close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231120225224/https://benthilde.blogspot.com/search/label/sol
Viser innlegg med etiketten sol. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sol. Vis alle innlegg

tirsdag, juni 15, 2010

Sol inne, sol ute....

"A house is made of wood and stone, but only love can make a home"
***
BERJAYAI dag kom endeleg sinkhusa til telys fra Chic Antique som eg bestilte i februar.
Dei finns i tre storleikar, og det på bilete over, er det største.
Sinkhusa kan du få kjøpt her
*
BERJAYA Det kom også nydelege serviettar, skilt, hjart i fil de fer til kort,
og ikkje forgløyma verdens søtaste Gine prøvedukke.
Eg skal få tatt skikkelege bilete så du får sjå herlighetane:)
*
BERJAYA Her er det nydeleg ver med sol,
og i dag rigga eg meg til utanfor butikken med hekleriet mitt.
Men fyttikatta så kaldt.
Eg klarte å hekle ein runde og så orka eg ikkje meir....
Det var ein iskald nordavind,
og eg kan ikkje fordra å fryse,
så eg tusla meg inn att.
Jaja, varmen kjeme heilt sikkert snart:)



lørdag, mai 10, 2008

UTEDAG

BERJAYA I dag har me vore ute heile dagen.
Min kjære har mala huset, og eg har mala nokre skap, og planta litt.

BERJAYA Mandarintreet mitt fekk komme ut i sola idag.

BERJAYA
Som de ser av verstasjonen har det vore rolig ver.
Den har eg kjøpt hjå "I Gros hage".
På det varmaste var det + 23,3 i skuggen:)

BERJAYALitt pynt på terrassen må til.



BERJAYARosa margerittar.




BERJAYARasmus er som vanleg med og hjelper til.



BERJAYARosa margerittar og stemorsblomar i kassane på rekkverket.
Det er så herleg å vere ute og kosa seg i det nydelege veret me har hatt den siste veka.
*Me love*






BERJAYAEin blåbærsmoothie smakar godt i varmen.
*
Ha ei finfin pinsehelg alle saman:)








mandag, juni 11, 2007

....og i hagen står ei gravemaskin.....

BERJAYA Puh....der var eg ferdig med eksamen i pedagogikk. Eg har siden kl 09.00 skrevet, svetta, lest og leita, svetta litt meir og skrevet til kl 15.00 og leverte på nettet. FERDIG:o)

NÅ HAR EG FERIE:)

Eg renner snart vekk, det er varmt og umenneskeleg å sitte inne i 30 varmegrader og skrive....

Straks er min kjære heime fra jobb, og da skal Marie og me ut på Li og bade. Me var der i går også, og det er sikkert over 20 grader i sjøen, fantastisk herleg.

Gravemaskina skal til å mure litt på baksida av huset, seinare i veka. Han hadde ikkje fått stein til å mure med enno....

Eg kjem tilbake seinare i kveld:o)

mandag, april 16, 2007

Manda morra blues....

Nei da, det BERJAYA var ikkje så gale å stå opp i dag. Sola skein og dagen såg ut til å bli fin.
Me begynte seint i dag, så eg hadde tid til å ete frukost og lese litt bloggar før eg gjekk på skulen. Eg har ein spasertur på 15 min ner til skulen, og det gjer meg våken og nokså opplagd...
Det var kjekt å sjå dei andre igjen etter påskeferien, eller dei som møtte da.
Me fekk ei ny oppgåve og, arkitektur. Greit nok det.

Eg lånte meg nokre bøker om brodering og småstrikk på biblioteket. Kan hende eg finn litt inspirasjon til fleire sokkar, og så har eg lyst til å prøve å brodere litt. Dette er til ei valfri oppgåve der me skal lære oss forekjellige teknikkar.

I ettermiddag tok eg med meg pledd, maten og kunsthistorieboka ut i sola. Der fann eg meg ein lun krok og koste meg ein times tid. *Flink jente*

I kveld har eg og 3 andre jenter hatt litt hyggeleg samvær i tv stova. Eg har strikka på sokkar og sett på Criminal Minds. Eg har veldig sansen for den serien.
Nå skal eg lese litt om arkitektur, og så er det natti natt:)
Ha ein fin kveld/natt alle som kikkar innom.

onsdag, mars 28, 2007

Onsdags føremiddag

BERJAYA og eg har heilt fri til å gjere det eg har lyst til. Så nå har sengklærne havna på terrassen til lufting, og eg skal vaske vinduer. Eg hadde tenkt å sitte ute på terrassen i dag, men det blese eindel, men kanskje eg må ta eit teppe med meg å setje meg ut likevel.Det er så godt med sol, og vår i lufta. Utsikten på terrassen er me ganske fornøgd med, einaste er at det er ikkje så mykje trafikk ute på fjorden.

*PROSJEKT LUBBER*
BERJAYA Eg er begynt å strikke lubber. På skulen skulle me velgje mellom forskjellige teknikkar me ville lære, og då ville eg lære å strikke lubber. Så då var det å kjøpe garn og pinnar, og setje i gang.

BERJAYA Her er då hælen under arbeid. Er ganske kry av meg sjølv....


BERJAYA Her er lubben nesten ferdig, snarter det tåfelling. Eg har strikka den andre lubben samstundes, så nå er det snart eit par lubber ferdige. Eg har kjøpt meir garn, så det kan hende det blir fleire par lubber i påsken:o)