..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
Viser innlegg med etiketten bryllup. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bryllup. Vis alle innlegg
mandag, juni 23, 2008
torsdag, juni 21, 2007
Generalprøve...
I ettermiddag har me hatt generalprøve i kyrkja. Det gjekk fint, og eg vart ganske svett og rørt samtidig.... Kossen skal det gå på lørdag, mon tru?Det er sønnen min som skal gå meg opp kyrkjegolvet siden pappa min ikkje lever lenger.
Det var ein veldig koseleg prest me skal ha, han som høyrer til her har ferie, så me fekk ein fra ei anna bygd. Han forklarte og me gjekk gjennom heile ritualet, så eigentleg så er me gifte nå, me sa ja på to plassar begge to, hehe.
Begge jentene mine skal lese kvar sitt bibelstykke, og forlovaren min skal lese fra "Profeten" av Kahlil Gibran. Ein venn av oss skal spele "You raise me up" på piano, og ungdomskorpset skal spele "Tir`na Noir" av Vamp. Bruremarsjen inn er Mendelssohn "Fra en midtsommernattsdrøm" og ut er det R. Nordraak "Purpose". Eg håpar og trur at dette skal skape ei fin ramme rundt vielsen.
Bildet over er av litt av pynten som skal brukast til å pynte bordet med. Bent skal hente 100 kvite og lime farga roser i morgon, som skal brukast som pynt. Det kan bli bra:o)
I kveld har me rydda og vaska, og eg har baka to kakebotnar som eg skal pynte på fredag. Me får besøk av eit vennepar fra Irland som kjem i morgon, og skal vere hos oss til neste torsdag.
Mine tre barn med to kjærestar skal også ligge her i helga, så det vert fullt hus og stormende jubel.
Noko liknande som dette skal eg ha bordpynten, men med kvite roser. Me har større skåler også som det kan ligge 3 roser i+ grønt.Eg gler meg til å pynte lokalet og bordet, og håpar at det vert fint:o)
Tusen takk for alle koselege helsingar, og lykkeønskingar om fint ver til dagen vår;o)
Det set me stor pris på.
onsdag, mai 30, 2007
Snart sommar!
Eg hadde eit lite håp i går, at nå var sommaren komen her vest, og enda større vart håpet da eg slapp Rasmus ut kl halv seks i dag tidleg. Då var det sol fra blå himmel, men det skya til utover formiddagen, og har nå gått over i sur vind og regn*hmfr* Men med så dårleg ver hadde eg ei unnskuldning for å blogge litt...Min kjære eglar meg litt for denne blogginga mi. Eg har hatt totalt datafobi tidlegare, og har banna og lese så mykje over den maskina kvar gong eg ikkje har forstått noko. Men gje meg noko eg synest er kjekt, så løyser det meste seg *tjihi* Takk Malin:)
Rasmus pusen kosa seg ute på plenen i går ettermiddag. Han storkosar seg når folka hans er ute med han.Ps. Plenen vart klipt etter at bilda vart tatt*hihi*
Eg har "om møblert" litt i bilda mine, her i trappeoppgangen til loftet, har eg samla alle bilder med svarte rammer.
I helga mala eg to nye malerier i akryl. Dette heiter "Lean on me" og er 50*50 cm.
Eg har "om møblert" litt i bilda mine, her i trappeoppgangen til loftet, har eg samla alle bilder med svarte rammer.
I helga mala eg to nye malerier i akryl. Dette heiter "Lean on me" og er 50*50 cm.Elles storkosar eg meg heime om dagane. På mandag feira me 38 års dagen til min kjære, ei veke for seint. Eg er av den oppfatning at me skal feire det som kan feirast. Alle er ikkje einige med meg i det,men,men...Det var fullt hus, og altfor mykje kaker...hehe.
Det nærmar seg bryllup også, og det er mykje å tenke på, men det meste er på plass. På lørdag skal me til by`n for å ta ut ringar, og eg skal på brudesalongen der dei skal tilpasse kjolen. Den må syast litt inn, og leggast opp.
På lørdagskvelden skal me i 40 års dag, og denne skal feirast ute, så eg håpar veret blir litt betre til då:)
Ha ein fin onsdag alle som kikkar innom:o)
Ha ein fin onsdag alle som kikkar innom:o)
Tusen takk for koselege kommentarar på det eg skriv. Det gjer meg veldig glad:)
søndag, april 08, 2007
Påskeoppdatering
Det har vore lite blogging med meg desse påskedagane, men eg har kikka innom på andre sine om eg ikkje har skrevet noko.Her er bilde av Akela, hunden til søster til min kjære. Dette er på langfredag der me var på fjelltur. Turen gjekk opp til Långåsdalshytta, ein tur på vel 3 timar opp og ned. Fin tur, men det var litt kaldt, og det snøa tilogmed....
Her er Rasmus pusen vår, og eg har sådd kattegras til han. Dette likar han faktisk veldig godt.
I går kveld hadde me mine tre søsken med sine bedre halvdeler på middag, sjølvsagt lammelår, siden det er påske. Me fekk påskeegg av søster min, fint, ikkje sant:)
I dag har me (eller Malin) laga invitasjonane til bryllupet vårt i sommar. Nokre av dei har me fått levert i kveld, nokre skal leverast i veka, og resten skal sendast i posten. Det vert mellom 80 og 90 gjester, så det vert spannande. Me gler oss veldig:)Det er mykje som skal gjerast i tida framover, men det meste er i rute. Eg er litt usikker på korleis eg skal pynte bordet, så om nokon har idear eller tips om korleis eg kan gjere det så vert eg glad:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)


Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.



