close
Hopp til innhald

Galați

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Galaţi)
«kalas» omdirigerer hit. For festmåltid, sjå fest.
Galați
by
BERJAYA
BERJAYA
Våpenskjold
Land BERJAYA Romania
Fylke Galați
Areal 246,3 km²
Folketal 217 851 (1. desember 2021)
Først nemnd 1445
Borgarmeister Dumitru Nicolae
Postnummer 800522
Retningsnummer +40 02 36
Bilnummer GL
Kart
Galați
45°26′01″N 28°03′19″E / 45.433611111111°N 28.055277777778°E / 45.433611111111; 28.055277777778
Wikimedia Commons: Galați

Galați[a][b] er ein by aust i Romania (Moldavia), og hovudstaden i Galați fylke ved breidda av Donau. Han har om lag 220 000 innbyggjarar og er den sjuande største byen i landet. Han ligg nær byen Brăila, og det er planar om at dei to byane saman med omliggande kommunar skal danne eit sams storbyområde for nedre Donau.

Namnet på byen kjem truleg frå kumansk galat, som er eit låneord frå det arabiske qal'at, som tyder «festning». Andre teoriar er at namnet kjem frå det serbiske ordet galac. Det keltiske ordet Galatia (Gallia) er eit anna, men lite truleg, opphav.

BERJAYA
Galați i 1826

Byen vart først nemnd i 1445. Under den russisk-tyrkiske krigen i 1789 vart Galaţi sett i brann av russiske styrkar leia av Mikhail Kamenskij.

I 1907 fann eit bondeopprør stad i og rundt byen, men det vart slått ned av den rumenske hæren.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA
Kommunen Galați innanfor Galați fylke

Galați er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Folketal 2011[1]Folketal 2021[2]
Galați249 432217 851
  1. /ga'laʦʲ/
  2. tyrkisk Kalas, tysk Galatz, polsk Gałacz
  1. «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente ('Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar')» (på rumensk). Institutul Național de Statistică ('Det nasjonale instituttet for statistikk'). 31. oktober 2011. Henta 10. september 2023.
  2. «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Galați