Først må eg seie tusen takk til min hemmelege venn
i Interiør gave alongen som sende meg
denne flotte kokebok "Middag med venner".
Den var heilt super, og skal snart prøvast ut.
Eg veit ikkje kven du er, men ser du innom , så TUSEN TAKK.
*
På laurdag måtte eg ein tur til by`n for å gjere nokre ærend.
Min kjære var vikar på butikken
medan eg fekk gjort det eg skulle utanføre.
Eg er glad i roser,
og på Mester Grønn hadde dei 20 roser til 130 kr.
Då kunne eg ha roser litt rundtomkring,
og ein vase kom på stovebordet..
*

...ei rose i kjøkenglaset...
*

...og 2 på badet.
*
Eg vil også oppfordre alle til å kikke innom til ein ny bloggar
som heiter Elsa.
Me har alle vore ny bloggarar,
og veit kor koseleg det er når nokon finn fram til akkurat deg,
og legg igjen ei lita helsing.
Elsa er eg blitt kjend med på
Etnemarknaden,der ho har hatt utstilling i mange år.
Ho malar dei mest fantastiske og humoristiske akvareller,
og er kjend for sine frodige og lettkledde damer.
Elsa finn du
her *

Biletet er mala av Elsa,
og eg har lånt det fra bloggen hennar.