Khanti er eit språk som høyrer til den ugriske undergruppa i den finsk-ugriske greina av den uralske språkframilien. Den ugriske undergruppa inneheld språka khanti, mansi (vogulsk) og ungarsk. Khanti og mansi blir kalla Ob-ugriske språk.
Språket blir snakka i Russland – i Det khanty-mansiske autonome området og Jamal-Nenets autonome område, rundt elva Ob i det vestlege Sibir.
Dialektskilnadene er store, og ein må rekne med to forskjellige språk – nordkhanti og austkhanti – som ikkje er innbyrdes forståelege. Eit tredje språk, sørkhanti, døydde truleg ut tidleg på 1900-talet.
Endonymet for khanti – på nordkhanti – er khănty jasăŋ хӑнты ясӑӈ. Khanti blei tidlegare omtala med eksonymet ostjakisk.
Khanti blir snakka av i underkant av 10 000 menneske over eit område som er over dobbelt så stort som Noreg. Nord-khanti har nærmare 9000 talarar, mens aust-khanti har kring 1000.

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.