..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
tirsdag, juni 29, 2010
Blått til lyst
" A house is made of wood and stone, but only love can make a home"
***
Collage med inne- og utebilete fra heimen.
Hjå oss er det ei salig blanding mellom gamalt og nytt,
og i følgje mi yngste dotter, mest gamalt....
Stolane på terrassen er nye for sommaren,
dei er knallgoe å sitje i, og veldig fine å sjå på også:)
og då måtte ein liten bukett vere med heim.
*
Eg har ikkje bestemt meg heilt enno om eg skal ha han sjølv
eller om eg legg han ut for sal.
Turkis er sommarfarge nr 1,
men eg treng litt meir brunfarge, hehe.
***
(I morgon kjem TV-Haugaland til Isvik
og skal lage reportasje til "Sommar på Haugalandet")
fredag, juni 25, 2010
GOD HELG
" When was the last time you did something for the first time"
*
torsdag, juni 24, 2010
Pusekattar
Prøvde meg på ein liten fotoseanse i går,
og det var jammen meg ikkje lett
nå når dei er begynt å bevege seg rundt.
onsdag, juni 23, 2010
Bryllupsdag
"Det er alltid et annet hjerte som får oss til å kjenne vårt eget"
*

Gratulera med dagen kjære Bent.
*
54 år.
Gratulera med dagen begge to.
tirsdag, juni 15, 2010
Sol inne, sol ute....
"A house is made of wood and stone, but only love can make a home"
***
Dei finns i tre storleikar, og det på bilete over, er det største.
Sinkhusa kan du få kjøpt her
*
og ikkje forgløyma verdens søtaste Gine prøvedukke.
Eg skal få tatt skikkelege bilete så du får sjå herlighetane:)
*
*
og i dag rigga eg meg til utanfor butikken med hekleriet mitt.
Men fyttikatta så kaldt.
Eg klarte å hekle ein runde og så orka eg ikkje meir....
Det var ein iskald nordavind,
og eg kan ikkje fordra å fryse,
så eg tusla meg inn att.
Jaja, varmen kjeme heilt sikkert snart:)
mandag, juni 14, 2010
Søt, søtere, søtest
Pusekattane veks, og er nå over ei veke.
Eg vil helst kose med dei heile tida,
eller utav kassen for mykje.
Nå har alle 4 fått auger og dei er blitt dobbelt så store.
Dei er nokre gode og runde nøster som er til å ete opp....
Nå har alle 4 fått auger og dei er blitt dobbelt så store.Dei er nokre gode og runde nøster som er til å ete opp....
er det bare en som ikke
kan gjøres til slave under pisken.
Det er katten.
Hvis man kunne krysse
mennesket med katt,
ville det forbedre mennesket,
men forringe katten."
Mark Twain
fredag, juni 11, 2010
Se min kjole....
Eg syr og syr alt anna enn det eg burde.
Når eg har masse bestillingar så vil eg helst gjere andre ting
og ideane poppe opp som flågesoppar ein haustdag.
og desse skal få vere med inn til
Skånevik på Torgdag i morgon.
Eg har også sydd barnekjolar i samme stilen.
Det kan jo vere det er ei mor og dotter som vil ha like soppkjolar.
**
**
Eg ville også ha meg ein ny sommarkjole,og då vart det litt dusare fargar.
Forskjellige støva lilla og rosa stoff
vart til ein lang kjole som kanskje heller skal bli kort.
**
Eg har ikkje bestemt meg for lengde.Kanskje han kan vere lang ei stund,
og så er det fort gjort å klippe av.
Stoffa er fra Stoff og Stil fra i fjor
og mønster er sjølvkomponert.
**
onsdag, juni 09, 2010
Uglenytt
"Det er bedre med en ugle på veggen, enn ti på taket"
***
Symaskinen har travle dagar,
og ut kjem ugler i alle variantar.
Ugle med oppheng er fin som pynt
på ei hylle, i vindauget, over barnesenga
eller i bilen....
tirsdag, juni 08, 2010
Nyfødt
"A home without a cat is just a house"
*
Ho er ei omsorgsfull mamma som nesten ikkje er utav eska,
men ligger og maler, vaskar og holder rundt dei søte små.
*
for eg klarer ikkje å sjå meg mett på dei.
Dei er verdens søtaste og mjukaste,
og så luktar dei så vidunderleg godt.
*
*
og ha ein strålande dag !!!
fredag, juni 04, 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)


Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.





















