Mildrid
Utsjånad

Mildrid og Mildred er kvinnenamn av gammalengelsk opphav. Mildrid har norsk namnedag den 13. juli.[1]
Det gammalengelske Mildþryð er sett saman av milde, ‘mild’, og þryð, ‘styrke’.[2] Den norrøne forma av namnet var Mildríðr.[1] Den heilage Mildred var ei abbeddise som levde på 600-talet. Namnet blei mindre vanleg etter normannarstyret tok til i 1066, men blei teke meir i bruk igjen på 1800-talet.[2]
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Mildred Harris (1901–1944), USA-amerikansk skodespelar, gift med Charlie Chaplin
- Mildred Bailey (1907-1951), USA-amerikansk jazzsongar, fødd Mildred Rinker.
- Mildred «Babe» Didrikson (1911-1956), norsk-amerikansk idrettsutøvar, fødd Mildred Ella Didriksen, gift Zakarias.
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- Asteroiden 878 Mildred
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Mildred (kvinnenamn)» i Store norske leksikon, snl.no.
- 1 2 «Mildred», behindthename.com
