Eg storkoser meg på skulen med alt me held på med der. Og det er å male eit stilleben inspirert av ekspressjonismen, og lage ein "krympeboks" i tre, + at eg skal teikne to studier av ein grønnsak, frukt, ol.....Neste veke skal me levere inn alt me har laga til nå, og lage ei lita utstilling av det. Eller, det er vel strengt tatt neste veke der igjen, (v.39).
På fredag hadde eg vinklubb heime hos meg. Det er ikkje noko fancy greier altså, med smake,gurgle og spytte ut. Neida, me drikke det opp alt i hop, hehe.Altså me er 5 venninner, derav 3 er søstre, som møtes sånn ca 1 gang i mnd, og koser oss med god mat og vin. Eller det skal vere ca 1 gang i mnd, men nå var det så langt tilbake som mars!!!!at me hadde vore samla. ( Bryllupet i juni vart ikkje rekna med.)
Me har halde på i mange år, og har lagt vekk litt penger kvar gong. Nå har me så masse penger at me måtte reise på tur. Det er ikkje lett å finne ein dag som passar for alle 5 når me skal ha klubb, så tenk på korleis det var å finne ein dato som passa alle å reise på tur......Men tenk *trommevirvel* 10 april 2008, reiser me til Riga på SPA hotell, og skal vere der til den 14 april. Jippi.
Kan tru me gler oss til dette:o)
Eit lite utval av vinen som vart drukket på fredag, hehe:o)
Laurdag 17 november skal me på "Raske menn" på Festiviteten i Haugesund. Det er heile teatergruppa som mannen i huset er med i, som skal.
..på "Honk", familiemusikalen om den stygge andungen. Yngste datter til ei venninne av meg spelar i den, så det hadde vore kjekt å sett og høyrt henne. 

Formed in 2009, the Archive Team (not to be confused with the archive.org Archive-It Team) is a rogue archivist collective dedicated to saving copies of rapidly dying or deleted websites for the sake of history and digital heritage. The group is 100% composed of volunteers and interested parties, and has expanded into a large amount of related projects for saving online and digital history.

