close
Hopp til innhald

Daily Mail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daily Mail
BERJAYA
LandStorbritannia[1]
TypeMorgonavis
FormatTabloidavis, fullformat
Grunnlagd1896
EigararDaily Mail and General Trust, Jonathan Harmsworth
Grunnleggjar(ar)Alfred Harmsworth, Harold Harmsworth
UtgjevarDMG Media
SpråkEngelsk
IdeologiKonservatisme
Politisk posisjonKonservativ
Opplag2 300 000
HovudkvarterLondon
OCLC16310567
Nettstadhttps://www.dailymail.co.uk/ (engelsk)

Daily Mail er ei britisk morgonavis som blir gjeven ut i London.

Daily Mail blei grunnlagd i 1896 av Alfred Harmsworth. Den var prega av moderne trykkteknikk og nyhendejournalistikk, og vart på 1920-talet den største morgonavisa i Storbritannia. Redaksjonen i avisa har tradisjonelt vore konservativ, og Daily Mail var før ei mellomformatsavis med eit redaksjonelt innhald som låg mellom kvalitetsavisene, som vart trykt i fullformat, og den skandaleprega tabloidpressa. Avisa kjem no ut i hendig tabloidformat. Med eit opplag på over 2,3 millionar daglege eksemplar er Daily Mail den nest største avisa i Storbritannia, etter The Sun. Ho er òg den tredje største i Europa, og nummer elleve på verdsbasis.

  1. The ISSN portal (på engelsk, fransk, spansk, kinesisk, og arabisk), Paris: ISSN International Centre, ISSN 1819-1819, ISSN 0307-7578, Wikidata Q70460099