..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
mandag, september 29, 2008
Rosa og raudt
Eg syr litt innimellom alt anna eg skal gjere.
Noko er nytt,
og noko er gjort ferdig etter å ha lege siden i sommar.
Sminkepung og liten portemonè sydde eg i sommar,
men glidelåsen kom ikkje i, før i helga.
Som sagt av mange: Ting Tar Tid.
*
er kjappe og enkle å sy.
*
når eg har så mykje anna å tenkje på i desse tider.
*
Klokt sagt.
*
"Du kan ta hvilken vei du vil,
men hvis du ikke vet hvor du skal,
er det sannsynligvis der du ender"
*
Ha ei fin veke du som kikkar innom.
torsdag, september 25, 2008
Farmors skatoll
Førebels så står det i ein krok av stova med litt pynt på seg.
*
Eg ser for meg at her sat farmor og skreiv brev
eller dagbok, og gøymde den oppi dei små skuffene.
Synd at gamle ting ikkje kan snakke,
då kunne me fått høyrd mange spanande historier.
med nostalgiske foto på.
Eg må ha litt avveksling fra maling av møbler.
Så då er det kjekt å lage litt bilete.
*
I dag tidleg gjekk eg tur til fjells med ei venninne
i det nydelege haustveret me har for tida.
Godt å trimme litt, men etterpå så vart eg med ned
til henne og fekk lunch, kaffe og kake.
Så då gjekk det vel opp i opp:)
*
Ha ein fine dag du som ser innom,
og eg vert veldig glad
om du legg igjen ein kommentar.
Eg må ha litt avveksling fra maling av møbler.Så då er det kjekt å lage litt bilete.
*
I dag tidleg gjekk eg tur til fjells med ei venninne
i det nydelege haustveret me har for tida.
Godt å trimme litt, men etterpå så vart eg med ned
til henne og fekk lunch, kaffe og kake.
Så då gjekk det vel opp i opp:)
*
Ha ein fine dag du som ser innom,
og eg vert veldig glad
om du legg igjen ein kommentar.
onsdag, september 24, 2008
Gåve fra min hemmelege venn...
kom i går, og for ein fiiin pakke.
Til og med mannen i huset måtte kommentere
at det var ein flott innpakka pakke.
Og han var nesten like nysgjerrig som meg når eg skulle opne *fnis*
*
og inni kortet sto ei hyggeleg helsing til meg.
*
Min hemmelege venn har fått med seg at eg likar å lese,så bokmerke kom vel med.
*

Inni pakken var det eit stort og godt krus,
blåbærte,nam, verdens søtaste teball med diamant!!!
*
Velduftande skrubbesåpe som min venn har laga sjølv,og pakka inn slik at den passa på badet mitt.
*
så var det to nydelige lysglas oppi pakken, også.
*
Tusen, tusen takk min hemmelege venn,
som eg ganske kjapt skjøna var Hespe.
Gåva var heilt mitt i blinken,
og teen har eg kosa meg med nå når eg har blogga.
*
Ha ein fin dag alle saman.
søndag, september 21, 2008
Loppemarked
er noko av det kjekkaste eg er på.
Eg storkosar meg blant gamle og brukte saker og ting.
Er eg så heldig å finne noko eg likar, så er dagen redda.
*
og der var det masse fint.
Eg kjøpte denne skåla i sølvplett.
*
*
Ein pidestall til 20 kr, som ikkje var så veldig gamal,
og eit gamalt speil, også 20 kr.
*
Speilet har ein fin lys gråfarge, passe slitt.Det skal få vere slik det er.
*
Eg likar godt å skape noko nytt av gamle og brukte ting.
*
og har ei heil samling nå.
Så får tida vise kva eg skal bruka dei til.
***
I morgon er det ei ny veke foran oss.
*
Live well
Laugh often
Love much
*
Klem.
Klem.
torsdag, september 18, 2008
onsdag, september 17, 2008
Kreativt rot
av nokre møbler, og sying av forskjellige prosjekt.
Dermed så flyter heile, eller ivertfall halve huset,
rettare sagt loftsetasjen.
Der har eg mitt kreative roterom,
og når eg jobbar så brukar eg i tillegg til bordet, også golvet.
Det vil då seie at det er ikkje så lett å føte seg der oppe.
Inne på TV stova har eg førebels maleverkstad,
og der er det stort sett sofa`n som er utan maling,
og TV`n, som er heilag for 2 av 3 familiemedlemmer....
og då skal me kosa oss med god mat, kake og kaffi.
Me møtes ikkje så ofte, men prøver å få det til rundt om anna kvar månad.
Då går kvelden med til mykje prat, latter og kos:)
Eg måtte bake nokre sjokoladekjeks i dag,
og skal lage ei eplekake seinare.
og forsvinner forferdeleg fort om dei står framme.
***
Ha ein fine dag du som kikkar innom.
*Klem*
Tankar i natta
slår innover meg,
og kulden langsomt
stig opp gjennom kroppen,
og augo ikkje lenger
ser,
kjem eg til å trivla
etter handa di,
endå eg veit
at du ikkje
kan bli med meg.
Sigmund Skard
Sigmund Skard
lørdag, september 13, 2008
Å flytte på ein ting..
Det har lett for å balle på seg,
og eg skulle berre flytte eit servantskap fra kjøkkenet
til stova i dag.
*
og dermed måtte eg flytte litt på bileta som hang over sofa`n også.
*
Lys i alle krikar og krokar her hjå meg nå.
Litt pynt som er i stova mi.
Vindauga fekk seg ein omgang med såpe og vatn,
og så kom det litt nytt i vindaugskarmen.
*
Lys i alle krikar og krokar her hjå meg nå.
Litt pynt som er i stova mi.
Vindauga fekk seg ein omgang med såpe og vatn,og så kom det litt nytt i vindaugskarmen.
*
*
To store bilete i staden for fleire i forskjellige størrelsar.
Det er kjekt med litt forandring.
***
Eg skulle ha flytta på nokre skap også,
men det får eg ta når min kjære er heime.
I kveld er han på 20 års jubileumsfest etter at han gjekk ut fra gymnaset.
***
Goe helg til alle som kikkar innom.
torsdag, september 11, 2008
Haustglede
Særleg slik med har det nå, med sol og varme på dagen,
og kjøligare og mørkare kveldar.
Då er det godt å vere inne og tenne lys i alle stakar,
og koke seg ein kopp te eller noko anna varmt.
Eg likar å krølle meg saman i ein stol og lese,
eller smyge meg ned i armkroken til min kjære
som ofte ligg langflat foran tvn.
Eg likar den skarpe og klåre lufta som er om hausten,
og aldri er himmelen så blå og høg som då.
Det gjere godt for kropp og sjel,
å gå tur i fjellet om hausten,
finne seg ein stein og berre kjenne at det er godt å vere til.
***
Ha ein fin haustdag du også.
tirsdag, september 09, 2008
Les Miserables
Eg såg denne musicalen på Bømlo i Moster Amfi for 6 år siden.
Ei fantastisk oppleving:)
I går bestillte eg billettar til Les Miserables på Den Nationale Scene.
I romjula skal eg og min kjære på tur til Bergen for å sjå denne fantastiske førestillinga.
Gjett om eg gler meg.
*

Les Misérables
Høsten 2008 vises en av verdens mest populære musikaler på teatret i Bergen.
Les Misérables er musikalen som har alt.
Les Misérables er musikalen som har alt.
Lidelse og opprør, kjærlighet og håp.
Fantastisk musikk og spektakulære masseopptrinn.
Handlingen er spennende, intens og rørende
Handlingen er spennende, intens og rørende
– fra første tone til teppefall.
Vi befinner oss i i begynnelsen av 1800-tallets Frankrike.
Hovedpersonen, Jean Valjean, har sittet 19 år i fengsel,
fordi han som ung stjal et brød til sin søster og hennes sultne barn.
Nå blir han løslatt, men det er umulig å skjule sin kriminelle fortid
– noe som vil stemple ham for livet.
Jean Valjean velger å skifte identitet,
og blir både rik og respektert.
Men det er bare et tidsspørsmål før før hans egentlige identitet avsløres
- av den hevngjerrige politimannen Javert.
Med Javert i helene følger vi Valjean og hans pleiedatter Cosettes flukt fra loven,
Med Javert i helene følger vi Valjean og hans pleiedatter Cosettes flukt fra loven,
gjennom fattigkvarterene i Paris.
Her møter de horer, lausunger, røverpakk
– og andre som befinner seg på tilværelsens skyggeside.
(Bilete og info fra DNS si heimeside)
fredag, september 05, 2008
Spor i et hjerte
av evigheten
har livet
gitt oss
*
til å tenne
stjerner
*
lage varme
*
skape bilder
*
en håndfull sekunder
til å sette
spor
i et hjerte
Tove Houck
Tove Houck
*
onsdag, september 03, 2008
"Me skulle plukka plommer....
...i Hardanger, og drukke vin og cider i fra spann...."
*
og fraus 5 kilo til seinare bruk.
med sukker og sprit.
(Nåke fornuftigt ska nå spriten brukast te)
og så har eg plommelikør til jul:)
(Ser du Elin, eg er i gang med juleførebuingane)
tirsdag, september 02, 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)


Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.





























