Eit av mine tankar om det nye året er å få litt meir orden i saker og ting.
Som tenkt, så gjort!
Dermed brukte eg føremiddagen i dag til å sortere og rydde i stoffa mine. Eg har samla i mange år, og lageret har auka jamt og trutt. Eg har sydd mykje også, men eg ser at eg har handla meir enn eg har brukt opp.....Så i dag har eg sortert med hard hand.
Det var mange haugar med stoff , sortert i forskjellige kategoriar. Stoffa vart sortert etter farge i respektive haugar, deretter,1 haug med rester og kapp, 1 haug med mønstra, og 1 haug med "ikkje brukande" akkurat nå, stoff + pittelitt som vart kasta.
Eg ser det er ein del gjengløymde stoff fra -90 talet i den mønstra haugen....Eg fann også ut at eg har hatt ein kjærleik for stoff med høner og ditto fjærkre, på...
Så nå skal eg snart til å sy påskedukar med høner, hanar og kyllingar på *fnis*
Det vart ryddig til slutt i boksane, og det vart meir oversiktleg. Eg har mange godbitar som eg er veldig glad i, oppi desse kassane. 6 stappfulle plastboksar vart det med oppkutta stoff +det eg har i metervare. Jammensanten så har eg stoff ei stund framover:o)Eg sa til mannen i dag at om eg snakka om å kjøpe andre stoff enn svarte, så kunne han få slå meg i hode med noko hardt...
Så får me sjå kor lenge eg klarer å gå rundt uten kul i hodet........


Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.
