*
..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
onsdag, desember 31, 2008
Godt Nytt År
Eit år som aldri kjem igjen med sine gleder og sorger,
opp- og nedturar, latter og tårer.
Foran oss ligg eit nytt og ubrukt år,
med alle sine mogelegheiter.
Anne Cath. Vestly skildra nyttår så treffande
i ei av "Lillebror og Knerten" bøkene.
Året som er forbi er ein gamal mann
som er trett av dage,og skal døy,
medan nyåret kjem som ein nyfødd baby.
Det er fint skildra, og slik ser eg på nyttår.
*
*
tirsdag, desember 30, 2008
Romjulsal hjå Frøken Fryd
fredag, desember 26, 2008
Juledagane...
...er herleg avslappande
med god mat, god tid og late dagar.
og har fortsatt eit nydeleg ver.
Klart, stille og kaldt.
Eg gjekk meg ein tur i dag tidleg,
Eg gjekk meg ein tur i dag tidleg,
før resten av huset hadde stått opp,
og fotograferte litt på min veg.
*
Både eg og Rasmus kosar oss
på kvar vår måte.
Desse støvlane ønska eg meg,
og eg må ha vore snill siden eg fekk dei,
og mykje meir.
*
Eit lite utval av det eg fekk i pakkane mine.*
Julafta var me 11 stk til middag,og me kosa oss med nydeleg pinnekjøt
som svigerforeldra mine hadde
salta og tørka,mmm.
Pakkar var det i massevis,
og desserten vart ikkje spist før i tolv tida.
Då var alle mette og fornøgde,
og i halv to tida gjekk gjestene heim,
og me kraup til sengs i 2 halv 3 tida:)
I går, første dag, var me heime og spiste sein frukost,
såg Mamma Mia dvd`n og hadde ribbe til middag.
Kaffe og dessert seinare på kvelden.
Mat, mat, mat...
Eg trur eg kjem til å trille ut døra
på mandag når eg skal på jobb igjen..
***
Ha ei fortsatt fin jul,
og kos deg masse.
tirsdag, desember 23, 2008
Lille julafta...
...er det visst i dag.
Heime er det meste klart,
men ein del småting står igjen.
*
både i stova og kjøkkenet.
*
og dei har fulgt meg i mange år.
Dei heiter Julius, Julia og lille Julafta:)
*
*
sinkpotte med ei vrihassegrein og litt pynt.
*
I stova er det englane som pyntar opp,
medan nissane høyrer til på kjøkenet.
*
*
I stova er det englane som pyntar opp,medan nissane høyrer til på kjøkenet.
*
og mange er leverte rundt til familie og venner.
Resten av pakkane ligg på soverommet,
og skal få komme under treet i kveld.
*
*
og ventar på at eg skal pynte det.
*
*
til å lage eit aldri så lite God Jul innlegg.
Dagane har gått så alt for fort den siste veka,
og på jobb har det vore kjempetravelt,
men kjekt.
I morgon er er på jobb fra 10 til 12
I morgon er er på jobb fra 10 til 12
og så er det juleferie fram til måndag den 29 des.
Eg ser fram til å kunne gå i kyrkja i morgon ettermiddag,
og etterpå gå inn døra heime og kjenne lukta av pinnekjøtt.
Då kjem nok julestemninga,
og julefreden senker seg.
*
Ha ei fin og koseleg lille julafta alle som kikkar innom.
Juleklem til deg fra meg.
tirsdag, desember 16, 2008
Englar og demonar...
men den eine er under mistanke for ei stygg ugjerning,
og vert ikkje rekna heilt med for tida.
*
*
Englane bur inne på kottet nesten heile året,
men i desember får dei komme ut
og pryde stova i heimen vår.
*
Dagen var komen då eg skulle hente fram
englane og litt av julepynten.
Eg løfta englane forsiktig fram
og eg sette i eit aldri så lite forskremd skrik
då eg såg den største engelen.
*
at det var rett før eg ringde legevakta.
Kven er det som har vore inne på kottet i løpet av året
og kven kan ha gjort dette?
Er det han som på bilete over, ligg og søv sin søtaste søvn,
eller....
*
*
og ser litt skjemd ut,
som har SLÅTT HÅL I HÅVE på engelen min????
***
***
*
Som de ser så skjer det grusomme ting i førjulstida.Kva slags drama er det som har utspelt
seg i mørkret inne på kottet kan eg berre gjette meg til.
Heldigvis så er engelen etter forhalda i god form,
og skal nok klare å skape julestemning i heimen dette året også.
Men etter jul så skal engelen få ny plass å bu.
Inne på kottet,
må det vere ein demon som ikkje likar englar,
som held til...
søndag, desember 14, 2008
Litt julestemning..
...er det begynt å komme i heimen.
Det hjalp å pakke inn gåver og spele julemusikk,
og ete mandariner:)
*
julekonsert i kyrkja.
Det var berre lokale krefter fra bygda her og rundtomkring
som sto for sang og musikk.
Barnekoret, musikkorpset og Feedback.
Det var nokre unge talent som fekk tårene fram i mine auger.
Ein 12 åring spela "The Christmas song"
på trompet så taket nesten løfta seg,
og det var nydeleg solosang med kjende
og kjære julesongar med fantastisk flinke songarar.
Ha ein fin og koseleg
3. søndag i advent.
torsdag, desember 11, 2008
onsdag, desember 10, 2008
5 ting eg ikkje ønskje meg til jul....
Eg fekk ei utfordring av Catta om å skrive 5 ting eg IKKJE ønskje meg til jul.
Dei 2 første tinga kom kjapt,
men dei 3 neste var det verre med.
*
5 ting eg IKKJE ønskje meg til jul.
1. Ski.
Eg kan ikkje fordra skigåing, og har ikkje hatt eigne
siden eg var 5 år.
2. Kjøkkenduppedittar.
Skapfyll har eg nok av.
3. Ekstrautstyr til bilen.
Så lenge bilen går så er eg fornøgd.
4. Utstoppa dyr.
Eg får frysningar av å sjå og ta på dei.
Likar dyr best når dei er levande.
5. Vaffeljern.
Har allereie 3 stk...
*
Eg skal sende denne videre til 3 stykker,
***
*
og har samstundes lagt dei ut i Skattkammeret.
Veldig kjekt å sy puter, og når kundane likar dei også,
så er det enda kjekkare.
*
*Klem*
tirsdag, desember 09, 2008
Ord for dagen
Kristus din styrke,
Ånden er nær
som en trofast venn.
Herren har hørt deg
nådig berørt deg,
Herren vil reise deg
opp igjen.
Irsk beskyttelsesbønn
Irsk beskyttelsesbønn
mandag, desember 08, 2008
søndag, desember 07, 2008
2.søndag i advent

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv, og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.
*
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv, og oss som er tilstede.
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.
lørdag, desember 06, 2008
Litt om meg og litt til
Eg har fått både utfordring og utmerking dei siste dagane,
og får skunde meg å ta dei med før eg gløymer det ut.
Tusen hjarteleg takk til Tina og Agathe som vil vite 7 ting om meg....
*
Tenke, tenke, gruble...
1. Som barn og langt inn i voksen alder var eg hysterisk mørkredd,
men plutseleg ein dag for rundt 6 år siden så var den borte vekk.
*
*
og i alderen 9-15 år så sat eg med nasen i ei bok,
til stor irritasjon for mange.
3. I ein gymtime i 9. klasse tok eg ein uheldig salto på "tjukkasen"
som resulterte i brudd i to nakkevirvlar.
*
5. Eg er veldig lettrørt og grin når nasjonal sangen vert spela,
barnekor syng eller ser ein trist eller rørande film.
*
*
men dei seinare åra har det begynt å bølge seg.
7. Eg har alltid hatt katt,
og drog heim kattongar i hopetal til mammas store fortvilelse.
*
Nå veit de litt meir om meg,
og eg skal sende denne videre til 7 stykker.
Men siden det snart er jul får alle
som har lyst lov til å ta den med seg.
***
*
Denne flotte utmerkinga har eg fått av Tina,
Denne flotte utmerkinga har eg fått av Tina,
Lena, Maret og Christine.
Tusen hjarteleg takk.
*

Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET
- nærhet i rom, tid og forholderne er usedvanlig sjarmerende og søte,
og formålet er å finne og å være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,
vil enda flere vennskap ha forplantet seg.
Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere,
som igjen må velge seg åtte nye.
Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.
*
Eg gir denne videre til:
Desse 8 bloggane utmerkar seg positivt på kvar sin måte.
Alex - Mitt hus ditt hus.
Anja -Historien om et liv.
Organic - Lizzi.
Bea - Strikkepinnar og andre pinnar.
Torunn - Hvorfor ikke.
Magny.
Cattas verden.
9na.
*Ha ein fin laurdagskveld alle som kikkar innom.
*
Ps. Eg har verdens snillaste mann.
I dag gjekk han på jobb for meg fram til kl 12,
slik at eg kunne sove litt frampå etter gårsdagen
langopen butikkjobb:)
fredag, desember 05, 2008
Plutseleg så var det fredag...
...og hjelpe meg så fort tida går.
"Eller tida går ikkje, ho kjem"
er det noko som heiter.
Til tider føler eg det er berre mandagar og fredagar,
og så har me nokre travle dagar imellom.
Jaja, eg bør ikkje klage, men det går for fort.
Eg har så masse eg har lyst til å gjere før jul.
*
ein aldelesen søt adventskalender laga av fyrstikkesker.
(Oppskrift kan du finne inne på www.kreativesider.no
Eg visste eg hadde sett det ein plass.)
Den måtte eg prøve og lage, og slik vart mitt resultat.
Adventskalenderen er på veg til ei søt og snill jente
som eg er veldig glad i.
Den kom litt for seint til 1. desember,
men håpar det går greit.
*
Nokre små 15 cm x 15 cm,
og nokre 20 cm x 20 cm.
*
Englecollagane som eg lagar er blitt populære,
og det er jo veldig kjekt:)
*
I kveld skal eg ha ope til kl 22 på Frøken Fryd.
Eg prøvde å få med ein del andre bedrifter også,
men det var ikkje så mange som var interessert.
Så då er det meg, bakaren og
blome og gåvebutikken som har ope +
at juletresalet skulle starte i dag.
Kiwi, matbutikken har alltid ope til kl 22.
Er du i nærleiken så er du hjarteleg velkommen innom,
og få smake gløgg og pepperkaker:)
*
Ha ei finfin helg alle saman.
onsdag, desember 03, 2008
Tjuvjakt
I nattens mulm og mørke i går, gjekk eg på tjuvjakt.
Fangsten var ikkje matnyttig, men eit lite grantre.
Eg håpar inderleg ingen såg meg medan eg sto der
og sleit og drog i den vesle grana.
Følte meg som ei tjuv, og ein tjuv er eg.
Tilgje meg for at eg stjal denne vesle grana,
men hjelpes meg så fin ho er der ute på trappa.
Lurer på om eg må ut ein tur i kveld og....
tirsdag, desember 02, 2008
Juleraudt
Det kvikkar opp med litt raudt inniblant,
og saman med sink er det knalltøft.
*
*
Slik som Tilda inspirerte nisse, og raude lys.
*
Drops i koseleg boks fra Tante Pose.
Eg sel forskjelleg gamaldags snop som drops og karameller,
og det er litt farleg for ein snopegris som meg...
*
Stoffpose til alt mogeleg.
Her har det sneket seg med
eit lite juletre i sink til 6 kr.
Sinkpynten har eg også i engel og gris....
*
Ha ein finfin dag.
Her er det kaldt, og stille med snøfnugg i lufta.
***
*
*
Drops i koseleg boks fra Tante Pose.Eg sel forskjelleg gamaldags snop som drops og karameller,
og det er litt farleg for ein snopegris som meg...
*
Stoffpose til alt mogeleg.Her har det sneket seg med
eit lite juletre i sink til 6 kr.
Sinkpynten har eg også i engel og gris....
*
Ha ein finfin dag.
Her er det kaldt, og stille med snøfnugg i lufta.
***
*
mandag, desember 01, 2008
Hemmeleg venn gåve og adventskalender
Så er snart den aller første dagen i desember over.
Eg har fått med meg både The Julekalender og Jul i Blåfjell.
og då var eg kjapp ned på Samvirken for å hente pakken.
Eg pakka utav eska, og inni var det enda ei innpakning før eg fann innhaldet.
Der var 4 nydeleg innpakka pakkar til meg.
Så nydeleg og omtenksomt pakka inn.
*
Inni låg masse flott julepynt.
Stjerne og engel,
og verdens søtaste froskeprins:)
*
*
som min hemmelege venn heilt sikkert har sydd sjølv.
*
Ei kjempeflott lysranke fekk eg også,
og korleis visste du at eg har ønska meg ei slik lenge:)
Førebels så heng den rundt eit maleri på soverommet,
men skal nok finne den rette plassen snart.
Tusen hjarteleg takk for den flotte gåva,
og den tenkjer eg kjem fra Sol med My kind of blog.
*
Her heng min og min kjære sin adventskalender,
og me skal trekke annakvar dag.
Så er det om å gjere å ikkje kikke oppi posane
når me går opp trappa.....
***
Eg skal prøve slik som Sol med å ha eit dagleg innlegg fram til julafta.
Adventsblogg, vert det vel då:)
Ha ei finfin veke alle som kikkar innom,
og kos dåke i adventstida.
Klem.
*
Ei kjempeflott lysranke fekk eg også,og korleis visste du at eg har ønska meg ei slik lenge:)
Førebels så heng den rundt eit maleri på soverommet,
men skal nok finne den rette plassen snart.
Tusen hjarteleg takk for den flotte gåva,
og den tenkjer eg kjem fra Sol med My kind of blog.
*
Her heng min og min kjære sin adventskalender,og me skal trekke annakvar dag.
Så er det om å gjere å ikkje kikke oppi posane
når me går opp trappa.....
***
Eg skal prøve slik som Sol med å ha eit dagleg innlegg fram til julafta.
Adventsblogg, vert det vel då:)
Ha ei finfin veke alle som kikkar innom,
og kos dåke i adventstida.
Klem.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.








































