Dysenteri
| Dysenteri | |||
| Ein soldat med dysenteri i 'F' & 'H' Force Hospital i Canchanburi i Siam. Teikning av Charles Thrale, 1943. | |||
| Felt | Infeksjonssjukdom | ||
|---|---|---|---|
| Symptom | Blodig diare, magesmerte, feber[1][2] | ||
| Årsaker | Vanlegvis Shigella eller Entamoeba histolytica[1] | ||
| Risiko | Ureining av mat og vatn med avføring grunna dårlege sanitærforhold[3] | ||
| Mottiltak | Handvask, matvaretryggleik[4] | ||
| Behandling | Ta til seg nok væske, antibiotika i alvorlege tilfelle[4] | ||
| Frekvens | Opptrer ofte i mange delar av verda[5] | ||
| Varigheit | Under ei veke[4] | ||
| Komplikasjonar | Dehydreringref name=EMRO2019/> | ||
| Diagnose | Basert på symptom, avføringsprøve | ||
| Klassifikasjonar og ressursar | |||
| MeSH | D004403 | ||
Dysenteri er ein akutt tarminfeksjon som fører til blodig diare.[1][6] Andre symptom kan vera feber, magesmerter og ei kjensle av at ein stadig treng å gjera frå seg.[2][3][7] Komplikasjonar av sjukdommen kan vera dehydrering.[8]
Sjukdommen kan oppstå på grunn av bakteriar eller amøbeinfeksjon. Dysenteri blir vanlegvis forårsaka av bakteriar frå slekta Shigella, og er då kjend som shigellose, eller av amøben Entamoeba histolytica; det blir då kalla amøbedysenteri eller amøbiasis.[1] Andre årsaker kan vera visse kjemikal, andre bakteriar, andre protozoar eller parasittiske ormar.[2] Den underliggjande mekanismen involverer betennelse i tarmen, særleg i tjukktarmen.[2]
Dysenteri kan smitta mellom menneske.[4] Risikofaktorar for sjukdommen er mellom anna ureining av mat og vatn med avføring på grunn av dårlege sanitærtilhøve.[3] Epidemiar av dysenteri kan særleg oppstå i samband med naturkatastrofar, krigsforhold og i fangeleirar.[9]
Det finst inga vaksine mot dysenteri, men det blir gjort forsøk på å utvikla vaksine.[10][11]
Sjukdomen kan behandlast med drikkeløysing eller intravenøs væsketilføring. Shigellose kan behandlast med antibiotika som ciprofloksacin eller TMP-SMX. Amøbedysenteri blir ofte behandla med to antimikrobiale middel som metronidazol og paromomycin eller iodoquinol.[12]
Shigella dysenteriae er den farlegaste shigellaarten, og finst berre i tropiske område. S. sonnei og S. flexneri, som ein har funne i Noreg, og står for mindre farlege sjukdommar.[13]
Shigella fører til rundt 165 millionar tilfelle av diare og 1,1 millionar dødsfall i året. Nesten alle tilfelle opptrer i u-land.[5] Folkehelseinstituttet tel kring 150 tilfelle av shigellose årleg i Noreg, dei fleste med opphav i Afrika eller Asia.[13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 «Dysentery». who.int. Arkivert frå originalen 5. desember 2014. Henta 28. november 2014.
- 1 2 3 4 «Dysentery» i Dorland's Medical Dictionary
- 1 2 3 Marie C, Petri WA (August 2013). «Amoebic dysentery». BMJ Clinical Evidence 2013. PMC 3758071. PMID 23991750.
- 1 2 3 4 «Dysentery». nhs.uk (på engelsk). 18. oktober 2017. Henta 15. november 2019.
- 1 2 «Dysentery (Shigellosis)» (PDF). WHO. november 2016. s. 2. Arkivert frå originalen (PDF) 20. september 2018. Henta 15. november 2019.
- ↑ «Controlling the Spread of Infections in Evacuation Centers |Health and Safety Concerns». U.S. Centers for Disease Control and Prevention. Henta 15. november 2019.
- ↑ Tribble DR (September 2017). «Antibiotic Therapy for Acute Watery Diarrhea and Dysentery». Military Medicine 182 (S2): 17–25. PMC 5650106. PMID 28885920. doi:10.7205/MILMED-D-17-00068.
- ↑ «WHO EMRO | Dysentery | Health topics». www.emro.who.int. Arkivert frå originalen 15. november 2019. Henta 15. november 2019.
- ↑ «bakteriell dysenteri» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Mani S, Wierzba T, Walker RI (juni 2016). «Status of vaccine research and development for Shigella». Vaccine 34 (26): 2887–2894. PMID 26979135. doi:10.1016/j.vaccine.2016.02.075.
- ↑ «WHO vaccine pipeline tracker». World Health Organization (på engelsk). Arkivert frå originalen 25. juli 2016. Henta 21. juli 2016.
- ↑ «Chapter 3 Infectious Diseases Related To Travel». CDC. 1. august 2013. Arkivert frå originalen 14. juli 2014. Henta 9. juni 2014.
- 1 2 «shigellose» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Dysentery» frå Wikipedia på engelsk, den 13. april 2026.
