Chileflamingo
| Chileflamingo | |
Chileflamingo | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av chileflamingo | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Phoenicopteriformes |
| Familie: | Flamingoar Phoenicopteridae |
| Slekt: | Flamingoar Phoenicopterus |
| Art: | Chileflamingo P. chilensis |
| Vitskapleg namn | |
| Phoenicopterus chilensis | |
Chileflamingo (Phoenicopterus chilensis), spansk flamenco chileno, er ein art i flamingofamilien (Phoenicopteridae), med ei høgd på om lag 110–130 cm.
Arten er den mest vanlege av dei søramerikanske flamingoane, han lever frå Ecuador og Peru i nord til Eldlandet i Chile og Argentina i sør, og austover til Uruguay og sørlegaste Brasil. Som alle flamingoar legg han eitt einskilt kritkvitt egg i eit reir av leire.
Desse flamingoane er hovudsakleg knytte til saltsjøar, som er sårbare for tap av leveområde og vassforureining, særleg frå gruvedrift og vatning, noko som kan føre til rask forringing av habitatet.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]
Chileflamingo er ca. 105 cm i kroppslengd og er med det litt større enn andesflamingo, men marginalt mindre enn punaflamingo. Fjørdrakta hos chileflamingoen er gjennomgåande noko mindre intenst rosafarga enn hos dei andre søramerikanske artane. Arten kan best skiljast frå desse ved dei grålege beina med rosa hælledd. Den delen av nebbet som ikkje er svart er bleikare enn hos dei to andre artane.[2]
Ungane har ofte ingen rosa fargetone i starten, men er i staden grå eller ferskenfarga. Dei får gradvis den rosa vaksenfarga etter kvart som karotenoid frå kosten hopar seg opp i fjørene.
Chileflamingoen blir kjønnsmoden ved om lag seks års alder og har ei av dei lengste levetidene blant fuglar: opptil 50 år i naturen og om lag 40 år i fangenskap.[1]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Chileflamingoar hekkar vanlegvis i saltsjøar i Andes frå sørlege Peru gjennom Altiplano i Bolivia og Chile, opp til 4500 meter over havnivå, aust og ned til Córdobaprovinsen i Argentina.[2] Den nordlegaste hekkelokaliteten er i Juninsjøen aust for Lima i Peru.[3] Nokre fuglar vil streife nord til lagunar på Santa Elena-halvøya i sørlege Ecuador og andre sør til Tierra del Fuego. Arten finst òg i kystnære område i Uruguay og sørlegaste Brasil. Med det har chileflamingoen det største utbreiingsområdet av alle flamingoartar i Sør-Amerika.
Føde
[endre | endre wikiteksten]
Nebbet hos chileflamingoen er utstyrt med kamliknande strukturar som gjer det mogleg å filtrere føde – hovudsakleg dyreplankton, små krepsdyr, insekt, blautdyr og andre virvellause dyr – frå vatn i mudderflater, estuar, lagunar og saltsjøar. Vanlegvis vadar dei i grunne område, mindre enn ein meter djupe, men nokre gongar kan dei symje og filtrere små insekt, Cladocera, frå vassoverflata.[2]
Arten filtrerer føda med hovudet vendt opp-ned i grunt vatn. Den kraftige tunga pressar vatn inn og ut gjennom lamellane i nebbet, slik at føde av ulik storleik blir skild ut. Sidan fuglen et med hovudet nedover, er det berre overnebbet som rører seg.
Chileflamingoen kan ete opptil 10 % av kroppsvekta si kvar dag.[1] Arten er òg kjend for å stå på eitt bein medan han søkjer føde i vatn, noko som truleg reduserer varmetapet. Dei lange beina hjelper dessutan til med å røre opp botnsediment og frigjere små organismar.[1]
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]Chileflamingoar er sosiale fuglar som lever i flokkar som kan telje titusenvis av individ. Dei kan beite i same sjøar som punaflamingo og andesflamingo, men skil seg frå dei to andre artane med snøggare rørslar, dei vil vade dobbelt så snøggt som dei andre flamingoane under beiting. Dei kommuniserer gjennom lydar og kroppsrørsler. Ropa omfattar trompetliknande, gryntande eller gåseliknande lydar, særleg under flyging.
Kvar fugl har eit individuelt rop, og foreldra kan kjenne att sine eigne ungar blant tusenvis av andre. Dei kommuniserer òg gjennom fjørstell. Kvar fugl brukar mellom 3,5 og 7 timar dagleg på å stelle fjørene for å halde dei vassavstøytande og flygedyktige.[1]
Hekking
[endre | endre wikiteksten]
Chileflamingoar lever i store flokkar i naturen. I hekketida utfører hannar og hoer ulike kurtiserørsler, mellom anna hovudvifting, der dei svingar hovudet frå side til side, og vengesalutt, der vengene blir opna og lukka fleire gonger. Begge kjønn samarbeider om å byggje eit søyleforma reir av leire, og begge rugar på egget etter tur.[4] Ved klekking har ungen grå fjørdrakt. Han får ikkje den typiske rosa vaksenfarga før etter 2–3 år. Både hann og hoe produserer ei næringsrik væske, såkalla «kromjølk», som blir brukt til å mate ungane. På grunn av kosten har denne mjølka ei raudleg farge.
Vernestatus
[endre | endre wikiteksten]Det største trugsmålet mot chileflamingopopulasjonar er øydelegging og uro i leveområda. Gruvedrift og vatningsanlegg påverkar leveområda sterkt. Innsamling av egg og jakt er òg ein trussel. På grunn av låg reproduksjonsrate er bestandane særleg sårbare for menneskeleg påverknad.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Chilean flamingo» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2026
- Referansar
- 1 2 3 4 5 6 Grinfeld, Sonja. «Phoenicopterus chilensis (Chilean flamingo)». Animal Diversity Web (på engelsk). Henta 8. april 2025.
- 1 2 3 del Hoyo, J.; Boesman, P. F. D.; Garcia, E. (2024). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Chilean Flamingo (Phoenicopterus chilensis), version 1.1». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.chifla1.01.1.
- ↑ Dinesen, Lars and Chamorro, Alan and Fjeldså, Jon and Aucca, Constantino (2019). «Long-term declines in waterbirds abundance at Lake Junín, Andean Peru» (PDF). Bird Conservation International (Cambridge University Press) 29: 83––99.
- ↑ Farrell, Barry. «Breeding behavior in a flock of Chilean flamingos (Phoenicopterus chilensis) at Dublin zoo». Zoo Biology.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) chileflamingo hos Artsdatabanken
- (en) chileflamingo – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) chileflamingo i Catalogue of Life
- (en) chileflamingo i Encyclopedia of Life
- (en) chileflamingo i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) chileflamingo hos Dyntaxa
- (en) chileflamingo hos Fauna Europaea
- (en) chileflamingo hos ITIS
- (en) chileflamingo hos NCBI
- (en) Kategori:Phoenicopterus chilensis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Phoenicopterus chilensis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
