close

Faktaboks

Offisielt namn
FN-SAMBANDET I NORGE
Også kjend som

tidligere: Norsk Samband for De Forente Nasjoner, engelsk: United Nations Association of Norway

Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Catharina Bu
Styreleiar
Øivind Landmark
BERJAYA
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

FN-sambandet er ein norsk, uavhengig informasjonsorganisasjon som har FN og internasjonale spørsmål som arbeidsområde.

Mål

FN-sambandet vart oppretta i 1946, og føremålet er å spreie kunnskap og større engasjement omkring FN til publikum, skular og media. Skulane er den viktigaste målgruppa.

FN-sambandet kan tilby materiell, kurs og føredrag, FN-rollespel, rådgjeving, pressetenester og bibliotekteneste.

FN-sambandet sin sentrale informasjonskanal er nettstaden med informasjon om FNs arbeidsområde, FNs oppbygging, historie og sentrale organisasjonar. FN-sambandet utviklar òg det digitale verdsatlaset, og har eigne informasjonssider om FN til yngre elevar.

Organisering

FN-sambandet er ein organisasjon basert på over 50 landsomfattande medlemsorganisasjonar. Hovudkontoret er i Oslo, og i tillegg er det distriktskontor i Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Rundt 800 skular og barnehagar er knytte til FN-sambandet gjennom FN-skulemedlemskap.

FN-sambandet er knytt til paraplyorganisasjonen World Federation of United Nations Associations, med hovudkvarter i New York.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.992 Aktiviteter i andre medlemsorganisasjoner ellers

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg