close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20231124102908/https://benthilde.blogspot.com/search/label/Melvin
Viser innlegg med etiketten Melvin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Melvin. Vis alle innlegg

onsdag, mai 09, 2007

Naturbilder, og snart helg....

BERJAYAOg vips, så var eg midt i denne veka. Eg skulle ta nokre bilder til ei oppgåve i dag, så då vart det tatt litt natur bilder også. Det øverste dedikerer eg til eldste datter mi Malin. Ho er hysterisk redd for edderkoppar, men eg synest dei er ganske fascinerande å sjå på. Denne kosar seg inni ein kvitveis eg traff på min veg heim fra skulen i ettermiddag.

BERJAYA Blåe blomar ute i naturen er ganske flott. Eg kjem ikkje på kva denne heiter, men den veks heime også.

BERJAYA
Heggen bløme for fullt her i Notodden, og den er overalt der den kan vekse.

BERJAYA Furutre i froskeperspektiv.



BERJAYA På skulevegen min går eg forbi eit flott gardstun med skigard rundt.




BERJAYA På søndag var me i Stavanger, i konfirmasjon. Før me reiste heim var me innom Svein og Malin for å sjå den nye leiligheten til Svein. Egentleg ville eg berre helse på Melvin,hehe. Det er han det er bilde av her. Han var ein liten(men blir svær) luring som gøymde seg under senga når me kom. Han ville absolutt ikkje helse på oss. Svein måtte til slutt løfte vekk senga for å få han fram.
Han var litt skeptisk til å begynne med, men me kom nå på talefot, og skal nok bli gode venner.
Han er ein skikkeleg skjønn ramp:)
Etter Stavangerturen kjørte eg opp til Notodden, og var framme i halv 2 tida om natta, urgh, eg var trøtt. Elles har det vore travelt med siste oppgåva, og den er eg ferdig med i kveld, og skal levere i morgon.Så då kan det hende eg kjører heim i morgon kveld, og fryd og glede, eg skal ha fri heile neste veke. *gler seg*
Så må alle mine bloggvenner ha ein fin onsdagskveld:o)