close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231124130439/https://benthilde.blogspot.com/search/label/syrom
Viser innlegg med etiketten syrom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten syrom. Vis alle innlegg

onsdag, januar 16, 2008

Forkjølelse og andre rariteter

BERJAYAO lykke, eg var innom på Fretex i dag, og der sto det eit gamalt syskrin og venta på meg.
75 kr og så vart det stabla inn i bilen og opp på syrommet heime.
Det skal få litt maling og bli pussa litt med, så vert det så bra så.

BERJAYA Skuffa under er trekt med eit stoff som eg må prøve å vaske.
Det er ganske møyrt så eg veit ikkje korleis det vil gå, men,men.
Er så fornøgd med at eg fann dette i dag:)

BERJAYA Stakkars lille søte Rasmus pusen vår er blitt så forkjøla. Me lurer på om me skal omdøype han til Snøfte Smith. Han nyser og renner i nasen og auger, og har vore litt pjuskete dei siste dagane.


Eg var i kontakt med dyrlegen i går, men skulle sjå det an til i dag om han var betre då, og det var han heldigvis. Nå renner ikkje augene lenger og han snøfter og nyser berre avogtil.


Han vil sjølvsagt vere med der eg er, og då er det pladask oppå tegningen min.



BERJAYA Litt bilete fra syrommet mitt, og dette er det eg ser når eg sit og syr.
Litt gamalt og litt nytt i salig blanding.



BERJAYA Her er plassen min, og denne stolen har eg også kjøpt på Fretex.
På bordet står frøken Pfaff og ventar på at eg skal komme og sy.




BERJAYA Koffertane mine som inneheld mange skattar.
Dei står stabla 3 stykker oppå kvarandre ved siden av sofan.





BERJAYA
I eine enden av rommet heng settekassen min med små saker og ting inni.





BERJAYA Ei lita selskapsveske heng klar i tilfelle eg plutseleg skal i selskap.
Aldri godt å vite:)




BERJAYABamsane mine sitter på sofaryggen og følgjer med på kva som skjer her inne, kven som går forbi, og håpar at nokon snart vil leike med dei igjen.

Dette var eit raskt blikk rundt om i syrommet. Eg skal male eine bokhylla der inne og litt anna pyssel som eg ikkje er ferdig med, så det får eg vise seinare.
*
Ha ein fin kveld alle som kikkar innom:o)