close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231124094150/https://benthilde.blogspot.com/search/label/katt
Viser innlegg med etiketten katt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten katt. Vis alle innlegg

onsdag, oktober 20, 2010

Tre med patina

På loppemarkedet for nokre veker siden kjøpte eg denne korga
som er til vinballong i glas.
Eg har ikkje tenkt å setje vin, men ei korg har eg alltid bruk for.
Det syns vesle Ottopusen også.
***BERJAYAEg skrubba og vaska den i grønsåpe,
og då vart den så fin atte.
***
BERJAYAEg har ei til som står på lageret,
og som eg må ta heim og vaske rein.
Desse vert nok fine til jul fulle med kongler,
eller eg kan ha noko heilt anna oppi.
***
BERJAYADette trauet har eg hatt i mange år,
kjøpt på auksjon ein eller annan plass....
Godt brukt og fin patina på dette også.
Eg likar tre som er slitt, brukt og har den varme fine gløden
som kjem etter som åra går.
Dette har, som du ser, kattane lagt sin elsk på.
***
BERJAYA Må vise pittelitt fra Frøken Fryd også.
Nydeleg englevinge fra Krasilnikoff
til å henge bilete og kort på.
***
BERJAYA Kjempefin ramme med glass på begge sider,
og som har opning i sida.
Har den i 2 str,
og dette er den minste
som målar 4 x 5,5 cm.
***
Ha ein fin haustdag du som kikkar innom.
HildeS




tirsdag, juni 08, 2010

Nyfødt

"A home without a cat is just a house"
*
BERJAYATorsdag formiddag fekk Fridapusen 4 søte små nøster.
Ho er ei omsorgsfull mamma som nesten ikkje er utav eska,
men ligger og maler, vaskar og holder rundt dei søte små.
*
BERJAYADet vert mykje pusekosing for tida
for eg klarer ikkje å sjå meg mett på dei.
Dei er verdens søtaste og mjukaste,
og så luktar dei så vidunderleg godt.
*
BERJAYATakk for at du kikkar innom,
og ha ein strålande dag !!!

fredag, mai 28, 2010

Tap og vinn med samme sinn....

Så er trekninga gjort,
og det vart 5 heldige vinnarar.
*
BERJAYANr 5 Lise får ei ugle.
Nr 17 Ann Helen får ein boks og ein knagg.
Nr 27 Småbyliv får Læsøsalt.
Nr 32 Sol får lys og serviettar.
Nr 36 9na får ein værstasjon.
*
Gratulera alle saman,
og så håpar eg at gåvene fell i smak :-)
*
Gåvene er sponsa av Frøken Fryd
***
BERJAYA
Så over til noko heilt anna.
Fridapusen vår ventar kattongar,
og eg har trudd dei skulle komme i 14 dagar nå,
men neida, ho knip igjen.
Eg er ei skikkeleg overnervøs matmor
som ligg søvnlaus om ho er ute på natta,
og som helst ville hatt ho med på jobb på dagtid.
Jammen meg godt eg ikkje har småongar lengre.....
*
BERJAYA Ha ei finfin helg !!!!




onsdag, mai 19, 2010

Ventetid...

BERJAYA ...det er det me er inne i nå.
Fridapusen ventar kattongar,
og eg har trudd i over ei veke at,
ja nå kjem dei.
Men fortsatt ventar me....

onsdag, oktober 21, 2009

Vil du helse på Frida???

I går flytta denne søte frøkna inn hjå oss.
Ho er 11 veker gamal og er ei lita
tigerstripete og spretten jente.
***
BERJAYA Det var spanande å sjå korleis ho
ville gå saman med Rasmuspus og Tinnihund,
og det gjekk ganske greit.
Rasmus freste til henne og ho freste til Tinni.
Så då er rangeringa klar.
Me kjøpte henne av dyrlege me går til,
og skal tilbake om 4 veker for revaksinering.
Då skal Rasmus vere med også, og få ny vaksinering.
Han skulle vere med i går kveld,
men det passa han ikkje, og stakk ut...
***
Ha ein fin dag du som kikkar innom.

mandag, august 13, 2007

Helgatankar...

Helga har vore travel, men veldig koseleg og kjekk. Torsdagskvelden tok me og eit vennepar turen til Haugesund på Sildajazz`n. Det var jo så fint og varmt vèr, butikkane i by`n hadde ope til 24, og det var folk og tappekranar over heile kaien....

BERJAYA Fredagsmorgon kjørte eg (merkeleg), oss to til Stavanger, der me skulle tilbringe helga ilag med søstrene og svogeren til min bedre halvdel. Begge søstrene hans bur i nærleiken av kvarandre + at kjæresten til Malin bur (og ho) i same gata. Dermed så vart det veldig sosialt, med god mat og drikke både fredags- og laurdagskvelden. Sissel, eldste søster til mannen, har hunden Akela (bildet over), og ho hadde same veka vore til dyrlege og sterilisert henne. Dermed måtte ho gå med "frakk" på seg for ikkje å slikke i operasjonssåret på magen. Ho er så snill og god den hunden, og ville helst ligge i sofa`n og kose med oss.
På laurdagen var me ein tur nedi by`n, fordi eg hadde høyrt om eit marked som var på Nytorget kvar laurdag. Det var masse boder der butikkar og private selde gamle ting og tang. Eg fann noko som eg ikkje kan vise enno fordi det er ein bursdagspresang, og ein liten karaffel til 30 kr. Det var masse fint både billig og dyrt, og verdt turen innom. Eg elskar å kikke og rote i gamle saker og ting *tjihi*
Me storkoste oss, men det var likevel godt å komme heim igjen på søndagskvelden til Rasmuspusen.

BERJAYA Flottaste pusekatten som finns, heilt objektivt sett altså:o)

BERJAYA Nydelege poter, mjuke og go`.


BERJAYA



BERJAYA
Ute er sommarblomane begynt og haustast, og i morgon startar skulen opp igjen. Eg veit ikkje om eg har fortald at eg skal ta eit årsstudium i kunst og handverk dette året, men det skal eg altså. Det startar i morgon på høgskulen Stord/Haugesund på Stord. Dette gjer eg nå medan eg har permisjon fra Høgskulen i Telemark. Eg gler meg, og ser fram til å komme igang. Eg skal kjøre att og fram til skulen, og det blir noko heilt anna enn å vekependle slik eg gjorde sist skuleår. Nå er eg heime kvar kveld og kan ha eit normalt familieliv.


BERJAYA
Så i morgon kl 10 er eg skulejente igjen:o) Hehe.

BERJAYA Dette er karaffelen eg kjøpte på markedet, liten og søt, ikkje sant:o)
Nå skal eg ut å gå meg ein tur, Marie er med faren i bursdag til onkelen, og mannen i huset er på fotballkamp:o)
Ha ein finfin kveld, og TUSEN takk for koselege kommentarar!!!!