Musea i Sogn og Fjordane er eit regionalt, konsolidert museum i Vestland fylke. Den 1. januar 2009 vart fleire sjølvstendige museum i tidlegare Sogn og Fjordane fylke slått saman i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Hovudkontoret og administrasjonen til museet held til i Sandane.
Musea i Sogn og Fjordane
Faktaboks
- Offisielt namn
- STIFTINGA MUSEA I SOGN OG FJORDANE
- Også kjend som
-
Misf
- Organisasjonstype
- Stiftelse
- Forretningsadresse
- Sandane
- Stifta
- 14.01.2009
- Dagleg leiar
- Jan Heggheim
- Styreleiar
- Ivar Kvalen
Verksemd
Føremålet med museet er å dokumentere, forske på og formidle natur, kulturarv og kunst frå Sogn og Fjordane. Samlinga inkluderer meir enn 120 000 kultur-, kunst- og naturhistoriske gjenstandar, bygningar og båtar. Museet forvaltar dei kulturhistoriske bygningane gjennom antikvarisk vedlikehald og bevaring av dei tradisjonelle handverka som har vore brukte opp gjennom historia. Ein del av samlinga blir vist i DigitaltMuseum.
Museumsavdelingar
Musea i Sogn og Fjordane har tolv museum og besøksavdelingar i fleire kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Dei mest sentrale musea er:
- Nordfjord Folkemuseum, eit friluftsmuseum Sandane i Gloppen kommune i Nordfjord. Museet vart stifta i 1920 og rommar mellom anna 44 historiske bygningar frå regionen. I tillegg inneheld museet òg ei 60 fot lang fraktejekt, som er den einaste bevart i landet frå 1800-talet.
- Kystmuseet i Sogn og Fjordane, eit museum i Florø som vart etablert i 1980 og viser natur- og kulturforholda langs kysten i fortid og notid. Samlinga inkluderer ein typisk fiskarheim, ei utstilling om framveksten av bysamfunnet i Florø og ei samling av lokale båttypar.
- Astruptunet, som ligg ved Sandal og Jølstravatnet i Sunnfjord kommune og er kunstnarheimen etter målaren Nikolai Astrup. Museet viser Astrups kunst og gammal byggjeskikk frå området. Etter eit fireårig prosjekt stod tunet ferdig restaurert i 2024.
- Sunnfjord Museum, eit museum i Movika ved Førde som vart etablert i 1910. Museet rommar 32 historiske bygg som inkluderer gardstun, husmannsplass og støl.
- De Heibergske Samlinger, eit av Noregs største og eldste folkemuseum som vart etablert i 1909. Museet ligg i Vestreim og rommar historiske bygningar og gjenstandar knytte til jordbruk, handverk, tekstil og klede.
-
Norsk Kvernsteinsenter, eit museum i Hyllestad kommune som også inkluderer Kvernsteinsparken. Parken opna i 2002 og inneheld mellom anna Nord-Europas største steinbrot frå vikingtida og mellomalderen.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
-
Astruptunet er et museum ved Sandal og Jølstravatnet i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Museet er kunstnerhjem etter maleren Nikolai Astrup (1880–1928) som bodde her i årene 1914–1928. Gamlestua er fra 1700-tallet. -
De Heibergske Samlinger, et av Norges største og eldste folkemuseum som ble etablert i 1909. Museet ligger i Vestreim og rommer historiske bygninger og gjenstander knyttet til jordbruk, håndverk, tekstiler og klær.
Faktaboks
- Sektorkode
- 6500 Kommuneforvaltningen
- Næringskode(r)
- 91.212 Drift av kulturhistoriske museer; 91.211 Drift av kunst- og kunstindustrimuseer; 91.213 Drift av naturhistoriske, teknologiske og vitenskapshistoriske museer

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.