close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231124030235/https://benthilde.blogspot.com/search/label/Skogstur
Viser innlegg med etiketten Skogstur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skogstur. Vis alle innlegg

onsdag, oktober 10, 2007

Ut på tur, aldri sur.....

Vil du vere med på turen eg tok etter jobb i dag?
Den gjekk til Holmavatnet, og turen går i lett stigning på skogsveg. Det var nydeleg klårt haustver i dag.

BERJAYA På min veg er eg alltid på jakt etter nye fotomotiv, og i naturen er det mange flotte former. Eg er glad i hjarteforma, og plutseleg fekk eg auge på eit hjarta på vegen...

BERJAYA Dette var interessant tenkte eg, mon tru om eg kan finne fleire???
Joda, eit stykke til oppi vegen der låg enda eit hjarte.

BERJAYA Nesten oppe ved vatnet snubla eg over eit tredje hjarta. Naturen er ein stor kunstnar som kan forme det meste, også hjarter i stein:o)


BERJAYA

Eg møtte ikkje så mange på min veg, men denne vesle karen måtte eg berre ta bilete av. Ei blank og flott bille. Anar ikkje kva han heiter, men som barn kalla eg desse Tordivel....

BERJAYA Så var me oppe ved Holmavatnet, og kan skrive oss inn i turboka, og så er det strake vegen heim igjen. Turen tok vel 45 min opp og ned:o)

BERJAYA
Måtte me få mange slike dagar i haust:)