Wurtzitt
| Wurtzitt | |||
| | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Sulfidmineral | ||
| Kjemisk formel | (Zn,Fe)S | ||
| Strunz-klassifisering | 02.CB.45 | ||
| Dana-klassifisering | 02.08.07.01 | ||
| Identifikasjon | |||
| Farge | Brunaktig svart, oransjebrun, raudaktig brun, svart | ||
| Krystallform | Radiale klasar og kolloforme skorper og klumpar. Òg som lagdelte krystallar. | ||
| Krystallsystem | Heksagonal diheksagonal pyramideforma H-M symbol (6mm) Romgruppe: P63mc | ||
| Kløyv | [1120] og [0001] | ||
| Brot | Ujamn | ||
| Mohs hardleiksskala | 3,5-4 | ||
| Glans | Harpiksglans, briljant submetallisk på krystallflater | ||
| Strekfarge | lysebrun | ||
| Transparens | Gjennomskinneleg | ||
| Spesifikk vekt | 4,09 målt, 4,10 utrekna | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Optiske eigenskapar | Einaksa (+) | ||
| Brytingsindeks | nω = 2,356 nε = 2,378 | ||
| Andre eigenskapar | Ikkje-magnetisk, ikkje radioaktiv | ||
| Kjelder | [1][2][3] | ||
Wurtzitt er ein naturleg førekommande sinksulfid, ZnS, som er kjent i fleire polytype forma med heksagonal eller trigonal symmetri. Det er mykje sjeldnare enn den kubiske modifikasjonen av ZnS, sfaleritt (sjå polymorfi). Det opptrer ofte samanvoksen med sfaleritt i enkelte sinkførekomstar.
Det vart først skildra i 1861 etter ein førekomst i San José-gruva i Oruro by i Cercado-provinsen i Bolivia og kalla opp etter den franske kjemikaren Charles-Adolphe Wurtz.[2] I Europa har ein funne mineralet i Příbram i Tsjekkia, Hessen i Tyskland og Liskeard i Cornwall i England. I USA er det funnen i Litchfield County i Connecticut; Butte i Silver Bow County i Montana, i Frisco i Beaver County i Utah og Joplin-området i Jasper County i Missouri.[1] Wurtzitt er ikkje påvist frå Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«wurtzitt» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Wurtzite» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«wurtzitt» i Store norske leksikon, snl.no.
