close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231120225237/https://benthilde.blogspot.com/search/label/konfirmasjon
Viser innlegg med etiketten konfirmasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konfirmasjon. Vis alle innlegg

tirsdag, mai 06, 2008

VÅRENS VAKRESTE EVENTYR....

....kan me jo kalle konfirmasjonen me hadde på søndag i dette koselege huset.
På folkemunne kalla "Lensmannshuset" eller Lensmannsgarden som det offisielt heiter.
Det er onkelen til Marie på farsida som har restaurert og sett i stand denne plassen,
men som nå vert leigd av ein chilener som skal drive det som restaurant.

BERJAYA Det er 3 stover, og me dekka 4 bord i 2 av dei.

BERJAYAPynten gjekk i svart og kvitt.

BERJAYAEnkelt og greit,
bortsett fra at alle vart svarte rundt munnen når dei tørka seg.
Serviettane farga av........


BERJAYALange enkle dekorasjonar av roser, afrikalilje og ranuklar.



BERJAYA
Kaker og dessert var det litt av også.
Koldtbordet gløymde eg å ta bilete av.
Var sikkert ihjel svolten,hehe.


BERJAYA
Konfirmanten var så fornøgd med dagen, bortsett fra at ho måtte opp
kl 07, for å møte i kyrkja klokka 09.
Me trong tida når frukost skulle spisast, bunaden skulle på,
og ho bruker evigheter på badet....
Men så var ho flott også da:)


BERJAYA

Mine tre håpefulle.
Eg er ganske så kry av dei:)



BERJAYA

Me har fått to ekstra også,
Kenneth har Guro,
og Malin har Svein Ove.
Ein flott gjeng som eg er veldig glad i:)



BERJAYA
Dagen starta med gudsteneste kl 10,
og etterpå gjekk me bort til lensmannshuset.
Koldtbord kl 13 og kaffi, kaker og dessert kl 16.30.
Eg trur alle vart mette, og me har mat i lange tider framover,hehe.
Veret var fantastisk fint, sol og varmt, og me sat ute stort sett heile dagen.










fredag, mai 02, 2008

--- GOD HELG---

er det snart siste innspurt til konfirmasjonen på søndag.
Det meste er handla inn, kaker er baka, skjortene strokne og sølvet pussa.
Resten tar me i morgon.

BERJAYA Me skal ikkje ha selskapet heime hos oss,
men me leiger eit gamalt hus som kallast "Lensmannsgarden",
og som vert leigd ut som selskapslokale.
Me fann ut at det var det greiaste siden eg og faren er skilde.
Greit å ha det på ein nøytral grunn,hehe.
Det kjem 39 gjester av 45 innbydde, og det går visst sånn nokolunde greit rundt borda.
Det må vere litt gåplass siden konfirmanten ville ha koldtbord.
Blomedekorasjonane skal eg lage sjølv av blomane som er vist her.

BERJAYA Kvite roser, kvite ranuklar og afrikalilje.
Det vert lange, liggande dekorasjonar trur eg.
Får sjå kva eg får til.

BERJAYARanuklar er ein nydeleg blom, så elegant og skjør i kronblada.


BERJAYAMarie har fått Sunnhordalandsbunad siden det er der me budde når ho var liten,
og søstera har også den bunaden.
Den har ei nydeleg brodert skjorte som minner litt om hardagersaum.

BERJAYA
Forkle er vevd, og med påsydde band nederst.



BERJAYA
Beltespenna og sølje fra Sølvsmidja på Voss.


BERJAYA
I dag er det overskya ver, men fin temperatur,
og det er meldt fint ver heile helga, og det kryssar me fingrane for.
Det er så mykje kjekkare når ein kan gå ut og strekkje på beina i selskapa.
*
Eg har ikkje bunad, men var så heldig å få låne Tone, tanteongen min, sin.
Ho vart mamma for første gang på onsdag, og trong ikkje bunaden sjølv.
Me var på sjukehuset i går ettermiddag og såg det vesle gullet hennar,
og han var heilt nydeleg. Beritsøster er mormor hans:)
*
Ha ei fin og forhåpentlegvis solrik helg, alle saman:)






lørdag, mai 05, 2007

Bytur

BERJAYA Siden det var laurdag og eg og Marie var heime aleine tok me oss ein tur til by`n. Eg hadde litt forskjellige ting eg måtte ordne, deriblant å levere symaskina til service. Stakkar, eg har hatt na i mange år og ho har ikkje fått anna stell enn litt olje iblant. Så nå fekk eg ta meg isaman og levere henne inn. Eg tenkte det kunne passe nå siden eg vert på skulen heile neste veke. Eg fann meg tre stoff også medan eg var inne i butikken, kjekt å ha. ( eg har stoff nok for resten av levetida mi, oppe på syrommet) Eg samle på stoff,hehe:)
Etterpå kjørte me bort på Amanda senteret fordi eg skulle til linsekontroll. Der fekk eg litt kjeft fordi eg har gått med linsene for lenge, jaja, eg tek det ikkje så tungt så lenge eg ser med linsene...men nå er nye bestillt, så då så.
Så då gjekk eg og Marie rundt å dilla litt, og fann nokre små ting som, sminke, undertøy, sko og toppar. Så då var ho ganske fornøgd:)

Eg samlar på englar, og vil vise fram dei som er rundt om i huset heile året.

BERJAYA Denne har eg hatt i mange år, og han heng på soverommet over eit speil.

BERJAYA Desse søte englane som kviskre hemmligheter, fekk eg til jul av dotter mi Malin. Dei står på nattbordet mitt.


BERJAYA Desse to er eg veldig glad i. Dei kjøpte eg av ei keramikar dame på ei julemesse for mange år siden. Eg synest dei har eit så skjønt utrykk.



BERJAYA Dette er kjøkkenengelen min.




BERJAYA
Denne raringen sydde eg for mange år siden da eg gjekk på eit englekurs med Kari Melsom. Han heng i gangen utanfor dodøra.




BERJAYA Denne er stor og søt og sitter i vinduskarmen ved spisebordet.






BERJAYA Denne lille runde tjukke fekk eg til sist jul av Malin.







BERJAYA Denne er bitteliten, kanskje 4 cm høg, og han sitter på hylla over omnen.
Så dette var englesamlinga mi, men eg har ein med meg på hybelen , og den fekk eg til bursdagen av Marie for nokre år siden. Eg har mange fleire englar, men dei får berre komme fram til jul:)
I kveld hadde eg tenkt at me skulle ha reker, men så var det utseld, så då vart det krabbe i staden for. Det er jo godt det også.
I morgon skal me i konfirmasjon til Lina i Stavanger, og eg har gløymt å kjøpe kort så det må eg lage i kveld, typisk meg å gløyme sånt, men, men.
Då må dåke ha ei flott helg, det som er igjen av ho;o)