Andorra la Vella
| Andorra la Vella | |||
| hovudstad | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Høgd | 1 023 m | ||
| Areal | 30 km² | ||
| Folketal | 24 042 (2023)[1] | ||
![]() Andorra la Vella 42°30′26″N 1°31′20″E / 42.507222222222°N 1.5222222222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Andorra la Vella | |||
Andorra la Vella er hovudstaden i Andorra, og ligg aust i Pyreneane mellom Frankrike og Spania. Det er òg namnet på kommunen som byen ligg i. Landsbyen Santa Coloma ligg òg i kommunen.
Hovudnæringa i byen er turisme, sjølv om landet òg tener mykje på å vere eit skatteparadis for utlendingar. Møblar og brandy er lokale produkt.
I Andorra la Vella bur forlk frå fleire ulike nasjonalitetar: Spanjolar (43 %), andorranarar (33 %), portugisarar (11 %), franskmenn (7 %), og 6 % andre. Det offisielle språket er katalansk, men ein talar òg spansk og fransk.
Geografi og klima
[endre | endre wikiteksten]Andorra la Vella ligg sørvest i Andorra der to fjellelvar renn i hop. Sidan byen ligg i ei høgd på over 1 000 meter har ein nok snø om vinteren til at staden har eit populært skisenter. Klimaet er temperert med kalde vintrar og varme, tørre somrar. Temperaturane varierer i snitt frå rundet -1 °C i januar og 20 °C i juli. Den normale årsnedbøren er 808 mm.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |


