..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
onsdag, mars 31, 2010
Vakker inspirasjon...
...finner du i den nydelege boka
"Romantiska Hem & Inspiration i Vitt"
fra Ingela Broling & Petra Eriksson.
*
mandag, mars 29, 2010
Om å fryde seg...
Ingen påske uten Pjusken,
og i år når eg drog fram eska han og familien har budd i sidan i fjor,
så hadde dei jammen meg fått nokre fleire kyllingar.
Nå er dei oppe i 8 ongar,
og eg lurar på kva tid dei har tenkt å gje seg.
Pjusken har eg skrevet om tidlegare,
*
sjølv om dei må vere inne enno.
Det er koseleg å ha litt fargar innomhus
til det startar å sprette fram ute.
*
*
Me hadde hagen full av raude tusenfryd når eg var liten,
og dei var så fine å plukke små bukettar av.
Nå får dei stå på spisebordet og pynte opp til påske.
*
*
Det vil seie kaffi og kakao av mørk sjokolade,
med ein dæsj krem og kanel på toppen.
Det var slett ikkje så lurt
Det var slett ikkje så lurt
for det var heilt umogeleg å få til å sove når eg la meg.
I grunnen burde eg ha lært snart....
*
så gjorde eg ferdig heklekant på kjolar.
Godt kva som eg gjort,
Godt kva som eg gjort,
og nå er det berre resten igjen.
*
fredag, mars 26, 2010
God helg...
Tenk å vere så avslappa som dette,
og berre vere til pynt medan ein sover.
Skjønne vesle Fridapusen.
og i dag tidleg når eg var på tur med Tinnihunden
kl 07.00 så var det 11 varmegrader.
Hipp Hurra for våren,
og
*GOD HELG*
mandag, mars 22, 2010
Blafrepåske
og der var denne flotte kofferten med elefantar og retroblomar på.
Knallfine til å ha påskesnopet oppi,
eller til å pakke nista i når du skal på tur i påsken.
Lunchboks kostar kr 129,-
og drikkeflaske kostar kr 99,-
fredag, mars 19, 2010
Gule gleder på ein fredag
her på Frøken Fryd.
*
Friske fargar gir energi nå når våren er på veg.*
Tutlehøner som har mykje å snakka om,og som har lagt....
*
....fine sølvfarga egg til å henge på påsketreet,og viss du ikkje har det,
så er dei lika fine på ei grein eller eit fat.
*
Som du ser så er det vått ute,og påskeliljene i krukka skal ikkje tørste med det første.
Snøen er på veg bortevekk,
og nå er verken våren eller påsken langt unna.
HURRA,
og
GOD HELG
tirsdag, mars 16, 2010
Nytt av gamalt.
Veska er sett saman av gråblått linstoff
og nokre bitar bomullstoff som passa i fargane.
***
og lang hank slik at eg kan henge ho over skuldra.
Litt pynt i form av fløyelsband, knappar
og ein liten dingeldangel sommarfugl.
***
***
Nå manglar eg berre ei vårkåpe/jakke
som passar i fargane,
og så er våren hjarteleg velkomen
her i vest:)))
fredag, mars 12, 2010
Vårstemning
I dag kom masse varer fra Greengate.
*

Påfyll av dei andre varene kjem godt med.
Lattekoppane passar perfekt oppi trekassen fra Bloomingville.
Eg gler meg til eg kan dekke sommarbordet
på terrassen med friske og fargerike koppar.
Kjøkkenhandkler, teskjeer og masse serviettarer også koseleg å ha.
Fargar og mønster til å bli i godt humør av.****
Ha ei super duper fin helg du som kikkar innom.
***
Mi helg står i kulturen sitt teikn.
I kveld er det lokalrevyen "Gi gass",
og i morgon kveld skal eg og kjæresten
i Festiviteten i Haugesund og høyre på
Heine Totland og Gisle Børge Styve.
mandag, mars 08, 2010
Nostalgisk påske
Eg er så glad i nostalgiske bilete,og saman med gråpapir, blonder og hyssing
så vart det laga nokre nostalgiske påskeegg.
Saman med den rustikke engelen,som ber og ber dagen lang,
og eit kubbelys med litt pynt,
så vart det aldri så lite nostalgisk påskestemning.
***
- Gratulera med dagen alle flotte jenter -
fredag, mars 05, 2010
Nyheter hjå Frøken Fryd
I går kom ein diger pall med varer fra Bloomingville,
og uheldigvis for den stakkars sjåføren så hadde heile pallen velta inne i bilen,
men det gjekk fint, og ingenting var knust.
Eg jobba til jl 01.00 i natt for å få mesteparten på plass,
men det var fortsatt ein del rot igjen i dag tidleg.
Nå er heldigvis det meste på plass,
og det er bra, siden min kjære skal vere ReserveFryd i morgon
medan eg har sykurs.
boksar til vaskepulver, til brød og kjeks, og kaker.
Boksar til hunde- og kattemat er også kjekt å ha....
Eg falt heilt for den lys jadegrønne og sart blå.
Litt påskegult må eg også ha i lys og serviettar.
naturfarga nydelege blonder, og litt dill og dall.
Knalltøffe magnetklyper med vekedagane på,
kvit tavle med hylle under,
og svarte og kvitkrakkelerte knottar er også nytt.
***
Så er det jammen meg fredag igjen,
snøen ligg fortsatt og me får stadig påfyll.
Eg skal ha sykurs i kveld og i morgon,
og så er det helg for meg også, HURRA.
****
GOD HELG
Knalltøffe magnetklyper med vekedagane på,kvit tavle med hylle under,
og svarte og kvitkrakkelerte knottar er også nytt.
***
Så er det jammen meg fredag igjen,
snøen ligg fortsatt og me får stadig påfyll.
Eg skal ha sykurs i kveld og i morgon,
og så er det helg for meg også, HURRA.
****
GOD HELG
torsdag, mars 04, 2010
Her ete me...
NIB har spiseplassutfordring denne månaden,
og her kjem mitt bidrag.
Vil du sjå fleire spiseplassar så trykk her

Her ete altså me, og kosar oss godt.
Eg er på jakt etter eit ovalt spsiebord som eg skal male,
siden dette bordet eigentleg høyrer til på kjøkkenet.
***
Ha ein fin dag du som kikkar innom.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.






















