close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231124101550/https://benthilde.blogspot.com/search/label/soverom
Viser innlegg med etiketten soverom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten soverom. Vis alle innlegg

onsdag, januar 25, 2012

Soverom Room Sketcher

BERJAYA
 Eg har planar om å gjere nokre forandringar på soverommet,
og nå har eg leika meg litt med Room Sketcher.
Me treng meir oppbevaringsplass, og skap og hyller får eg aldri nok av.

BERJAYA
 Her var det berre til å dra møbler og pynt på plass,
 og vips så hadde eg nytt soverom.
Det vart kanskje litt for klassisk i stilen,
men møblene og løysingane likar eg.

BERJAYA
 Skapplass på to vegger hadde vore herleg å hatt,
og ei ny god seng.
Ønske meg*


mandag, mai 19, 2008

...Soverom...

I Pinsehelga var det så varmt og fint ver her på Haugalandet at eg kunne stå ute og male.
Eg har nokre gamle soveromsmøbler som skulle malast,
og fann ut at siden min kjære ville male huset, så kunne eg male møblane.
Nattborda fekk eit strøk kvitmaling i fjor sommar......,
men eg er ikkje så glad i heilt kvitt, så dermed fekk dei nå ein omgang med fargen sand.
*
BERJAYA Det høyrer eit stort speil til denne kommoden,
men det er litt øydelagd i feste, så det får eg prøve å fikse.
(forresten så hadde det sett skikkeleg dumt ut med speil foran vindauga *fnis*)
Det er vannvittig med motthol i skuffene, dei er heilt svartprikkete.
Men siden det er så inn med prikkar i år, så gjer det ingenting:)
*
BERJAYA Rosa roser i glasvase sett inn i høve bilet taking, hehe.
*
BERJAYA Detalj av kjolen min fra 23 juni i fjor,*sukk*

*
BERJAYANattborda har vore så heldig å få nye knottar,
men eg hadde berre to,
så den observante sjåar såg nok at på komoden manglar det knottar.
Ikkje hugsar eg kor eg kjøpte dei heller.
Pytt, pytt, eg finn sikkert nokre andre fine:)
*

BERJAYALitt tekst på min kjære sitt nattbord.....
*
BERJAYA
Senga har til og med fått heilt nytt sengetøy, i lyseblått,hmmm.
Godt å ligge i var det ivertfall:)
*
Det høyr med ein komode og ein stol til desse møblene
som eg fekk for mange år siden, av ein eldre mann som skulle kaste dei.
Men nå er dei gode som nesten nye:)
Eg likar så godt formen på beina, det er så fin svung over dei!!!
*
BERJAYA *

Elles hadde me ei fin 17.mai.
Litt sol, litt overskya og litt kaldt,
men me slapp nå heldigvis snø....
*
skal eg prøve å skrive litt på oppgåva mi som skal leverast inn i slutten av mai.....
Jada, skikkeleg motivert for skriving i dag, men det gjere seg ikkje sjølv:)
*
Ha ei fin og kreativ ny veke alle kjekke, snille og goe bloggdamer der ute:)
****