close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231123033208/https://benthilde.blogspot.com/2008/07/

onsdag, juli 30, 2008

Varmt ja.....

....ja det er så varmt her om dagane (og nettene) at eg trur eg smeltar.
Eg skal ikkje klage over at me har sol og varme,
men i dag var det 33 grader i skuggen,puh:)
Det er litt i overkant varmt for meg.
***
BERJAYA Eg har ikkje ikkje blogga på snart 2 veker, hjelpe meg, kva skjer???
Gledelege ting har hendt meg medan eg har hatt ein aldri så liten,
ikkje planlagd, bloggferie.
Eg har fått denne flotte awarden, fra ikkje mindre enn 3 medbloggarar.
Den er fra Rosa, Lemi og Livet i farger.
Tusen, tusen takk alle tre, for at de tenkte på meg,
når de skulle gje han videre.
Eg skal gje han videre til 7 stykker, men det tek eg ein annan dag.

BERJAYADet er litt varmt for Rasmus pusen også.
Han finn seg helst eit kaldt golv å ligge på.

BERJAYAEg har jobba, jobba og atter jobba denne mnd, men nå har eg berre to vakter att.
I dag og natt til fredag.
Den siste veka har me vore på stranda med brukarane kvar dag.
eg fekk ønske mitt oppfylt om å sitte på stranda og grave med tærne i sanden.
Sanden er så varm at det går ikkje an å gå på han berrføtt,hehe.
Men i sjøen er det 24 grader og HERLEG.

BERJAYANår eg kjem heim fra jobb seinare i dag skal eg
kose meg med grillmat og jordbær.
Eg har visst bursdag i dag,
hmmm, 39 år:)



fredag, juli 18, 2008

God helg...

BERJAYA ....til deg som har fri.
Eg skulle gjerne hatt beina i sanden på ei strand i dag,
men eg må nok på jobb.
Noko av det mest avslappande eg veit
er å sitte med føttene ned i solvarm sand,
og la sanden gli mellom tærne.
Herleg.

onsdag, juli 16, 2008

Shabby rekved.....

....kan eg vel kalle dette.
***
BERJAYA Noko av rekveden eg fann for nokre veker siden har fått nytt liv....

BERJAYA ... som skilt med teksten "Me er i hagen"....

BERJAYA....eller som nummerert knaggrekke....


BERJAYA....eller med ferdig spikra knaggar.


BERJAYARust er flott.
Naturens eigen patina.
***
Ha ein god kveld alle saman,
nattevakta kallar på meg.






tirsdag, juli 15, 2008

Polkadots...

BERJAYA Litt nye stoff med prikkar i søte fargar....

BERJAYA...har saman med nye og gamle stoff blitt til små vesker
med plass til litt penger, kort og leppestift:)

BERJAYAMaling av nokre bilete har det også blitt tid til innimellom...


BERJAYA.....jobbing til alle døgnets tider.
Eg skal på nattevakt to netter nå,
og då har eg dagane fri,
så kanskje det kjem meir fra mine sy og maleprosjekt.

BERJAYAEg er berre heime og sover, og går igjen, til tider.
Men nå er det berre ut denne - og to veker til,
så er det ferie på meg også:)
Veret er ikkje det beste, med regn i strie straumar,
men eit solglimt innimellom gjer dagen fin.
***
Ha ein fin dag alle som kikkar innom.






onsdag, juli 09, 2008

mandag, juli 07, 2008

Søstrene søt og sur....

BERJAYA .....heiter ein liten sommarcafè i Skudeneshavn.
Den er det to søte, og slett ikkje sure,
jenter som driv om sommaren.

BERJAYACafè`n er ei vidunderleg blanding av retro og shabby chic
inne og ute.
BERJAYAUtforbi sit du på gamle kjøkkenstolar og krakkar med broderte puter
og med m.a. strykebord som bord.


BERJAYA Kaffe og heimelaga kanelboller, som smelta i munnen,
vart servert på blomstrande plastserveringsbrett.

Her sat eg saman med søsterBerit, Tone og lille søte Joakim,
og kosa oss i strålande sol.

BERJAYAInne i cafè`n var alt mala kvitt.
Tak, vegger, møbler og nips.

BERJAYA Det vart ei spesiell stemning inni alt det kvite dunkle lyset.


BERJAYA
I andre etasje var det utsal av 60-70 tals
saker og ting.


BERJAYA
Eit skattkammer for ein skrotnisse som meg:)


BERJAYADet var ei saleg blanding av alt du kan huske fra dei glade
barndomsåra. (for dei som huske den tida da)



BERJAYA
Ein slik picknic boks ønskjer eg meg.
Prikkar er sommar for meg:)


BERJAYA
Eg kjøpte meg eit stettefat fra Figgjo, på Fretex,
på veg utover til Skudeneshavn.
****
Det var godt med ein dilledag der eg berre kosa meg
med å sjå på fine gamle hus, kunstutstillingar, og god mat.









tirsdag, juli 01, 2008

Ting å gle seg over...

....er mange for meg.
Juli månad skal eg vise ting som eg gler meg over.
*
BERJAYA
I dag er det ei bunke med nye stoff eg gler meg over.

BERJAYA Prikkar og sommarfargar kan ei rett og slett bli glad av.

BERJAYASmå toalettvesker ligger klar til applikering
med brodertråd og knappholsting for hand.


BERJAYARaud og kvit stripete pung med blå stjerne under arbeid.



BERJAYA
Ein boks med broderitråd i all verdens fargar.

BERJAYADet er ikkje så mykje som skal til for å få ein fin dag.
Eg kosar meg med å ha tid til å sy.