close
Hopp til innhald

Kifisiá

Kifisiá
Lokalt namn Κηφισιά
BERJAYA
Geografi
BERJAYA
StadAten
Koordinatar38°05′N 23°49′E / 38.083°N 23.817°E / 38.083; 23.817
Areal25,94 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Nord-Aten
HovudseteKifisiá (48 700 innb.)
Demografi
Folketal72 878 (2021[1])
Folketettleik2809 /km²

Kifisiá (gresk Κηφισιά, katharevousa Κηφισσιά, i antikken/latin Cephissia), òg kalla Kifissia, er ein kommune i dei nordlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]

Elva Kifisós renn vest for Kifisiá og halvparten av kommunen er dekt av fjellet Pendéli.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA
Den tidlegare kommunen Kifisiá, no kommunaleininga Kifisiá

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Kifisiá 72 878 innbyggjarar, medan kommunaleininga med same namn hadde 48 700 innbyggjarar.[1]

Kifisiá går tilbake til antikken og var heim til forfattaren Menander (om lag 342-291 fvt.).[3] Kifisiá vart ein kjend tilhaldsstad for filosofar under den romerske keisaren Hadrian, då den rike Herodes Atticus av Marathon (i dag Marathónas) bygde Villa Kifissia. I mellomalderen kjenner ein mindre til Kifisiá, men ein har funne restane av ei klosterkyrkje her.

Under den osmanske perioden var halvparten av innbyggjarane muslimske, medan den andre halvdelen var kristne. Sidan området har noko lågare temperatur enn resten av Aten vart det populært for rike, atenske familiar å byggje sommarhus her, sjølv inn på 1900-talet. I tillegg vart det bygd mange hotell for dei som ikkje hadde råd til eigne hus.

  1. 1 2 Folketeljing 2021
  2. 1 2 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
  3. Rossiter, Stuart, Greece, Ernest Benn Ltd., London (1977) s. 185

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Kifisiá