheeler (2010), s. 2
  42. Wheeler (2010), s. 2
  43. Wheeler (2010), s. 2
  44. Wheeler (2010), s. 2
  45. 1 2 3 4 5 6 7 8 Århundrets krønike. Oslo: Cappelen. 1988. ISBN 8202091683.
  46. Wheeler (2010), s. 2
  47. Wheeler (2010), s. 2
  48. Wheeler (2010), s. 2
  49. 1 2 Karlsen, Willy (1970). Historisk verdensatlas. Oslo: Fabritius.
  50. Wheeler (2010), s. 2
  51. Wheeler (2010), s. 2
  52. 1 2 Alden; da Rosa Pires, Artur (1. februar 1996). «Lisbon: Strategic planning for a capital city». Cities 13 (1): 25–36. ISSN 0264-2751. doi:10.1016/0264-2751(95)00111-5. Henta 27. august 2024.
  53. Wheeler (2010), s. 2
  54. Wheeler (2010), s. 2
  55. Wheeler (2010), s. 2
  56. Wheeler (2010), s. 2
  57. Wheeler (2010), s. 2
  58. 1 2 «What's up with Portugal?». Financial Times. 4. april 2018. Henta 18. januar 2019.
  59. Wheeler (2010), s. 2
  60. Wheeler (2010), s. 2
  61. Wheeler (2010), s. 1
  62. Wheeler (2010), s. 1
  63. «Portugal». The World Factbook. CIA. 24. mars 2010. Arkivert frå originalen 19. mai 2020. Henta 5. april 2010.
  64. Wheeler (2010), s. 1
  65. Wheeler (2010), s. 1
  66. «População Estrangeira em Portugal 2006» (pdf). Instituto Nacional de Estatística. 13. desember 2007. Henta 4. april 2010.
  67. Wheeler (2010), s. 1
  68. Wheeler (2010), s. 1
  69. Aschehougs konversasjonsleksikon. Bind 15. Oslo. 1960.
  70. «Portugal : Religion and the role of the Roman Catholic Church». Library of Congress. januar 1993. Arkivert frå originalen 4. april 2010. Henta 4. april 2010.
  71. Aschehougs konversasjonsleksikon. Bind 15. Oslo. 1960.
  72. Aschehougs konversasjonsleksikon. Bind 15. Oslo. 1960.
  73. «Portugal : Non-Catholic Religious Groups». Library of Congress. januar 1993. Arkivert frå originalen 4. april 2010. Henta 4. april 2010.
  74. Weiner, Rebecca. «The Virtual Jewish History Tour : Portugal». Jewish Virtual Library. Henta 4. april 2010.
  75. Wheeler (2010), s. 1
  76. Wheeler (2010), s. 2
  77. Wheeler (2010), s. 2
  78. Wheeler (2010), s. 2
  79. 1 2 Aschehougs konversasjonsleksikon. Bind 15. Oslo. 1960.
  80. Wheeler (2010), s. 2
  81. Wheeler (2010), s. 2
  82. Wheeler (2010), s. 2
  83. Wheeler (2010), s. 2
  84. Wheeler (2010), s. 2
  85. Wheeler (2010), s. 2
  86. Wheeler (2010), s. 1
  87. Wheeler (2010), s. 1
  88. Wheeler (2010), s. 1
  89. Wheeler (2010), s. 1
  90. Wheeler (2010), s. 1
  91. Wheeler (2010), s. 1
  92. Wheeler (2010), s. 1
  93. 1 2 3 Aschehougs konversasjonsleksikon. Bind 15. Oslo. 1960.
  94. 1 2 3 Lohse, Birger (2009). «Portugal - litteratur». Den Store Danske. Henta 5. april 2010.
  95. Wheeler (2010), s. 2
  96. Wheeler (2010), s. 2
  97. Wheeler (2010), s. 2
  98. Wheeler (2010), s. 2
  99. Wheeler (2010), s. 2
  100. Wheeler (2010), s. 2
  101. Pessoa, M. F., Mendes, B. e Oliveira, J. S. «Culturas marinhas em Portugal» (PDF). Cluster.
  102. Wheeler (2010), s. 2
  103. Wheeler (2010), s. 2
  104. Det Latinske Europa. Europa-programmet. 1999. ISBN 8291165203.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Portugal