close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231120225300/https://benthilde.blogspot.com/search/label/tur
Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg

fredag, februar 04, 2011

Helga er her....

BERJAYA Søte gelehjarter ligg og fristar på fatet.
Eg som prøver å halde meg unna sukker blir frista igjen og igjen...
Ein skal ikkje motstå alle fristelser,
det er ikkje sikkert dei kjem igjen,
haha.
*BERJAYAMorsdagen er vel neste søndag, og søte drops i fin pose
eller drops i metalleske kan jo vere ein gåveidè.
*
BERJAYATuren til Oslo sist helg gjekk fint, sjølv om me landa med eit brak,
og eg hoppa i flysetet.
Fredagen flaksa me rundt på messa i Lillestrøm, handla og kikka, åt litt,
handla meir, tok lite bilete, men det har så mange andre gjort og vist, så skitt au.
"We will rock you" var ei oppleving,
både på scenen og på benkerada framføre oss....
Laurdagen var avsett til bykos og me farta rundt med kart på glatte fortau
og fann både Nytt og Shabby, Sjarm, Purpur
og Kaffebrenneriet, der kaffien var knallgo,
kakene søte og så trangt at me nesten sat oppå nabobordet.
Me rusla rundt både her og der,
og enda opp på Moods of Norway
og 50% på heile butikken.
Gåver til dei heime vart innkjøpt her.
Middagen, eller kveldsen rettare sagt, vart inntatt på Olivia nede på Aker Brygge
når me endeleg kom oss på rett veg etter å ha gått feil i ei mørk bakgate....
Maten og atmosfæra var upåklageleg.
Tusen takk Malin for tipset:o)
Søndagen var me i Domkyrkja, ein runde på Nasjonalgalleriet
og på Operaen.
Me fekk mykje utav helga,
og me koste oss skikkeleg i lag,
tuppene på tur:o)





mandag, desember 06, 2010

Naturlegvis

" Det er alltid et annet hjerte som får oss til å kjenne vårt eget"
*
BERJAYA Søndagsturen vår i går gjekk både nedover, oppover og bortover.
På natta var det kome pittelitt melissnø,
og det meste hadde fått rimfrost på seg i kulden.
*
BERJAYASola kikka også såvidt fram over åskanten,
og sende sine, ikkje akkurat varme, stråler over isen.
Eg fekk plukka med meg litt kongler,
lerkegreiner og eit pittelite julatre på turen.
Alltid kjekt å ha litt å pynte med, både ute og inne.

onsdag, august 18, 2010

Ut på tur...

BERJAYA I morgon tidleg dreg eg og min kjære til Danmark og Formlandmessa i Herning.
Der satsar eg på å få julestemning i løpet av helga....
Masse fint skal handlast inn til butikken av haust- og julevarer.
Gler meg stort.
*
BERJAYA Heldigvis så har eg ei snill og kjekk syster og svigerinne som skal vere på
Frøken Fryd for meg i helga.
Hus -hund - og kattepassar er også på plass.
Då kan eg slappe av og kose meg på tur.
So long....

torsdag, august 14, 2008

London here we come...

BERJAYA
Gjett om eg gler meg til å tilbringe helga her.
Ha ei kjempefin helg du også:)


onsdag, april 18, 2007

Vårtegn

BERJAYA Hestehov er ein fin vårblom der han står å lyser så optimistisk iblant det grå.


BERJAYA Fine knoppar og nye blad på eit eller anna tre eg traff på min veg til hybelen i dag.


BERJAYA Eit par sokkar til er ferdige. Eg har strikka nokre par med barnesokkar, det kan jo komme barnebarn ein gong..
Læraren min meinte det måtte vere ein menneskerett å få lære seg å strikke sokkar, og eg er einig med henne,hehe. Sokkar er kjekt å strikke. Så nå veit vel heile slekta kva dei får til jul i år..tjihi.


BERJAYA Tenkte eg skulle vise eit bilde av pulten min på hybelen. Her må det visst ryddast...Det har ein tendens til å hope seg opp på ein plass, og det er her. Så her ligg det strikketøy, broderi, penal, ukeblader underst og bøker oppå, ei innpakka konfekteske, ein rapport, diverse pennar, 2 sakser, cd`ar og ikkje forgløyme tab xtra flaska mi......og sikkert masse heilt underst som eg ikkje ser.
I ettermiddag har eg gått tur rundt vatnet, som eg faktisk har gjort kvar dag denne veka. Eg har bestemt meg for å vere flinkare til å gå tur, så nå er eg i gang. Turen tar ca 45 min, og det er akkurat passe:)
I morgon skal eg heim til min kjære. Eg tar halv 4 bussen og då er eg heime i halv ti tida. Gler meg.