..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg
onsdag, mai 01, 2013
Håpar på vår, snart...
Eg er sååå klar for vår, sol, varme, lette klær, sandaler
og grave i jorda, men det lar visst vente på seg.
Prøver å lage litt vårstemning inne i staden for.
Litt bilete av kva du kan finne i hyllene våre.
Fine telysestakar og små blomevasar.
Handstrikka kjole og vest fra flinke Inger Dagny.
Gode oljer og balsamicoeddik.
Gamalt fat med ny vri fra flinke Beritsøster.
Fin rose i søt vase fra Ib Laursen.
Pynt på kafèborda
.
Nydelege skjerf fra Barfota by Pia Design.
fredag, mars 16, 2012
Fargerik helg
Det gjere så godt med fargar og desse vasane fra Bloomingville er i kategorien *GLAD*
Eg har sett dei i vindaugskarmen og pynta den eine med ei grein,
og greina fekk fine gule blomar når ho kom i vatn.
Det går sakte men sikkert mot vår og sommar sjølv om veret kunne vore av det betre.
Skikkeleg surt og vått yr i dag også.
Eg gler meg til eg kan ta på meg lettare kler slik som kjolen på bilete under her.
Etter jobb i morgon reiser eg ned til eldste dotter mi Malin, som bur litt utanfor Stavanger.
Me skal på Gaffel og Karaffel der me skal sjå og høyre på Rune Bjerga.
Han er noko av det løgnaste eg vett om så eg gler meg skikkeleg:)
***
*GOD HELG*
lørdag, januar 21, 2012
Lengtar mot vår
Ja, eg vett det er litt tidleg å snakke om våren,
men akkurat nå lengtar eg mot vår, lys og litt meir varme.
*GOD HELG*
torsdag, januar 12, 2012
Eit snev av vår
Gangen har fått eit snev av vår over seg,
i håp om at det kanskje kan verte litt ryddigare der ute....
tirsdag, februar 08, 2011
torsdag, mars 05, 2009
Ønskje om vår
Når det ikkje er blitt heilt vår ute,
så får eg gjere det litt vårleg inne.
Perleblomen strekkjer seg mot lyset,
og kunne nok heller tenkt seg å vore ute.
*
er med på å gjere dagen litt gladare.
Det gjer godt med litt friske fargar
nå når det er så grått og fargelaust ute.
Men berre vent, snart er det fine fargar ute også,
og eg gler meg!!!
*
*
Masse fine fargar og mønster i katalogen denne våren.
***
Takk for at du kikkar innom,
og legg igjen ein kommentar.
Det set eg pris på:)
onsdag, mars 28, 2007
Onsdags føremiddag
og eg har heilt fri til å gjere det eg har lyst til. Så nå har sengklærne havna på terrassen til lufting, og eg skal vaske vinduer. Eg hadde tenkt å sitte ute på terrassen i dag, men det blese eindel, men kanskje eg må ta eit teppe med meg å setje meg ut likevel.Det er så godt med sol, og vår i lufta. Utsikten på terrassen er me ganske fornøgd med, einaste er at det er ikkje så mykje trafikk ute på fjorden.*PROSJEKT LUBBER*
Abonner på:
Innlegg (Atom)


Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.








