close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231123033158/https://benthilde.blogspot.com/search/label/Fisketur
Viser innlegg med etiketten Fisketur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fisketur. Vis alle innlegg

tirsdag, juni 17, 2008

Laksen som forsvann.....

BERJAYA I helga var eg og min kjære for å prøve oss på laksefiske i Etneelva.
Dette var ei av gåvene me fekk i fjor, då me gifta oss.

BERJAYA Me reiste inn på fredag i halv 6 tida på ettermiddagen,
og fiska fram til 11 tida om kvelden.

BERJAYA Eg er ikkje noko elvefiskar grunna at ein då må bruke makk...
Eg har eit heller dårleg forhold til makk,
og difor må min kjære tre makken på kroken for meg.....
Eg veit at det er skikkeleg teit, men eg klarer berre ikkje ta i makken.
Eg får frysningar og vert uvel av å sjå på, ææææsj.
Dermed kan ein lurer på kva i min tidlege barndom som har gitt meg denne fobien???


BERJAYA Det var veldig kjekt å fiske, men det vart lite fangst.
Eg hadde ein på kroken,
men det gjorde eit byks, og dermed så slo den seg av.
Laurdagsmorgon sto me opp halv 5 for å fiske fram til 12 tida på dagen.
Nydeleg ver, men litt kaldt på morgonen.
Det einaste me høyrde var elvebruset og fuglane som kvitra,
mmmm, herleg å lade batteria.






søndag, juli 15, 2007

Fisketur.

BERJAYA I dag har eg og min kjære vore på fisketur. Eg er glad i å fiske, men eg har aldri fiska med makk i elv før, så dette skulle eg få prøve i dag. Berre for å ha sagt det: eg kan ikkje fordra makk, så den måtte min kjære sette på kroken for meg..... Eg får frysningar av å sjå på dei, sjølv om eg syntes litt synd på makken og, der han hang fast. Hmmm, litt merkeleg, men sånn er det.
Det vart ikkje så mykje aure på oss. Me fekk nokre små som me måtte hive uti igjen, ifølge han som kan dette....Det var ein fin tur, men det regna ganske mykje til å begynne med (flott fiskever), det var veldig ulendt terreng, tett buskas av einer og anna grønt der me gjekk opp og ned ved elva. Siden det er min kjære som er elva fiskar av oss to, så fekk han fiske litt aleine uten å måtte tre på makk for meg. Eg hadde jo fotoapparatet med meg, og då er eg berga.


BERJAYA I skogen er det mange fine motiv. Einerbusken er fin og grøn når sola dukka opp etter regnskyllen.

BERJAYA Ein bitte liten sopp dukka opp nede ved ein trestamme.


BERJAYA
Desse to plantene er ein vill orkide, men eg huskar ikkje namnet på dei.

BERJAYA Eg ønsker meg veldig eit digitalt speilreflekskamera. Det er så kjekt å fotografere, men eg kunne tenkt meg å kunne tatt bilder ennå nærare enn eg kan nå. Det er lov å ønske seg:o)

BERJAYA Blåklokker vaks det også rundt elva. Fine blomen:o)

BERJAYA Som de kan sjå av bildet er min kjære i sitt rette element her. Det er ein fin plass dette, og i enden her ser det brua som går over elva.

BERJAYA
Ganske idyllisk.
Turen var flott, det vart ikkje fisk, men me var fornøyde likevel. Det var godt å vere ute ein heil søndag, men eg vart så trøtt når me kom heim at eg slokna på sofan ei god stund. Sikkert ikkje så lurt når eg skal tidleg på jobb i morgon, men,men.

BERJAYA Her er mine ganske så gjennomvåte sko og føtter....Hehe, deilig.
Ha ei finfin veke alle som kikkar innom:o)