(Eg var litt for sein å vere med, men pyttsann)
..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
Viser innlegg med etiketten vårteikn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vårteikn. Vis alle innlegg
torsdag, februar 09, 2012
Vårleg vegg
Om det ikkje akkurat er vår ute så har eg laga det litt vårleg i hylla på kjøkkenet.
Gult og turkis er fine og friske vårfargar.
Ugler i mange variantar samlar eg på.
Den gule tøyugla har eg sydd, den lyseblå kjøpte eg hjå Patina for ei stund tilbake,
og den kvite fekk eg til jul av yngste dotter mi.
Eg har fått ein ny Mummikopp kvar gong eg har vore og gitt blod,
men nå har eg så mange at eg må finne noko anna.
Fine er dit ivertfall, kvar og ein.
Litt vår på kjøkkenet hjelper når det er snø og is ute.
Vil du sjå fleire vårlege vegger så kan du kikke inn HER
(Eg var litt for sein å vere med, men pyttsann)
(Eg var litt for sein å vere med, men pyttsann)
tirsdag, februar 16, 2010
Tysdagspyssel
men hjarta er noko av det finaste eg veit,
og vert aldri lei av den forma.
Her er det ein gamal linduk som har fått nytt liv
som hjarte, og fleire skal det bli.
tirsdag, april 14, 2009
Tilbake til kvardagen igjen
påskedagane gjekk fort i år,
men eg fekk nå utretta litt av det eg hadde lyst til.
første fridagen gjorde det godt å sove til eg vakna,
men dei andre dagane hadde eg klokke på.
eg likar å vere først opp,
og vekke dei andre til frukost med fint dekka bord og kokt egg.
veret har vore ganske fint,
og langfredag var det oppe i 17 varmegrader:)
det har blitt fleire fjellturar, masse snop, masse god mat,
godt i glaset, vore leeenge oppe, to turar på kino, meir snop,
quiz, hatt besøk, vore på besøk, lese bok, sett dvd, sydd, laga mat,
og ete snop...
*
og eg er komen fram til at eg er blitt veldig glad i påsken.
mange fridagar, vår ute, kos inne,
og ikkje så mykje mas og jag som føre jul.
*
her er våren komen for fullt,
kvitveis og hestehov bløme om kapp,
bjørka har fått museøyrer, og fuglane kvitrar for full hals.
dette kan me lika!
onsdag, februar 13, 2008
A touch of spring.....
Crocus on a table outside my door.-Danse mot vår-
*
Gjennom regnbuens glans
ser jeg himmel og hav
smelte sammen i soloppgang.
Og mens tankene flyr
våkner sanser til liv
og jorden nynner sin egen sang
*
Jeg vil danse mot vår
kjenne hud møte hud
være ung i et nyfødt år
kjenne liv i min kropp
fra en sol som står opp,
være ung jeg vil danse mot vår
*
I en blomstrende eng
vil jeg vandre av sted
og la sansene finne vei
*
Jeg har vårkjolen på
vinden stryker meg nå.
Jeg byr deg en vals,
kom og dans med meg.
*
Jeg vil danse mot vår
*
Viberg og Løvland
Lightgreen reminds me of spring.Eg måtte kjøpe meg nokre planter til å pynte litt med utforbi døra.
Det vart krokus, perleblom, og denne nederste som liknar på julerose,
men det er det altså ikkje.
Ho eg kjøpte han av visste ikkje kva planta heitte,
men fin er han, ivertfall:)
onsdag, april 18, 2007
Vårtegn
Hestehov er ein fin vårblom der han står å lyser så optimistisk iblant det grå.
Eit par sokkar til er ferdige. Eg har strikka nokre par med barnesokkar, det kan jo komme barnebarn ein gong..Læraren min meinte det måtte vere ein menneskerett å få lære seg å strikke sokkar, og eg er einig med henne,hehe. Sokkar er kjekt å strikke. Så nå veit vel heile slekta kva dei får til jul i år..tjihi.
Tenkte eg skulle vise eit bilde av pulten min på hybelen. Her må det visst ryddast...Det har ein tendens til å hope seg opp på ein plass, og det er her. Så her ligg det strikketøy, broderi, penal, ukeblader underst og bøker oppå, ei innpakka konfekteske, ein rapport, diverse pennar, 2 sakser, cd`ar og ikkje forgløyme tab xtra flaska mi......og sikkert masse heilt underst som eg ikkje ser.
Tenkte eg skulle vise eit bilde av pulten min på hybelen. Her må det visst ryddast...Det har ein tendens til å hope seg opp på ein plass, og det er her. Så her ligg det strikketøy, broderi, penal, ukeblader underst og bøker oppå, ei innpakka konfekteske, ein rapport, diverse pennar, 2 sakser, cd`ar og ikkje forgløyme tab xtra flaska mi......og sikkert masse heilt underst som eg ikkje ser.I ettermiddag har eg gått tur rundt vatnet, som eg faktisk har gjort kvar dag denne veka. Eg har bestemt meg for å vere flinkare til å gå tur, så nå er eg i gang. Turen tar ca 45 min, og det er akkurat passe:)
I morgon skal eg heim til min kjære. Eg tar halv 4 bussen og då er eg heime i halv ti tida. Gler meg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.








