close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231124190557/https://benthilde.blogspot.com/search/label/blomar
Viser innlegg med etiketten blomar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomar. Vis alle innlegg

mandag, mars 29, 2010

Om å fryde seg...

Ingen påske uten Pjusken,
og i år når eg drog fram eska han og familien har budd i sidan i fjor,
så hadde dei jammen meg fått nokre fleire kyllingar.
Nå er dei oppe i 8 ongar,
og eg lurar på kva tid dei har tenkt å gje seg.
Pjusken har eg skrevet om tidlegare,
og det kan du lese om HER og HER
*
BERJAYAPerleblomar høyrer våren til
sjølv om dei må vere inne enno.
Det er koseleg å ha litt fargar innomhus
til det startar å sprette fram ute.
*
BERJAYATusenfryd minnar meg om barndommen.
Me hadde hagen full av raude tusenfryd når eg var liten,
og dei var så fine å plukke små bukettar av.
Nå får dei stå på spisebordet og pynte opp til påske.
*
BERJAYAI går kveld kosa eg meg med kaffelade.
Det vil seie kaffi og kakao av mørk sjokolade,
med ein dæsj krem og kanel på toppen.
Det var slett ikkje så lurt
for det var heilt umogeleg å få til å sove når eg la meg.
I grunnen burde eg ha lært snart....
*
BERJAYA Medan eg kosa meg med kaffeladen og radio
så gjorde eg ferdig heklekant på kjolar.
Godt kva som eg gjort,
og nå er det berre resten igjen.
*
BERJAYAHa ein fin dag du som kikkar innom.
Klem H





tirsdag, mai 13, 2008

-- Rosa margerittar --

BERJAYA I eine glaset i terrassedøra heng tre små glasvasar.

BERJAYA Dei kan eg putte små blomar i.

BERJAYA I helga var det rosa margerittar som fekk komme innomhus.


BERJAYAHa ei fin ny veke alle som kikkar innom,
og eg håpar alle har hatt ei strålande
fin Pinsehelg.
****
Det har eg hatt, ivertfall:)




onsdag, mai 09, 2007

Naturbilder, og snart helg....

BERJAYAOg vips, så var eg midt i denne veka. Eg skulle ta nokre bilder til ei oppgåve i dag, så då vart det tatt litt natur bilder også. Det øverste dedikerer eg til eldste datter mi Malin. Ho er hysterisk redd for edderkoppar, men eg synest dei er ganske fascinerande å sjå på. Denne kosar seg inni ein kvitveis eg traff på min veg heim fra skulen i ettermiddag.

BERJAYA Blåe blomar ute i naturen er ganske flott. Eg kjem ikkje på kva denne heiter, men den veks heime også.

BERJAYA
Heggen bløme for fullt her i Notodden, og den er overalt der den kan vekse.

BERJAYA Furutre i froskeperspektiv.



BERJAYA På skulevegen min går eg forbi eit flott gardstun med skigard rundt.




BERJAYA På søndag var me i Stavanger, i konfirmasjon. Før me reiste heim var me innom Svein og Malin for å sjå den nye leiligheten til Svein. Egentleg ville eg berre helse på Melvin,hehe. Det er han det er bilde av her. Han var ein liten(men blir svær) luring som gøymde seg under senga når me kom. Han ville absolutt ikkje helse på oss. Svein måtte til slutt løfte vekk senga for å få han fram.
Han var litt skeptisk til å begynne med, men me kom nå på talefot, og skal nok bli gode venner.
Han er ein skikkeleg skjønn ramp:)
Etter Stavangerturen kjørte eg opp til Notodden, og var framme i halv 2 tida om natta, urgh, eg var trøtt. Elles har det vore travelt med siste oppgåva, og den er eg ferdig med i kveld, og skal levere i morgon.Så då kan det hende eg kjører heim i morgon kveld, og fryd og glede, eg skal ha fri heile neste veke. *gler seg*
Så må alle mine bloggvenner ha ein fin onsdagskveld:o)