Bokn er ein kommune i Rogaland på nordsida av Boknafjorden innanfor Karmøy. Bokn består av til saman 125 øyar, holmar og skjer. Der bur folk på fire av dei: Vestre Bokn og Loten, til saman 35,2 kvadratkilometer, som er forbunde med bru over den smale Sunnalandsstraumen, og dessutan Austre Bokn (7,5 kvadratkilometer) og Ogn eller Ognøy (2,2 kvadratkilometer).
Kommunen blei oppretta i 1849 ved utskiljing frå Skudenes kommune. Sidan har grensene vore uendra.

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.