close
Hopp til innhald

Fremantle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fremantle
by
BERJAYA
Land BERJAYA Australia
Kart
Fremantle
32°03′15″S 115°44′51″E / 32.054166666667°S 115.7475°E / -32.054166666667; 115.7475
Wikimedia Commons: Fremantle, Western Australia

Fremantle er ein hamneby i Vest-Australia ved munningen av elva Swan om lag 19 kilometer sørvest av storbyområdet til delstatshovudstaden Perth. Fremantle hamn fungerer som hamn for Perth. Den fyrste busetnaden på staden blei oppretta i 1829. Hundre år etter, i 1929, fekk Fremantle bystatus. Ved folketelljnga i 2021 hadde byen 33 112 innbyggjarar.[1]

Før den britiske busetnaden var heldt det innfødde noongarfolket til her i tusenår, og dei kjende staden under namnet Walyalup (woyli-staden, som er ein type rottekenguru).[2] Fremantle blei vitja av nederlandskske oppdagingsreisande på 1600-talet, og var det fyrste området som blei folkesett av Swan River-kolonistane i 1829. Busetnaden fekk namn etter kaptein Charles Fremantle,[3] ein engelsk marineoffiser som gjorde krav på vestkysten av Ny-Holland som britisk territorium.[4] Busetnaden sleit dei fyrste tiåra. I 1850, med framveksten av straffetransport til kolonien, blei Fremantle det fremste reisemålet for straffanger til Australia. Fengselet her, Fremantle Prison, blei bygt av fangar, og var i drift lenge etter at transporten av fangar blei avslutta i 1868. Det er no utpeikt av UNESCO som ein del av verdsarva.[5]

BERJAYA
Parti frå den eldre delen av Fremantle, med Round House.

Fremantle blei ein kommune i 1883, og det påfølgende tiåret blei hamna utdjupna for kommersiell skipsfart. Dette forvandla hamna til eit travelt handelssenter og inngangsport på høgda av det vest-australske gullrushet, som førte til ein kraftig befolkningsvekst.[6] Fremantle blei erklært som by i 1929,[7] og spelte ei nøkkelrolle i andre verdskrigen som den største ubåtbasen på den sørlege halvkula. Innvandring frå Europa i etterkrigstida, særleg frå Italia, bidrog til å forma karakteren til Fremantles. Byen blei raskt gentrifisert etter å ha vore vertskap for seglkonkurransen America's Cup i 1987. Fremantle er kjend for dei velbevarte viktorianske og edvardianske gatelandskapa sine og arkitektur frå straffefangetida, og er kjend som ein bohemsk enklav med ein blømande kunst- og kulinarisk scene. Han er òg den tradisjonelle heimen til Fremantle Football Club, populært kalla for «Dockers», eit av to australske fotballiga-lag basert i Vest-Australia.[8]

  1. «Fremantle City in Australia», City Population
  2. «(26/3/2018) Inaugural Woylie Festival starts tomorrow» Arkivert kopiWayback Machine., Fremantle.gov.au.
  3. Davidson, Ron; Davidson, Dianne (2010): Fighting for Fremantle. Fremantle, Western Australia: Fremantle Society. ISBN 9781921361913; s. 11.
  4. Stewart, William (2009): Fremantle, Sir Charles Howe (1800-1869), Admirals of the World: A Biographical Dictionary, 1500 to the Present. Jefferson, NC: McFarland. ISBN 9780786482887; s. 135.
  5. «World Heritage List», Fremantle Prison
  6. Gold Rush in the West, National Film and Sound Archive of Australia.
  7. «Fremantle A City», The West Australian. 4. juni 1929. s. 17. – via Trove (National Library of Australia).
  8. Official AFL Website of the Fremantle Dockers

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Fremantle